Hopp til innhold

Regjeringa tapte kamp i Stortinget – vil likevel flytte statlege arbeidsplassar

Storbyar utanom Oslo skal ikkje tappast for statlege stillingar, har Stortinget bestemt. No varslar Peter Frølich (H) at saka kan bli mat for kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Torskeegg samles inn med håv. Fiskeridirektoratet.

Striden om stillingane i Fiskeridirektoratet vil ingen ende ta. På bildet blir torskeegg samla inn med håv ein stad i Norskehavet.

Foto: Fiskeridirektoratet

– Regjeringa har ikkje følgt opp det krystallklare vedtaket til Stortinget, seier Peter Frølich i Høgre.

Peter Frølich

Peter Frølich i Høgre leiar Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Foto: William Jobling / NRK

Lenge har politikarane vore samde om at det er bra for Noreg å flytte statlege arbeidsplassar ut i distrikta.

Men det er usemje om stillingane skal bli henta frå Oslo, eller om det også er greitt å ta dei frå dei andre store byane, som Bergen, Stavanger og Trondheim.

I fjor skapte det oppstandelse og «Vestlandsopprør» då regjeringa ville flytte enkelte leiarstillingar i Fiskeri­direktoratet frå Bergen til Nord-Noreg.

Dei fekk motsett beskjed frå Stortinget: I ein ny marsjordre heitte det at det berre er hovudstaden som skal betale prisen for utflyttinga.

Men no seier regjeringa at praksisen held fram som før. Og at dei med det har følgt opp beskjeden frå Stortinget.

Det reagerer fleire parti på.

– Det er enkelt å sjå at Stortinget hadde ein annan intensjon med forslaget enn det regjeringa no praktiserer, seier Raudt-politikar Seher Aydar.

Les også Regjeringen må svare for muntlig melding om å vrake prestisjesatsing i Bergen

Dokken

Opprøret som førte til snuoperasjon

Allereie i fjor sådde regjeringa tvil om kor vidt stortingsvedtaket ville få nokon konsekvensar.

For sjølve ordlyden i vedtaket handlar om «ikkje å sidestille større byar og byområde med Oslo» når det gjeld plassering av statlege arbeidsplassar.

Ei slik «sidestilling av Oslo med andre større byar i Noreg har aldri vore praktisert», skriv Kommunal- og distriktsdepartementet i ei stortingsmelding.

Og konkluderer: «Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp».

Dei slår også fast at praktiseringa held fram som før.

Det blir også stadfesta av statssekretær Kristina Hansen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post til Bergens Tidende:

– Retningslinjene frå august 2022 ligg framleis fast, skriv Hansen.

Retningslinjene slår fast at «nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane».

Statssekretær Kristina Hansen

Kristina Hansen er statssekretær for Ap i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Les også Færre arbeidsplassar vert flytta ut i distrikta

Førde sentrum

Protestar i kontrollkomiteen

Fleire parti NRK har snakka med, reagerer sterkt på dette.

Venstre har allereie utfordra kommunal- og distriktsministeren til å stille i spørjetimen på Stortinget onsdag.

Og det murrar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite.

Det er dei som skal godkjenne at regjeringa har gjort jobben sin. Og det skal dei ta stilling til komande onsdag.

Allereie no kan NRK fortelje at dommen frå fleire av medlemane er eit tydeleg nei.

Høgre, Venstre, MDG og Raudt meiner at regjeringa ikkje har gjort det Stortinget bad dei om.

Peter Frølich
William Jobling / NRK

Peter Frølich, Høgre

– Det har aldri vore intensjonen til Stortinget at arbeidsplassar skal bli henta frå byar som Bergen. Viss dei held fram med den praksisen, meiner eg det vil vere i strid med intensjonen vår.

Grunde Almeland
William Jobling / NRK

Grunde Almeland, Venstre

– Det er viktig for Venstre med sterke kompetansemiljø i større buar, for å kunne vere reelle konkurrentar til Oslo. Då er det spesielt at regjeringa har ønska å utarme byar som Bergen. Det er ikkje valfritt for regjeringa å følge vedtaka til Stortinget. Dersom regjeringa ikkje følger opp dette, er det i kjernen av kontrollkomiteens oppgåver å påpeike det.

E18 Sandvika kan være ute av NTP
Rolf Petter Olaisen / NRK

Lan Marie Berg, MDG.

– Slik situasjonen er no, følger ikkje regjeringa intensjonen til Stortinget når dei likestiller Trondheim, Bergen og Stavanger med Oslo, og dermed flyttar arbeidsplassar ut av desse byane.

Seher Aydar stortingsrepresentant for Rødt
Mathias Moene Rød / NRK

Seher Aydar, Raudt

– Prinsipielt sett er det problematisk at regjeringa ikkje føyer seg etter stortingsfleirtalet. Det er enkelt å sjå at Stortinget hadde ein annan intensjon med forslaget enn det regjeringa no praktiserer.

SV med klar beskjed

Høgre håpar å få med seg eit fleirtal i komiteen for å «sikre at regjeringa må forhalde seg til det som står svar på kvitt i vedtaket».

Overfor NRK stadfestar SV og Frp at dei opne for å bidra til eit fleirtal om dette.

Regjeringa kan ikkje halde fram med ein politikk som rår frå etablering av statlege arbeidsplassar i Bergen og dei andre store byane utanfor Oslo, seier Audun Lysbakken.

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken i Sosialistisk Venstreparti.

Foto: William Jobling / NRK

Om dei ignorerer vedtaket vil det vere grunnlag for å ta det opp i kontrollkomiteen, men eg vil først undersøke om regjeringa verkeleg meiner dette, understrekar SV-politikaren.

Framstegspartiets Carl I. Hagen er open for å støtte at komiteen tek saka.

– Om nokon ønsker det, vil eg ikkje motsette meg det. Det er eit generelt prinsipp eg har, seier Hagen.

Regjeringa svarar

Overfor NRK reagerer statssekretær Kristina Hansen (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet på at det i BT-saka blir sådd tvil om at Bergen er hovudbasen for Fiskeridirektoratet.

– Det er det ingen grunn til. Den store brorparten av dei som har blitt tilsett i Fiskeridirektoratet det siste året har fått sin arbeidsplass i Bergen. Men Fiskeridirektoratet er ein organisasjon som har behov for å vere til stades langs heile kysten, og det må også nye tilsettingar reflektere. Derfor er det ein mindre del nye tilsette utanfor Bergen, seier Hansen.

Departementet hennar viser til følgande tal:

Det er kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) som svarar ut spørsmål om kor vidt dei følgt opp stortingsvedtaket. Han gjentek det departementet hans skreiv i stortingsmeldinga, og slår fast at vedtaket er følgt opp:

Les også Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

c-yE_znuDj0