Hopp til innhold

Følg Florø direkte: Jaktar sin sjette strake siger

FLORØ (NRK): Fem strake sigrar har ført Florø opp på kvalifiseringsplass til eliteseriespel. Kan den gode forma halde fram?

Florø-Fredrikstad. Endre Kupen scoring

MEIR JUBEL?: Juni og juli har vore eit eventyr for Florø, med seks av sju mogelege sigrar. Mot Kongsvinger kan dei ta sin sjette strake.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE: 70 min: Andre omgang har vore jamn, men det er gjestane som har hatt dei største sjansane. Kan heimelaget stå imot dei siste 20 minutta?

45 min: Og der satt den for Florø. I omgangens siste minutt er kaptein Vegard Gjermundstad høgast av alle på ein corner frå Christer Husa og stangar heimelaget i føringa. Fullt fortent.

35 min: No svingar det fram og tilbake her. Niklas Castro fekk ballen aleine gjennom med Florø-keeper Nicklas Frenderup. Han fekk finta vekk keeper, men i siste sekund fekk Vegard Gjermundstad kasta seg inn og blokkert. Så var det Florø sin tur, først eit langskot som gjekk via ein KIL-forsvarar og ut rett utanfor målet baken ein utspelt Kongsvinger-keeper.

17. min: Enorm trippelsjanse for Florø. Runar Hove er sterkast i feltet på ein corner, og headar i tverrliggaren. Så er får dei to sjansar på returen, men begge vert blokkert av forsvaret. Der burde det ha stått 1–0.

15 min: Dei første femten minutta har vore jamnspelte, men det har vore Florø som har vore nærast scoring. Både etter få minutt etter ei heading frå Alioune Ndour og Endre Kupen som var ei blokkering unna å sende heimelaget i føringa. Gjestane har fått fleire corner og frispark i god posisjon, utan å skapa dei heilt store sjansane.

Kveldens motstandar er Kongsvinger. Den første kampen mellom laga tidlegare i vår enda med 2–1-tap, etter at Florø tok leiinga 1–0.

Før sesongen tippa Eurosport sin fotballekspert Roger Risholt Florø som soleklar nedrykkskandidat, og trass i ei god avslutninga på vårsesongen stod han på tipset i slutten av juli.

Men då han kåra dei beste spelarane og trenarane i førstedivisjon gjennom sommaren på eurosport.no tidlegare denne veka var Florø godt representert. Endre Kupen topp lista over spelarar, men Risholt hadde også fått plass til Runar Hove på topp ti lista. Blant trenarane var det Terje Rognsø som hadde imponert mest.

Og Florø stiller med desse 11 frå start:

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christer Husa – Luc Jeggo, Stefan Aase, Peter Aase – Alioune Ndour, Endre Kupen, Mounir Benmoussa.

Og medan du ventar på kampen kan du lesa desse sakene:

4-4-2-radiosporten heldt deg oppdatert med alle resultata frå eliteserien og førstedivisjon.

Laster innhold, vennligst vent..