Hopp til innhold

Vanskeleg å busette flykt­ningane som treng mest hjelp

Fleire norske kommunar vegrar seg for å ta imot flyktningar som Anna. Det er for komplisert å søke om ekstramidlar, viser ny rapport.

Anna Babich (32) har vore heldig og fått busettingskommune etter tre månadar på mottak. Mamma Lilia (52) er framleis den største hjelpen hennar i kvardagen.

Anna Babich (32) har vore heldig og fått busettingskommune etter tre månadar på mottak. Mamma Lilia (52) er framleis den største hjelpen hennar i kvardagen.

Foto: Tora Carlsen Haaland / NRK

Mor Lilia (52) og dotter Anna Babich (32) reiste frå far, søsken og kjæledyr i den ukrainske millionbyen Kharkiv. For litt over eit år sidan fekk dei ein tilrettelagt bustad på tettstaden Sandane i Vestland.

Anna har ei kognitiv funksjonsnedsetting som gjer at ho treng hjelp til mykje i kvardagen. Ho er heilt avhengig av mora, men også av hjelp frå kommunen.

Men det er dyrt og krev ressursar som ikkje alltid er på plass frå før av. Fleire er misnøgde med ordninga som skal gjere det mogleg for kommunane å ta imot slike flyktningar viser ein ny rapport.

Problematikken er ennå meir aktuell med auken i flyktningar frå Ukraina, ifølge Institutt for samfunnsforsking (ISF).

Anna og Lilia Babich

Mor og dotter mot verda – med litt hjelp frå Gloppen kommune. Lilia er framleis den største hjelpa og viktigaste personen i Anna sitt liv.

Foto: Tora Carlsen Haaland / NRK

Sit lenger på mottak

Anpuchelvan Mahesan ved Hero Noreg stadfestar at dei som treng tilrettelagt bustad sit lenger på mottak enn andre.

Men per no er det ingen som har tal på kor mange dette gjeld eller på konkret ventetid.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) gir ekstra tilskot til kommunar som tek imot ein flyktning med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar.

Fordi det er tydeleg at fleire kommunar vegrar seg for å ta imot flyktningar med nedsette funksjonsevner, har dei auka tilskotsperioden frå fem til ti år. I 2023 betalte IMDi ut nesten ein halv milliard i ekstratilskot av denne typen.

Men framleis står sjølve søknadsprosessen til hinder for å få nytte av dette, ifølge ISF-rapporten.

– Eit veldig byråkrati

Gloppen kommune kunne fått stønad frå regjeringa for å busette Anna. Men det er for ressurskrevjande å søke om midlar og søknadsfristen er for kort.

Det fortel tenesteleiar for busetting og integrering, Ann Iren Festervoll.

Gloppen kommune har heller ikkje har søkt om tilskot for personane som dei busette i 2023.

– Det er eit veldig byråkrati. Det er ressurskrevjande kartlegging, og det tek tid å hente inn all dokumentasjonen frå spesialhelsetenesta, seier Festervoll.

Tenesteleiaren trur at mange kommunar seier nei til busetting fordi ordninga ikkje fungerer godt nok.

– Det handlar om hardt pressa ressursar og dårleg kommuneøkonomi. Vi har ingen som sit og jobbar med tilskotssøknadar på fulltid.

Ho understrekar at dei gjerne vil ta imot alle dei blir bedne om, men at dei vil vere sikre på at dei kan gi gode helse- og integreringstilbod til dei som kjem til Gloppen.

Ann Iren Festervoll

Festervoll er glad for at kommunen har moglegheit til å få ekstratilskot for å busette dei flyktningane som krev mest ressursar. Men ordninga er for krevjande å bruke, meiner ho.

Foto: Tora Carlsen Haaland / NRK

– Regjeringa lyttar til kommunane

Det er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) som set krava til dokumentasjon i søknadane om ekstratilskot.

Statssekretær Kjetil Vevle seier at behova varierer mykje frå person til person, og kan endre seg over tid.

– Difor må kommunane dokumentere kva for kostnadar dei har hatt, og om personen er i målgruppa for ordninga.

Vevle seier departementet tek med seg innspela frå norske kommunar, men at det per no ikkje blir gjort noko for å endre krava til dokumentasjon.

Regjeringa har tidlegare innført tiltak for å hjelpe kommunane etter at det byrja å kome flyktningar frå Ukraina. Det skal mellom anna vere enklare å møte dokumentasjonskrava for dei første tre åra etter busetting enn det var før.

Ein ny kvardag

Anna og Lilia går tur langs fjorden på Sandane. Det har dei gjort mykje det siste året.

I Ukraina fullførte Anna barneskulen. Etter det vart ho gåande heime, kvar dag, heile dagen. Mor og far bytte på å reise på jobb og å vere heime med dottera.

Anna og Lilia Babich, Gloppen kommune

Anna og Lilia venta tre månadar på Solbakken mottakssenter i Florø før dei fekk ein busettingskommune. Fleire med særskilde hjelpebehov må vente lenger.

Foto: Tora Carlsen Haaland

Då ho først kom til Noreg, unngjekk ho blikkontakt og var mykje stille og lei seg.

No går Anna på språkopplæring fem dagar i veka. Torsdagar lærer ho seg å symje, og nokre gongar er ho med og syng i kor.

– No smiler ho heile tida. Ukraina er heimlandet vårt, men vi er glade for å vere her på Sandane, seier Lilia.

Presisering 05.04.2024: NRK la til i tilsvaret frå Kjetil Vevle at regjeringa tidlegare har gjort dokumenteringa for dei første tre åra av busetting enklare.