Haukøy og kompisen frå Kyrkjebø var for to dagar sidan på Lindane, nokre kilometer frå Nessane i retning Balestrand.
Dei rigga seg til oppi skogen eit par hundre meter over fylkesvegen, på ein liten knaus under nokre tre for å ha god utsikt til der hjorten skulle komme inn.
Men det var ikkje hjort som fekk dei til å sperre opp auga.
– Eg hadde lagt kamera på bakken, og eg tippar det tok ikkje meir enn to-tre minuttar, så såg vi brått at heile kameraet var dekt av flått, fortel Haukøy.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fullt av flått overalt
Han dokumenterte det heile med telefonen sin, og kunne mest ikkje tru kva han hadde teke bilete av.
Ser ein nøye på MMS-biletet som Haukøy har teke, har nær hundre bittesmå flåttar kravla seg opp på kameraet.
Haukøy og kompisen fann raskt ut at det ikkje var berre kamera flåtten var interessert i.
– Vi såg at dei kravla og aula på kleda våre også. Det var rett og slett fullt av flått overalt. Då fann vi raskt ut at vi måtte vekk derifrå, seier Haukøy.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Såg ingenting nokre dagar før
– Vi var litt sjokka begge to. Vi hadde vore på same staden nokre dagar tidlegare, og då hadde vi ikkje lagt merke til noko, seier Haukøy.
Dei to kompisane tok hendinga med relativt stor ro, sjølv om dei fann kravlande flått også på huda.
– Vi pussa fint av kamera og kosta av oss sjølve, så ingen av oss vart bitne, seier Haukøy.
Han er ofte ute i skog og mark, men har aldri sett noko liknande.
– Aldri. Det har ikkje kompisen meir, eller foreldra våre eller andre, seier Haukøy.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil sjekke nøye heretter
Han har heller ikkje høyrt at nokon har fortalt om at Lindane er ein spesielt utsett stad for flått.
– Kompisen min jaktar i dette området, men heller ikkje han har høyrt om noko, seier Haukøy.
Trass i ei heller ekkel oppleving har ikkje Haukøy teke skrekken.
– Nei, på ingen måte, seier Haukøy.
Men at han er ekstra observant neste gang han er i området, er han klar på.
– Eg kjem nok til å sjekke nøye, ja, seier Haukøy.
- LES OGSÅ:
Ein veldig konsentrasjon
Seniorrådgjevar hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Johannes Anonby, tykkjer bileta av flåtten er interessante.
– Det var litt av ein konsentrasjon. Det må ha vore noko som gjer at flåtten vil tilbake der, trur Anonby.
Han understrekar at han ikkje har flått som sitt spesialfelt, men ser ikkje vekk i frå at flåtten stiller mannsterk rett og slett fordi området er ofte frekventert av hjort.
– Dei han fine sanseapparat, så ein kan ikkje sjå bort i frå det. Men eg har aldri sett liknande sjølv, seier Anonby.