– Han har jo vore midt inne i infernoet, det har nok vore eit enormt lufttrykk der.
Slik skildrar innsatsleiar i brannvesenet, Arve Dvergsdal, korleis det må ha vore for føraren av bilen som i går vart tatt av snøskred på E39 i Våtedalen.
Skredet, som sperrar europavegen frå Kristiansand til Trondheim, er opp mot 150 meter breitt. Det er kring fire meter på det høgaste.
BERGA: Saman med mannskap frå brannvesenet på Byrkjelo var Arve Dvergsdal med å hjelpe bilføraren ut frå snøskredet.
Foto: Ola Weel Skram / NRK– Bilen var flytta ganske langt opp i terrenget frå vegbana, det var mykje snømassar der, fortel Dvergsdal.
Han kom fram på sørsida som ein av dei første frå brannvesenet i Sunnfjord. Frå nord kom kollegaer frå Byrkjelo i Gloppen.
– Eg høyrde på sambandet at mannskapet frå Byrkjelo var framme, fortel han til NRK.
Ut ifrå informasjonen om at ein bil var teken visste han at det kunne stå om liv og død for dei som sat i bilen.
– Eg valde å ta meg opp til bilen, seier han, og fortel at det samtidig kom to kollegaer frå Gloppen brannvesen springande opp mot bilen.
Inne i bilen sat føraren, som var åleine. I samarbeid med kollegaene fekk dei han ut, og han vart frakta ned til ein ambulanse som var komen til på nordsida av skredet.
– Vi såg i fjellsida og vurderte det ikkje som trygt å gå inn, men vi må hjelpe folk. Det vart raskt inn og ut att for å få evakuert området, seier Joar Flølo, som var ein av ti brannmenn som kom frå Gloppen.
– Har hatt flaks
Bilen vart løfta og flytta mellom 20 og 30 meter oppover fjellsida. Rutene på bilen var knust.
– Når bilen er flytta så langt opp i terrenget, og du tar deg ut av bilen, så har du hatt flaks, seier Dvergsdal om føraren av bilen.
SJÅ RASET: To bussar var på veg mot Skei då snøskredet gjekk. FOTO: HANS LUDVIK ROGNE
Han fortel at føraren vart overraska over kor langt bilen var flytta opp frå vegen.
– Han sa han var fysisk uskadd, men sjølvsagt skremd. Han var skikkeleg heldig, seier Flølo.
– Ikkje trygt å ferdast
Dvergsdal seier dei handla kjapt på staden, for å få føraren og seg sjølve ut av området. Medan dei arbeidde på staden gjekk det også eit nytt skred. Dette nådde ikkje i vegen.
– Det er jo ikkje heilt trygt å ferdast der på vinterstid, seier han.
Han oppmodar om at folk stoppar opp når dei ser ras i området. Raset som gjekk fredag passerte over elva før det trefte europavegen.
– Folk må ha respekt, ser dei ras så må dei vente, sjølv om det er på andre sida av elva.
Ny vurdering klokka 15
Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Svenn Egil Finden, seier det er uvisst når E39 opnar att. Vegtrafikksentralen opplyser at det er ny vurdering klokka 15.
Helikopteret som skal frakte geolog opp for å sjå på fjellsida står klart, men det er dårleg flyvêr.
– Når geologen gir klarsignal, så tek det ikkje lang tid å få opna vegen. Utfordringa er kor tid vi får starte. Vi veit skredfaren er stor. Det er ikkje forsvarleg å sende inn mannskap slik det er no, før vi har sprengt ned skavlar som henger over der, seier Finden.
Vegmeister for Mesta i Indre Sunnfjord og Gloppen, Alf Otto Førde, seier dei er klare til å starte arbeidet så fort dei får klarsignal.
– Det er ei viktig ferdsleåre og mykje trafikk, så vi må i første gang vere sikre på at det er trygt for oss som skal inn og rydde opp. Så må det også vere trygt for trafikantar, seier Førde.
Situasjonen på fjellovergangene i vest lørdag ettermiddag: