– Vil vere politisk bombe
Dei siste to åra har det vore ein intens vegstrid i Nordfjord om kvar E39 skal krysse fjorden i framtida. Striden har gått mellom Gloppen og Eid i midtre, og Stryn og Hornindal i indre. Den førre regjeringa klarte ikkje å ta av avgjerd før valet, og dermed er det den nye regjeringa som skal bestemme kvar vegen skal gå.
Politikarane i Møre og Romsdal har teke kraftig til orde for ein indre trasé gjennom Nordfjord. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap), reknar med at det blir den indre lina som blir valt for Nordfjord til slutt.
– Ja, dette forventar eg. Alt anna vil vere ei politisk bombe, seier han til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur på midtre
Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er ein av dei som har lenge har kjempa for framtidig ferjefri E39 skal gjennom det midtre alternativet. Det vil seie å krysse Nordfjorden med bru mellom Anda og Lote. Han er spent føre møtet i kveld.
– Eg har forventningar om at statsråden kjem med ope sinn, og at han er oppriktig interessert i å finne den beste løysinga for utvikling av regionen og Vestlandet. Eg håper han ser at tida er over for politiske hestehandlar. No skal vi velje den E39-løysinga som er best fram i tida, seier han.
– Du kjempar for midtre, meiner du dette er det beste alternativet for alle?
– Midtre er best for dei aller fleste. Indre Nordfjord har god veg til Sunnmøre gjennom Kvivsvegen. Ved å leggje vegen om midtre, tener det heile regionen best, seier han.
Innlegg frå mange i kveld
I kveld er det møte i Ørsta om E39-traseane, og du kan følgje det heile i nett-TV frå klokka 20:15. Det blir innlegg frå begge dei to fylkeskommunane, stamvegutvalet for E39, 11 kommunar og fire vegselskap. Tysdag blir det synfaring gjennom begge dei to alternativa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dette er tidsplanen for synfaringa tysdag:
- 08.15 Buss Ørsta-Volda
- 08.30 Ferje Volda-Folkestad
- 08.45 Folkestad-Lote Stopp ved brukryssing Voldafjorden og Eid. Medietreff ved Lote ferjekai kl. 09.45
- 10.00 Ferje Lote-Anda
- 10.15 Anda-Byrkjelo Korte stopp
- 10.50 Byrkjelo-Innvik Stopp nord for Byrkjelo, Innvik
- 11.30 Innvik-Loen Korte stopp
- 12.00 Hotell Alexandra Kort lunsj
- 12.20 Loen-Grodås Mediatreff ved Svarstad (kjettingplassen) kl. 12.35
- 13.10 Grodås-Hareid Stopp Kvivsvegen, Hjartåberga, brukryssing Ørstafjorden, brukryssing Sulesund. Medietreff ved Hareid ferjekai kl. 14.45
- 15.00 Ferje Hareid-Sulesund
- 15.45 Ferje Solavågen-Festøy Medietreff om bord i ferja
- 16.10-16.55 Festøy-Ørsta Stopp brukryssing Storfjorden