Hopp til innhold

Følg Sogndal direkte: Ender opp på kvalifiseringsplass med tap

SOGNDAL (NRK): No står Sogndal med tre strake tap og klokka 18.00 møter dei tabellnabo Kristiansund. Med tap vil dei hamna på kvalifiseringsplassen mot nedrykk.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal (2-1)

Kjetil Wæhler soner karantene etter tre gule kort. Bjørn Inge Utvik er skadefri og kan bli hans erstattar frå start.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sist Sogndal møtte Kristiansund i serien var tilbake i mai, ein månad der Sogndal tok poeng jamt og trutt. Kampen mellom laga enda med poengdeling etter at Eirik Schulze sikra 1–1 med ei utlikning i andre omgang.

Onsdag denne veka signerte Sogndal nok ein ny spelar, før overgangsvindauget stengde. Mohamed Dide Fofana kom frå israelske Haifa FC. Fofana er frå Guinea i Vest-Afrika.

Sogndal må klara seg utan stopparveteran Kjetil Wæhler som soner karantene, etter at han fekk sitt tredje gule kort for sesongen mot Sandefjord førre fredag. Det same gjeldt Per-Magnus Steiring, som også har spelt fast i forsvar dei siste kampane.

Sogndal stiller med dette laget, og i forsvaret har dei ein snittalder på 19,6 år.

SOGNDAL (3–4–3): Mathias Dyngeland – Bjørn Inge Utvik, Reiss Greenidge, Ulrik Fredriksen – Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Bendik Bye.

Benken: Tarjei Omenås, Mohamed Didé Fofana, Stanisa Mandic, Eirik Skaasheim, Joachim Soltvedt, Johan Hove og Markus Brændsrød.

Her kan du høyre den 20 serierunden på radio.

Laster innhold, vennligst vent..