Hopp til innhold

Studie: Mindreårige flyktningar har like god sjølvtillit som «innfødde» unge

Einslege mindreårige flyktningar har like stor tru på seg sjølv og evnene sine som norskfødde ungdommar. Det overraska forskarane.

Ajantha Vishnukumar

VILJE OG MÅL: – Eg hadde god sjølvtillit då eg kom åleine til Noreg som niåring, seier Ajantha Vishnukumar. Både det, innsatsvilje og klare mål har volleyballtrenaren framleis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ajantha Vishnukumar (27) kastar seg målmedviten fram og får ballen over nettet.

Ho er volleyballtrenar for ungdommar i Bergen som er i same situasjon som ho var i 2007.

Då kom ho som niåring åleine til Noreg, som einsleg mindreårig flyktning frå heimlandet Sri Lanka.

– Eg trur eg følte at eg hadde god sjølvtillit. Eg følte at eg kom til å klara det, og at det skulle bli bra. Eg hadde ei positiv haldning til meg sjølv og framtida.

Ho vedgår likevel at ho var litt redd.

– I starten var det litt einsamt, fordi at eg ikkje kjende nokon her og ikkje kunne språket. Og eg var litt redd for om eg skulle få busetting her, og kor lenge.

Les også historia om 432 unge asylsøkarar som har forsvunne i Noreg:

Les også Agathe (16) skulle ta bussen lille nyttårsaften. Så forsvant hun.

Vi er inne i en av de første tunnelene fra Skei til Sogndal. Vi sitter midt i bussen, og ser ut gjennom frontruten på taklysene som farer forbi.

Å takla livet som ung flyktning

Kva er det som bidrar til at unge flyktningar som kjem åleine til Noreg taklar vanskar i livet eller ikkje?

Dette er utgangspunktet for ei studie, der 81 einslege mindreårige flyktningar som er busette i Bergen har svart på spørsmål.

Hovudforfattar Oda Marie Heimli har studert kva «vernande faktorar» det er som gir desse ungdommane evne til å handtera vanskelege situasjonar utan å få varige psykiske lidingar.

– Ein vernande faktor er for eksempel sosial støtte, at ein har venner eller familie som støttar når ein treng det. Eller at ein har mål og draumar som ein jobbar for. Eller at ein har tru på seg sjølv. Eller at ein lett får venner og er gode til å snakka med nye menneske. Alt dette er eksempel på vernande faktorar, fortel Heimli.

Oda Marie Heimli

Sjølvtillit er den einaste faktoren der flyktningungdom og norskfødd ungdom kjem like godt ut i studien til doktorgradsstudent Oda Marie Heimli.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Flyktningar med god sjølvtillit

Heimli er doktorgradsstipendiat ved RKBU Vest, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Norce. I studien er einslege, mindreårige flyktningar samanlikna med ei kontrollgruppe frå den generelle norske befolkninga.

Eit funn som overraskar henne, gjeld sjølvtillit.

Flyktning-ungdommane skårar signifikant lågare enn den «innfødde» kontrollgruppa på både målorientering, sosial kompetanse og sosial støtte. Men når det gjeld sjølvtillit, viser studien ikkje forskjell på flyktningane og andre ungdommar.

Trass i det dei einslege mindreårige flyktningane har opplevd, har einslege mindreårige flyktningar busette i Noreg like stor tru på seg sjølv og eigne evner som norske ungdommar.

– Me har ikkje data til å kunna seia kvifor, men det gjer meg optimistisk med tanke på framtida. Eg håpar det kan bidra til at dei skaper seg gode liv her i Noreg, seier Heimli.

På alle andre vernefaktorar skårar dei einslege mindreårige flyktningane lågare.

Ajantha Vishnukumar

Då ho var ni år, kom Ajantha Vishnukumar åleine som flyktning frå Sri Lanka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Motstand gjer sterk»

Ajantha er ikkje så overraska over at sjølvtilliten blant flyktningbarn er like god som innfødde.

– Det er ikkje nokon grunn for at ungdommar som ikkje er fødde i Noreg, skal ha låg sjølvtillit. Det å ha vakse opp i eit område der du har sett vanskelege tider og sånn, gjer deg berre sterkare enn viss du får alt enkelt i livet. Fordi du har viljen til å gjere det betre, meiner ho.

Når du må jobba for noko, det gjer deg sterkare. Då får du betre sjølvtillit.

Anjatha Vishnukumar

– Du sa du hadde klare idear om kva du ville allereie som niåring. Korleis har det gått?

– Då eg kom til Noreg, hadde familien forventningar om at eg skulle studera og gjera det bra. Så då ville eg bli lege og sånt. Men etter kvart tenkte eg at eg heller ville bli sosialarbeidar.

Ho byrja som volleyballtrenar ganske tidleg, då ho var 17–18 år.

– Eg likte å vera leiar for ungdommar. Det var veldig kjekt. Så har eg halde på med det i ti år. Så studerte eg barnehagelærar, og nå tar eg master i spesialpedagogikk. Og jobbar framleis som leiar for ungdommar.

– Fornøgd med livet?

– Ja!

Ajantha Vishnukumar

Ajantha Vishnukumar har sjølv tilsvarande erfaring som dei einslege, mindreårige flyktningane ho er trenar for.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vanskeleg å finna vener

I sola på plenen mellom hovudbiblioteket og Lille Lungegårdsvann sit ei anna ung kvinne åleine.

– Det er vanskeleg å finna vener i Noreg. Det første problemet er språket.

Det seier Anwar frå Gaza. Ho vil helst ikkje bli fotografert.

– Eg, for eksempel, har ikkje vener i Noreg. Eg har nokre, men dei er arabiske. Det er kanskje litt lettare for gutar.

Når det gjeld sjølvtillit og å setta seg mål, meiner ho det er forskjell på gute- og jenteflyktningar.

– Jenter likar å studera. Gutar likar å jobba med ein gong.

Sjølv har ho eit klart mål:

– Eg skal studera.

Elio Lislerud

– Eg trur ikkje at berre fordi du kjem som flyktning, så har du dårleg sjølvtillit, seier Elio Lislerud.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Like ved passerer Elio Lislerud. Ho meiner både-òg om sjølvtilliten til unge flyktningar.

– På ei side har ein ikkje dei same føresetnadane. På den andre sida er jo reisa i seg sjølv ein skikkeleg kamp. Det kan gjera ein sterkare og meir robust enn ein gjennomsnittleg nordmann, meiner ho.

Eva Mølstad Henjesson (til venstre) og Johanne Jorde Norskar

– Viss unge flyktningar ikkje føler seg aksepterte, får dei ikkje den sjølvtilliten som me har. Det har med kjensla av å høyra til ein plass, meiner Eva Mølstad Henjesson (til venstre) og Johanne Jorde Nordskar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tre overraskande funn

I tillegg til sjølvtilliten, trekker Heimli fram to andre funn i studien som ho meiner er overraskande:

  • Det å ha ofte kontakt med den biologiske familien sin kan verna einslege mindreårige flyktningar mot psykiske plager, sjølv om ungdommane sjølve opplever press og forventningar frå heimlandet som belastande.
  • Jenter har fleire vernande faktorar i liva sine samanlikna med gutar, sjølv om jenter generelt i samfunnet har større psykiske helsevanskar.

(Sjå faktaboks lenger nede.)

Ajantha gjer seg nokre tankar om koplinga mellom sjølvtilliten til einslege flyktningbarn og det å ha kontakt med familien i heimlandet.

– Forventningar frå familien kan dra sjølvtilliten din litt ned, men samtidig kan det pusha deg til å gjere det bra at du har litt press på deg.

At jenter ifølge denne studien stort sett klarar seg betre enn gutar, kommenterer ho slik:

– Det kjem få jenter som flyktningbarn åleine til Noreg. Gutar kjem oftare åleine og møter mykje meir utfordringar enn jenter, tenker eg. Også fordi jentene blir litt meir beskytta av familien, seier ho.

Mottak for enslige mindreårige asylsøkere, Gibostad

Blant einslege mindreårige flyktningar kjem gutar dårlegare ut enn jenter i det å «takla livet» (illustrasjonsfoto).

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Les også Kartlegging av ukrainske flyktningar: – Vanskelegare å integrere enn vi trudde.

Familien Kameniev