Hopp til innhold

Meiner vegstrid er øydeleggande - vil samle seg til fred og forsoning

– Vegstriden i Nordfjord er øydeleggande og skapar mistillit i regionen, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Kart E39, Sven Flo og Alfred Bjørlo

STRID OM KVAR VEGEN SKAL GÅ: Dei siste to åra har Nordfjord vore rysta av ein intens vegstrid om kvar E39 skal krysse fjorden i framtida. Ordførarane Svein Flo i Stryn og Alfred Bjørlo i Eid seier begge at dei håper på samarbeid framover.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eid-ordføraren meiner regionen er i ferd med å tape alt på at ordførarane ikkje klarer å samarbeide. Han tar til orde for samling med forsoning.

– Det har vore ein stillingskrig og ein situasjon i Nordfjord dei siste åra, der alt har gått i lås på vegsida, seier han.

Ein lammande strid

Dei siste to åra har Nordfjord vore rysta av ein intens vegstrid om kvar E39 skal krysse fjorden i framtida. Regjeringa har framleis ikkje greidd å bestemme seg. Striden har smitta over på andre områder kommunane burde samarbeide om, meiner Bjørlo.

– Ytre, midtre og indre burde sett seg ned og laga nokre felles prosjekt. I staden har vi fått ein situasjon der vi har slåst innbyrdes og det har vore gjensidig mistillit.

Han seier striden rundt framtidig E39 har vore lammande og at dette har slege over på prosessar rundt fylkesvegar.

– No står Nordfjord utan ein felles vegstrategi og tilliten internt i regionen er bygd kraftig ned i samferdslespørsmålet, seier han.

Tykkjer det er synd

Striden har gått mellom Gloppen og Eid i midtre, og Stryn og Hornindal i indre. Men også resten av kommunane har på ulike vis gjort seg til fiendar med kvarandre. Høgre-ordførar Sven Flo i Stryn ser at E39-striden skuggar for anna samarbeid.

– Debatten rundt E39 har vore eit bakteppe i andre diskusjonar om moglege samarbeidsløysingar i Nordfjord. Vi har mange døme på at vi finn gode måtar å samarbeide på, men det er klart at E39 vil liggje som eit bakteppe og det tykkjer eg er synd, seier Flo.

Han er nyleg blitt leiar i Nordfjordrådet som skal vere samarbeidsorganet mellom kommunane. Han trur rådet kan vere ein del av løysinga.

– Eg meiner dette er ei sak vi må jobbe med kvar dag i Nordfjordrådet. Eg er oppteken av vi skal finne gode felles løysingar for Nordfjord. Skal vi stå sterke i framtida, er dette naudsynt, seier Flo.

Ryssdal: – Vi kan lære av andre

Anders Ryssdal

VIL SJÅ TIL ANDRE: Senterparti-ordførar Anders Ryssdal i Gloppen meiner ein kan lære av andre regionar, som til dømes det dei har fått til med Førde-pakken.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterparti-ordførar Anders Ryssdal i Gloppen meiner ein kan lære av andre regionar.

– Vi kan sjå på Førde-pakken der kommunane i Sunnfjord har fått til semje som gir gode løysingar.

– Men Alfred Bjørlo i Eid inviterer nærast til å setje seg ned og røyke fredspipe, er dette noko du vil vere med på?

– Vi treng vel ikkje røyke mange drag, for å seie det på det måten, seier han.

Men før dei byrjar med fredspiperøykinga må regjeringa bestemme seg, seier han.

– Då gjeld det å leggje bak seg dei diskusjonane som har vore og prøve å samle seg i samferdslesaker, seier Ryssdal.

– Ingen av oss er skuldfrie

Eid-ordførar Alfred Bjørlo seier ingen har vore skuldfrie i det som har skjedd dei siste åra.

– Det har vore to tunge og vanskelege år knytt til dei store vegsakene i Nordfjord.

– Har du sjølv bidrege til å skape denne mistilliten ved å opptre som grendepolitikar ved å kjempe for dine vegprosjekt i Eid?

– Det er godt mogleg. det er sikkert mange som meiner det. Men vi har roller der vi både er ordførarar og fylkesrepresentantar, men ingen av oss er skuldfrie.

Ordførar Sven Flo i Stryn understrekar at kommunar aldri kjem til å vere einige om alt.

– Vi vil aldri komme utanom det at kommunar vil kjempe for sine innbyggjarar. Slik vi er organisert og strukturert, vi må streve etter å få dempa eventuelle konfliktar og prøve så langt som mogleg å bli samde om nokre fellestrekk, seier Flo.