Hopp til innhold

Færre arbeidsplassar vert flytta ut i distrikta

Erna Solberg og Jens Stoltenberg konkurrerte om å flytte flest arbeidsplassar ut i distrikta. Under den nye regjeringa har tempoet gått ned.

Førde sentrum

FØRDE: Regjeringa har bestemt å flytte «minst 15 årsverk» i UD og Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid) til Sunnfjord. Konkurransetilsynet, Kystverket, Luftfartstilsynet, Medietilsynet og Post- og teletilsynet er andre verksemder som er flytta ut av hovudstaden dei siste åra.

Foto: Alf Vidar Snæland

Trass i politiske ambisjonar om å ta heile landet i bruk er det teikn til at utflyttinga av statlege arbeidsplassar har stagnert under Støre-regjeringa.

Tidlegare i mars kunngjorde regjeringa at ho flyttar «minst 15» årsverk i Norad og UD til Førde i tråd med målsettinga om å styrke distrikta.

I tillegg er det flytta fire arbeidsplassar frå Trondheim til Steinkjer.

Totalt blir det 19 utflyttingar sidan regjeringsskiftet i 2021.

På toppen av det er det etablert «om lag» 47 nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo, opplyser kommunaldepartementet til NRK.

Dei presiserer at bildet ikkje er uttømmande ettersom nye passkontor og tenestestader ikkje er med i denne oversikta (sjå tabell i botnen av saka).

Karianne Tung

– Eg har ikkje ei detaljert oversikt over all vekst i statlege tilsette i Oslo eller i nabokommunane til Oslo i regjeringsperioden, skriv Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung i eit skriftleg svar til Stortinget.

Foto: William Jobling / NRK

Dette er eit gedigent mageplask

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i Oslo og nabokommunane var 98.324 sysselsette innan statsforvaltninga i 2021. I 2023 var det tilsvarande talet 100.805 sysselsette.

For ei regjering som delvis blei vald på grunn av eit ønske om meir distriktsretta politikk, må dette vere ein fallitterklæring, seier Tom-Christer Nilsen i Bergen næringsråd.

Til samanlikning blei fleire hundre arbeidsplassar flytta ut av «Oslo-gryta» medan Erna Solberg og Jens Stoltenberg regjerte.

Ei oversikt hos faktisk.no viser at dei to konkurrerer om å vere Norgesmester i «tvangsflytting». Vinnaren kjem an på om Ås i Akershus blir rekna som «ut av Oslo» eller ikkje.

Flyttekongen er likevel Bondevik II-regjeringa, som vedtok å etablere 849 nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo.

Eg oppfordrar Senterpartiet til å bruke sitt siste år i regjering til å få til ei skikkeleg utflytting. Slik vi fekk til, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til NRK.

Andrine Seppola er leiar Senterungdommen.

Vi krev at regjeringa skrur opp tempoet. Så langt har dei flytta ut for få arbeidsplassar, seier ho.

Kommunaldepartementet har fått tilbod om å svare på kritikken, men har så langt ikkje respondert.

Ekstraordinært landsmøte i KrF

– Dette er et gedigent mageplask. Senterpartiet mister truverd i distriktspolitikken når dei ikkje klarer å flytte ut fleire arbeidsplassar frå Oslo, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Statlege arbeidsplassar er viktig for å demme opp for befolkningsflukta

I tillegg til «tempo-kritikken» har regjeringa blitt kritisert for «Østlands-arroganse» og «Oslo-sentrisme» etter at den splitter nye etaten for eksportkontroll blei lagt til Fornebu – i konkurranse med Bergen og Sandefjord.

Sist laurdag vedtok Vestland Venstre at den «tannlause» regjeringa må sette i verk «eit krafttak» mot sentraliseringa etter dansk modell.

I Danmark har Folketinget vedtatt å flytte 3900 statlege arbeidsplassar ut av København.

Heilt konkret tar Vestland Venstre til orde for å flytte 5000 statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og «øyremerke» 1000 av dei til Vestlandet.

Les også Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

c-yE_znuDj0

Statlege arbeidsplassar er viktig infrastruktur for å demme opp for befolkningsflukta, seier Atle Hamar, Venstre-politikar i Sunnfjord og Vestland.

Han er til dagleg direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet.

Tilsynet, som tel om lag 90 årsverk, blei etablert i 2001 med Førde som hovudkvarter.

Han legg til:

Alternativt vil arbeidskraft, kapital og kompetanse sakte men sikkert gravitere mot hovudstadsområdet.

Tobias Drevland Lund
William Jobling / NRK

Tobias D. Lund, kommunalpolitisk talsperson i Raudt

– Vi er i utgangspunktet svært positive til fleire desentraliserte statlege arbeidsplassar i heile landet, men det er viktig at slike prosessar skjer i nært samarbeid med dei tilsette og fagforeiningane. Det er uansett veldig bra at vi får ei vending der regjeringa ved lokalisering av nye statlege arbeidsplassar seier at ein først skal vurdere andre stader enn Oslo.

Axel Fjeldavli
Elevorganisasjonen

Axel Fjeldavli, rådgivar i Tankesmien Agenda

– For alle som er opptatt av at desentraliserte statlege verksemder kan bidra til maktspreiing og innbyggarnære tenester, er utfordringa at sentraliseringa over tid har gått i eit enda høgare tempo. Det er ei nøtt som ikkje kan løysast med å berre skru opp tempoet på utflytting frå Oslo tilsvarande. Her må mange verkemiddel brukast samtidig.

Jon Askeland
Ole Andre Rekkedal

Jon Askeland, ordførar i Vestland

– 25 prosent av befolkninga i Noreg bur i 9 kommunar rundt Oslofjorden. Dette er ikkje berekraftig. I staden må vi ha fleire folk til Vestland for å skapa verdiar til å fø resten av landet. Statleg sektor må reduserast, og som ledd i dette må meir flyttast ut i landet, fordi evaluering av tidlegare utflyttingar viser at utflyttingar skaper høgare effektivitet og kvalitet enn då etatane låg i Oslo.

Marit Mellingen, distriktssenteret
Sondre Dalaker

Marit Lofnes Mellingen, direktør i Distriktssenteret

– Arbeid er ein viktig faktor for tilflytting. Særleg gjeld dette dei yngste arbeidstakarane, som i starten av karrieren er meir villige til å flytte for å få si fyste jobberfaring. Både flyttinga av Norec til Førde og deler av Landbruksdirektoratet til Steinkjer må seiast å vere vellukka, på den måten at dei har klart å rekruttere riktig kompetanse og fylle oppdraget sitt etter flyttinga.

Jostein Brobakk

Jostein Brobakk, Ruralis-forskar

– Fleire hevdar at kompetansemiljø rivast opp med roten, og vanskeleg lar seg erstatte eller etablere på ny ved utflytting. Historia viser at dette er feil. Både Arbeidstilsynet i Trondheim og Luftfartstilsynet i Bodø – byer som i denne samanheng representerer distriktet – fungerer veldig godt. Så dette burde eigentleg vere ein «enkel» symbolsiger for regjeringa.

Leder for Senterungdommen Andrine Seppola under Senterpartiets landsmøte i Trondheim 2023.
Joakim Halvorsen / NTB

Andrine Seppola, leiar i Senterungdommen

– Regjeringa har til nå flytta ut for få arbeidsplassar, og dersom det blir etablert nye statlege arbeidsplassar så må dei leggast utanfor Oslo. Det er bra at regjeringa flyttar ut arbeidsplassar til flotte stader som Førde, fordi dette handlar om å skape attraktive lokalsamfunn slik at fleire unge flyttar ut av storbyane og etablerer seg på bygda.

Tom Christer Nilsen, Bergen næringsråd
Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Tom-Christer Nilsen, Bergen næringsråd

– Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit viktig regionalpolitisk tiltak. Det er avgjerande både for å legge til rette for kompetansearbeidsplassar i heile landet, og å sikre at statsverksemda får perspektiv frå heile landet.

Bjørn Lødemel
Vegar Erstad / NRK

Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd

– Vi er svært glade for at dei siste regjeringane har hatt ein bevisst politikk på utflytting av statlege arbeidsplassar. Desse arbeidsplassane er viktige supplement til næringslivet. Eit variert arbeidsliv og tilgang på relevante jobbar er også viktige for busetnaden i distrikta.

– Flytting har store konsekvensar for jobbane til folk

Utflytting av statlege arbeidsplassar har hatt brei politisk støtte sidan 60-talet, men skaut fart da Victor Norman (H) var arbeids- og administrasjonsminister i 2003.

I tillegg til å sikre nasjonale interesser ved å spreie fagmiljø rundt om i heile landet er tiltaket motivert av ei førestilling om at statlege verksemder utanfor hovudstaden kan jobbe meir uavhengig (og uforstyrra) av det politiske miljøet i Oslo.

Solberg gratulerer Stoltenberg med Nato-jobben

Erna Solberg og Jens Stoltenberg konkurrerte om å flytte flest arbeidsplassar ut i distrikta. Under den nye regjeringa har tempoet gått ned.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Vi skal heller ikkje sjå bort frå at det er lettare å rekruttere flinke folk i regionale sentrum utanfor Oslo, seier Jan Erik Grindheim, som er rådgivar i den liberale tankesmia Civita.

Han viser til praksisen med å spreie sentrale utdanningsinstitusjonar rundt om i landet – som Noregs handelshøgskole (NHH) og NTNU.

Eg trur dette har fremja ein sterk identitet blant studentane som uavhengige av det sentrale oslomiljøet. Slik kan vi kanskje også tenke om utflyttinga av statlege verksemder frå Oslo?

Da regjeringa vedtok å flytte 15 Norad-årsverk til Førde tidlegare i månaden, var det fleire fagforeiningar som reiste bust.

På same grunnlag kjem dei tydelegaste motstemmene frå venstresida i norsk politikk.

– Flytting av statlege arbeidsplassar har ofte store konsekvensar for jobbane til folk, seier Axel Fjeldavli, som er rådgivar i Tankesmien Agenda.

Han legg til:

Sett frå det perspektivet er det eit sunnheitsteikn at tempoet ikkje er skyhøgt.

Les også «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

Johan Sverdup-feltet

Færre arbeidsplassar vert flytta ut i distrikta

Virksomhet

Type

Sted

Antall ansatte

År

Regional tilstedeværelse i Eksfin

nyetablering

Ålesund og Stavanger

2+2

2022

Nasjonalt kompetansemiljø skolehelsetjeneste

nyetablering

Levanger

5 til 7

2022

Omorganisering av fiskeridirektoratet

nyetablering/strukturendring

Flere steder

2

2022

Bionova

nyetablering

Brumunddal

2

2022

Sekretariatet for Tilsynsrådet i kriminalomsorgen

nyetablering

Vardø

5

2023

Sammenslåing av Nasjonalbiblioteket og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

sammenslåing

Mo i Rana

ikke oppgitt

2023

Overføring av oppgaver fra Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet

flytting

Steinkjer

4

2023

Bedragerisenter, Økokrim

nyetablering

Gjøvik

25

2023

Sekretariat for Kirkebevaringsfondet

nyetablering

Trondheim

ikke oppgitt

2023

Varslingsombud politiet

nyetablering

Hamar

2

2023

Ny etat for eksportkontroll og sanksjoner

nyetablering

Fornebu, Bærum

40

2023

Evalueringsfunksjon bistandsforvaltning NORAD

flytting

Førde

15

2024

Ekspander/minimer faktaboks