Hopp til innhold

Gir seg ikkje i kampen for Flora lufthamn

Dyrare flybillettar til og frå Florø får regjeringspartia til å gå i tottane på kvarandre. Høgre-politikar Bjørn Hollevik er klar for å kjempe for saka på Stortinget dei neste månadane.

Bjørn Hollevik

FORUNDRA: Høgre-politikar Bjørn Hollevik likar svaret frå samferdsleministeren svært dårleg.

Foto: Anna Gytri / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp vil nemleg ikkje oppheve kommersialiseringa av Flora lufthamn.

Hollevik fryktar høgare billettprisar og færre avgangar.

– Eg er svært overraska over det bastante svaret frå statsråden. Eg føler det ikkje blir teke høgde for alvoret i situasjonen i svaret hans.

– Svaret er uforståeleg

Det er full krangel mellom regjeringspartia om flyplassen i Florø.

Frå 1. april i år skal alle flyrutene på Flora lufthamn etter planen konkurranseutsetjast. Det får konsekvensar i form av auka maksprisar og redusert tilbod, fordi trafikken på flyplassen har gått kraftig ned.

Frykta i Florø er at billettprisane skal ta av og gjere det svindyrt å reise med fly for eit næringsliv der særleg oljebransjen strevar.

På spørsmål frå Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet har samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen svart at det ikkje er aktuelt å endre på vedtaket om å kutte ut statlege rutekjøp.

Hollevik er forundra over statsråden fordi fleirtalet i transportkomiteen i ein merknad før jul sa at utviklinga ved Florø lufthamn skal følgjast nøye, med mål om god kvalitet til fornuftig pris.

– For meg er svaret hans uforståeleg sett opp mot komitemerknaden, som også Frp stilte seg bak. Der understrekar dei alvorleg ved situasjonen i Florø. Det å setje ein slik bastant strek som ministeren gjer, det forundrar meg.

Ketil Solvik Olsen

NEKTAR SNU: Samferdsleministeren vil ikkje endre vedtaket om å kutte ut statlege rutekjøp.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Avviser kritikken

Frank Willy Djuvik

BETRE: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner flytilbodet i Florø vil bli betre med fri konkurranse.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har ikkje kommentert saka til NRK. Men partifelle Frank Willy Djuvik frå Florø meiner Hollevik skyt over mål når han viser til Stortinget.

– Merknaden betyr at ein skal følgje situasjonen. Korleis Bjørn Hollevik tolkar dette til at vedtaket skal gjerast om, det skjønnar eg rett og slett ikkje.

Han er godt nøgd med at kommersialiseringa blir ståande og minner om at endringane som er varsla i rutetilbodet er innanfor det Widerøe kan gjere også innanfor den gamle konsesjonsordninga. Han trur den frie konkurransen vil sikre eit billegare og betre rutetilbod.

– Totalt sett får vi eit betre tilbod ved Flora lufthamn med kommersialisering enn vi ville hatt innanfor anbodssystemet.

Fryktar for næringslivet

Ola Teigen

ORDFØRAR: Også Ola Teigen er uroa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men Hollevik er usamd. Dei neste tre månadane møter han på Stortinget for Bjørn Lødemel som skal på kurs, og Hollevik varslar kamp.

– Eg vil jobbe vidare med saka.

Også Ap-ordførar Ola Teigen i Flora er uroa. Næringslivet i byen merkar oljenedturen godt, ordføraren fryktar eit dårleg flytilbod vil gjere det endå vanskelegare.

– Vi er redde det skal bli vanskelegare å drive næringsverksemd. Næringslivsrepresentantane vi har snakka med seier det er mindre aktuelt å bruke Flora lufthamn i framtida, og det betyr at deira verksemd kan bli hemma og kanskje svekka.