Hopp til innhold

Innbytar øydela for Sogndal

Bohinen si omlegging til 3-5-2 løyste opp Sogndal-presset og gav Sandefjord tre poeng etter scoring i siste ordinære speleminutt av innbytar Eirik Mjelde.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal

FØRSTE: Reiss Greenidge (t.v.) scorar Sogndal sitt første mål bak Sandefjord-keeper Ingvar Jonsson.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Med trenar Eirik Bakke på tribunen gjekk Sogndal på sitt fjerde strake tap i eliteserien og kan ende på kvalifiseringsplass før helga er omme.

Lars Bohinen var ein letta Sandefjord-trenar etter kampen.

– Dette vart meir nevepirrande enn eg håpa på, spesielt etter ein dårleg førsteomgang. Vi endra til 3-5-2 og lukkast med det. Vi tok presset og banespelet frå Sogndal, seier Bohinen til Eurosport.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal (2-1)

SCORA: Erik Nævdal Mjelde jublar saman med kaptein Håvard Storbæk (t.v.) etter å ha scora Sandefjord sitt vinnarmål like før slutt.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Sluttminuttane

Sandefjord scora i siste ordinære minutt av kvar omgang, etter at Sogndal hadde hatt presset og det meste av spelet, spesielt i første omgang.

I det 90. minutt sålerullar Grossmüller ein tunnel på ein sogndalspelar, før Eirik Mjelde headar ballen i mål frå seks meter.

Sandefjord ligg no på femte plass med 27 poeng, etter å ha blitt tippa ned og heim før sesongstart.

– Vi har tenkt å vere på femteplass heile helga, smilte Bohinen til Eurosport.

– Surt

Kjetil Wæhler som var tilbake i sogndaltrøya var mindre nøgd etter kampen.

Han fekk mange av domaren sine avgjerder mot seg. Mellom anna pådrog han seg det tredje gule kortet, og må stå over neste kamp.

– Dette er surt, for eg synest vi var best. Vi spelar fotball, men slepp inn mål seint i begge omgangane.

Han tykkjer dommaren var lite konsekvent.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal (2-1)

SKUFFA: Sogndal sin Victor Grodås ser skuffa ut etter at Sandefjord avgjorde i siste ordinære speleminutt.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Litt pinleg dømming. Det gule kortet er greitt. Men utover kampen veit ein aldri kva veg dommaren skal blåse. Det er ikkje frøkenfotball vi spelar. Det er to lag som kjempar og krigar, seier Wæhler, som har vore viktig for Sogndal denne sesongen.

– Ikkje gult

Flamur Kastrati på Sandefjord var frustrert over at han fekk gult kort for filming i det 64 minutt. Dommaren meinte han prøvde å filme seg til straffespark.

– Det er kontakt mellom meg og sogndalspelaren. Og straffe eller ikkje straffe, gult kort var det i alle fall ikkje!, seier Kastrati til Eurosport.

Sogndal gjekk hardt ut frå start og pressa vertane høgt oppe på bana i første omgang.

Kanskje vel hardt for Kjetil Wæhler sin del. Han fekk gult kort berre 12 minuttar inn i kampen. Dermed må den viktige 41-åringen for Sogndal stå over neste kamp.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal (2-1)

GULT: Dommer Martin Sleire Lundby gir gult kort til Flamur Kastrati (t.h.) for filming. Det gjorde Sandefjord-spelaren rasande.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Sogndal pressa

Sogndal var frampå fleire gonger, spesielt på cornerar, som Sandefjord avviste gong på gong. Bortelaget klarte å hindre vertane i å kome til sjansar med eit kompakt forsvar.

Men så, på overtid i første omgang fekk Sandefjord utteljing. Corneren frå Joachim Olsen Solberg skifta retning og kaptein Håvard Storbæk pirka ballen over streken i høgre hjørne. Dette var Sandefjord sin andre store sjanse i omgangen.

I andre omgang gjekk Sogndal rett i strupa på Sandefjord og fekk betalt for det massive presset etter berre tre minutt. Eirik Birkelund fann ballen på venstresida og slo opp mot Reiss Greenidge, som nikka inn sitt første mål for Sogndal. Briten på 195 centimeter debuterte for Sogndal helga før.

Krona på verket var innbytar Eirik Mjelde, som avgjorde for Sandefjord i det siste ordinære speleminutt, 17 minuttar etter at han kom inn på bana.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Sogndal (2-1)

RÅD: Kjetil Wæhler gir instruksar til innbytar Bjørn Inge Utvik, som var tilbake etter beinbrotet i vår.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Luktar nedrykk

Sogndal har 20 poeng etter kampen og luktar no på nedrykk, berre to poeng framfor Kristiansund som ligg på kvalifiseringsplassen. På dei fire siste kampane har det berre blitt eitt poeng, med uavgjort borte mot Viking.

Sandefjord på si side har vunne to på rad, og har kontakt med laga som kjempar om medaljar. Men det er tett mellom laga frå 5.-plass og ned til Sogndal på 13.-plass. Berre fem poeng skilte før kampen.

Laster innhold, vennligst vent..