Hopp til innhold

Uavgjort mellom Sogndal og Kristiansund

Ein bortesiger hadde gjort godt for Sogndal etter tapet mot Brann i førre serierunde. Det enda likevel berre med uavgjort i kampen mot Kristiansund i kveld.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund-Sogndal.

HARDE TAK: Det var ein jamn kamp mellom Sogndal og Kristiansund, som enda 1–1.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

– Vi spelte greitt dei første tjue minutta, men etter det var Kristiansund gode, tykte eg. Det seier Sogndaltrenar Eirik Bakke etter kampen.

Det er ikkje første gong Sogndal og Kristiansund spelar 1 – 1, og særleg når sogningane har bortebane ser det ofte ut til å ende uavgjort.

– Det er tøft å spele her oppe når det bles og regnar slik det gjer i dag, seier Bakke.

Sogndal hadde før kveldens kamp fem tap, tre uavgjort og tre sigrar. Etter uavgjort i Kristiansund har sogningane 12 poeng. Det betyr at det berre er 1 poeng ned til Lillestrøm, som ligg på nedrykksplass.

– Det er viktig for oss å få med oss eitt poeng her i dag, ikkje minst mot eit lag som sannsynlegvis kjem til å vere med å kjempe mot oss på tabellen.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund-Sogndal.

BEGGE FORNØGDE: Eirik Bakke trur begge lag var fornøgde med eitt poeng etter kampen i kveld.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Heimelaget tok føringa

Det var Jean Alassane Mendy som sende heimelaget opp i leiinga etter 36 spelte minutt. Sogndalspelar Chidiebere Nwakali sende ballen bakover, med ei pasning som vart fanga opp av Mendy og sett i sogndalburet.

– Å få med oss poeng på ein dag der ikkje alt fungerer er jo kjekt. Vi var ikkje oppe på det nivået som vi har vore tidlegare i år i dag. Kristiansund er eit godt fysisk lag som er vanskeleg å møte her når dei har heimebane.

Etter pause verka det som Sogndal hadde meir energi, og etter 58 minutt utlikna Eirik Schulze til 1–1.

– Eg såg med ein gong at eg fekk tid til å avslutte, så då berre gjekk eg på. Og det gjekk jo bra, seier Schulze

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund-Sogndal.

TØFF KAMP: Sogndaltrenar Eirik Bakke seier at det er tøft å møte Kristiansund borte. Her er du han under kampen i kveld.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Møter Florø i cupen neste

Neste kamp for Sogndal er ein lokal cupkamp mot naboen i vest, Florø fotball.

– Det er eit køyr med kampar no i mai, men vi får berre kvile godt nokre dagar, så er vi klar til å møte Florø på onsdag, seier Schulze.

Laster innhold, vennligst vent..