Hopp til innhold

I over 20 år har han fotografert fuglar – det han ser no uroar han

Fleire fugleartar er i ferd med å forsvinna frå Noreg. Også i skogen merkar mange fugleinteresserte at noko har skjedd.

Svartmeis

Ei svartmeis går inn for landing ved fuglebrettet. Slike syn kan det verta færre av i åra framover.

Foto: Jan Rabben

Om lag 200 meter frå travle E39 på Stord i Vestland har biolog og naturfotograf Jan Rabben budd i 23 år.

I desse åra har han fotografert dyre- og fuglelivet rett ved huset, ein interesse han har hatt sidan 1960-talet.

Han merkar at noko skjer med naturen, og at ting endrar seg i skogen.

Kjernebitarhann ser på at ein bokfink og ein dompap er i kamp.

Kjernebitarhann ser på at ein bokfink og ein dompap er i kamp.

Foto: Jan Rabben

Må ta vare på naturen til neste generasjon

Difor har Rabben samla ei rad bilete i bokform, kalla «Fuglar og dyr rundt huset i skogen».

Han vil at me skal forstå kva me har og kva som kan gå tapt.

– I tillegg til klimakrisa, har me tap av biologisk mangfald. Det er like alvorleg, og difor har eg også dedisert boka til barnebarna, seier han.

Sidan 1980 har 600 millionar fuglar i Europa vorte borte, syner ein rapport frå Birdlife.

Aller verst stilt er det for fugl i kulturlandskapet. Fuglen vipe er på tur å forsvinna for godt.

Det same er tilfelle for mange sjøfuglar.

Mellom anna måsen, som no i sommar også vart hardt råka av fugleinfluensa.

Jan Rabben, naturfotograf.

Timevis har han sete her på jakt etter det perfekte motiv. Samstundes legg han merke til ei trist utvikling.

Foto: Olav Røli / NRK

Stillare i skogen

Men også i skogen er det endringar på gang, meiner Rabben som NRK møter i bakkant av huset.

Fleire fuglebrett er sett opp, han heller ut solsikkefrø utan skal på det eine fuglebrettet.

– Dette er snadder for fuglane, seier han.

Barnebarnet til Jan Rabben med svartmeis

Ei svartmeis har landa på hovudet til Jan Rabben sitt barnebarn. Han vil at neste generasjon skal få oppleva same fuglelivet.

Foto: Jan Rabben

Og i løpet av kort tid kjem det både spettmeis, kjøttmeis, svartmeis og granmeis. Dei nappar til seg frø og flyg vekk igjen.

Det er rett og slett eit yrande liv.

For fotografen handlar det om å fanga augneblinken av livet på kamerabrikka.

Ekorn i flukt.

Eit ekorn er fanga på jakt etter nøtter. Dei kan hoppa rundt to meter.

Foto: Jan Rabben
Kjernebitar i flukt

Ein kjernebitar er fanga i flukt.

Foto: Jan Rabben
Kvitryggspett i flukt

Kvitryggspetten er fylkesfugl i gamle Hordaland, og er ein sjeldan gjest å sjå.

Foto: Jan Rabben
Raudstrupe i flukt

Raudstrupe er ein art som har ein livskraftig bestand.

Foto: Jan Rabben

Saknar fleire fugleartar

Men noko har skjedd med dette yrande livet sidan Rabben starta å interessera seg for fuglar på 1960-talet.

– Generelt merkar eg at det har vorte mindre fugl, og at det er stillare i skogen. Det er trist, seier han.

Dette er ei utvikling som også får støtte i fleire forskingsrapportar.

Rabben peikar mellom anna på at fleire meiseartar, som granmeisa, verkar å vera i tilbakegang.

– Desse såg me meir til før. Dessutan, det er mange år sidan eg hadde svartkvit flugesnappar i fuglekassen. Før var det gjerne både tre og fire par som hekka her, forklarar han.

Jan Rabben ved fuglebrettet

Det er eit yrande liv ved fuglebrettet til Jan Rabben. Her kjem mange artar innom.

Foto: Olav Røli / NRK

Artar i tilbakegang

Observasjonane til Rabben visar også att i hagefuglteljinga.

Dei peikar på nedgang for fleire meiseartar i skogen.

Mellom anna har arten granmeis gått frå å vera livskraftig til å få status som sårbar i artsdatabanken.

Årsakene er mellom anna at våtmark vert drenert. I tillegg er granmeis avhengig av morkne trestammar for å laga reir.

Granmeis er ein art som no har fått stempel som nær trua.

Granmeisa er ein art som gradvis er i tilbakegang. Årsaker kan vera mangel på reirplassar, men også konkurranse med andre artar.

Foto: Jan Rabben

Førsteamanuensis ved UiB, Terje Lislevand, er medlem i ekspertkomiteen som vurderer kva fuglar som skal verta raudlista.

– Den norske raudlista viser oppgang i talet på fugleartar. Samstundes har me fått betre kunnskap enn me hadde tidlegare, seier Lislevand.

Terje Lislevand, førsteamanuensis UiB.
Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK

Når ein art som granmeis går frå å ha ein livskraftig bestand til å verta truga, skuldast det nedgang i bestanden.

– Årsaker kan vera endringar i leveområde, skogbruk, jordbruk, og klimaendringar. Når det gjeld granmeisa kan det vera skogsdrift eller konkurranse frå andre artar om reirplassar som er årsak, seier han.

For komiteen som driv med raudlisting er observasjonar som Jan Rabben og andre fugleinteresserte gjer av stor betydning

– Det er viktig at me som har levd ei stund og har opplevd endring seier ifrå, og formidlar dette vidare, fortel Lislevand, før han legg til:

– Mange arter er også i framgang, og med tiltak har me lukkast med å få mange artar tilbake igjen, seier han.

Naturfotograf Jan Rabben

Naturfotograf og biolog Jan Rabben har interessert seg for fuglelivet sidan 1960. Han merkar at det vert stillare i skogen.

Foto: Olav Røli / NRK

Eitt bilete manglar

Tidlegare i haust gav forfattar og naturvernrådgjevar Martin Eggen ut boka «Uten fugler blir ikke livet det samme».

Boka har fått god mottaking, både frå bokmeldarar og publikum.

Og Eggen meiner nedgang i mange fugleartar eit bevis på korleis me forvaltar naturen.

Nøtteskrika badar

Ei nøtteskrike tek seg eit bad.

Foto: Jan Rabben

Tilbake på Stord er naturfotografen oppteken av at me ikkje treng å reisa langt for å finna gode motiv. Trass i at fleire artar er i tilbakegang.

Men trass i eit utal forsøk, er det ein art han aldri har klart å få til.

– Å få teke bilete av trekrypar i flukt er heilt håplaust. Ein veit aldri kvar han landar, seier han.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.