Enorme snømengder og ufyseleg vêr har skapt utfordringar over store delar av Sør-Noreg denne helga. Spesielt har det gjeve utfordringar på vegane.
Slik er stoda på fjellovergangane i Sør-Noreg søndag:
- Rv. 15 Strynefjellet, ope.
- Rv. 13 Vikafjellet, stengt, ny vurdering måndag.
- Rv. 7 Hardangervidda, stengt.
- Fv. 53 Tyin-Årdal, stengt, ny vurdering klokka 18.
- Fv. 50 Hol-Aurland, stengt, ny vurdering måndag.
- E134 Haukeli, ope.
- E16 Filefjell, ope.
- Rv. 52 Hemsedal, ope for trafikk, store køyretøy bør bruke kjetting, kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.
- Rv. 9 Hovden-Haukeli, ope.
- Fv. 40 Dagalifjell, ope.
På Hemsedalsfjellet skal det vere litt kø etter at fleire bilar har køyrt i brøytekanten. Ifølge Vegtrafikksentralen skal det vere mogleg å passere på staden.
Bergensbanen open att
Bergensbanen har fleire gonger denne helga vore delvis stengt grunna snøras på fleire stader.
Natt til søndag køyrde eit tog frå Oslo inn i eit skred ved Upsete stasjon på veg til Bergen.
Søndag ettermiddag melde Bane Nor at trafikken er i gang igjen på Bergensbanen.
Bygd i Hardanger var isolert
Tettstaden Eidfjord i Hardanger var isolert som følgje av eit snøras laurdag formiddag.
Like etter klokka 14 kom meldinga fleire har venta på: vegen var open att.
I Sogn er den vesle bygda Bakka isolert frå omverda etter at det har gått tre ras på fv. 5623 i helga. Ingen personar er sakna eller skadd i rasa. Vegen blir truleg opna att i dag.
ISOLERT: To ras er gått over vegen til Bakka i Aurland.
Foto: Tom DyrdalRaude og gule varsel
Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut fleire farevarsel av ulik grad for vêr og føre i helga
Det er betydeleg snøskredfare i fjella over heile landet på søndag. I Ofoten er det stor skredfare.
I Nord-Noreg er det meldt kraftig snøfokk og høg vasstand fleire stadar.
Følg med på farevarslinga til Meteorologisk institutt.
Meir snø søndag kveld
På fjellet i Sør-Noreg er det no store forskjellar i vêret. Verst er vêret sør for Finse og Haukelifjell, der kraftig vind frå vest gjer det ufyseleg. Dette vil etter kvart minke når vêret trekk sørover.
På Strynefjellet og nordover er det snøbyer frå nordvest.
I fjellområda mellom Strynefjellet i nord og Finse i sør er det lite nedbør, men ein del vind utsette stader.
Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli seier det er venta snøbyer på vestlandet søndag kveld og natt til måndag.
– Vinden blir då liten kuling i fjella og frisk bris i låglandet, seier han.
VIKAFJELLET: Entreprenøren Ekehaug Maskin har førebels pause i jobben med å brøyte riksveg 13 for snø.
Foto: Ekehaug Maskin ASE39 Våtedalen open for trafikk
E39 i Våtedalen i Gloppen kommune er delvis opna igjen etter eit snøras fredag sperra vegen.
Statens vegvesen melder at eit køyrefelt er ope for trafikk.
Ein geolog har vurdert snøskredfaren og det er ikkje venta at det vil kome ned fleire skred som råkar trafikken.
Føraren, som var åleine i bilen, varsla sjølv om skredet og vart berga ut av brannmannskap frå Skei og Byrkjelo.
STORE SNØMENGDER: Mannskap fekk laurdag kveld opna den eine køyrebana på E39 gjennom Våtedalen for trafikk.
Foto: MESTAVentar mykje trafikk
Vinterferien sluttar for halve landet denne helga, medan den startar for resten av landet. Dermed blir det mykje trafikk på vegane.
Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ber folk som skal over fjellet om å ta det med ro og køyre forsiktig etter forholda.
– Det er viktig å følgje med på vêrvarselet i helga, seier Andersen til NRK.
SKREDFARE: Varsom.no har lagt ut denne illustrasjonen som syner korleis det kan gå naturleg utløyste snøskred i utsette område.
Foto: varsom.noFaren er stor for naturleg utløyste skred.
Det gjekk fleire skred fleire stader i Våtedalen i Nordfjord på fredag.