Hopp til innhold

Treng meir forsking på borrelia

Reidar Hjetland, avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus, seier meir kunnskap må til for å gi betre borreliosebehandling.

Reidar Hjetland

FORSKE MEIR: Reidar Hjetland i Helse Førde seier legane gjer det dei kan for pasientane, men vedgår at det framleis er mykje ein ikkje veit om borreliose.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

NRK fortalde denne veka om fortvilinga til Sissel Iren Skjerdal som i halvanna år har gått sjuk utan å diagnosen borreliose.

Ved sentralsjukehuset i Førde forstår Reidar Hjetland at enkelte pasientar må oppsøkje private alternativ for å få hjelp.

– Det er jo på ein måte synd at det er naudsynt i Norge i dag at det må vere slik. Men av ulike grunnar er det ein del pasientar som gjer det, seier avdelingssjefen ved Mikrobiologisk avdeling.

Fekk flåttbit

Og det var nettopp det Skjerdal gjorde. Frå å vere ei aktiv kvinne i full jobb, mista ho etter kvart all energien. Sjølv meiner ho at det skjedde etter eit flåttbit, og fekk borreliose.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Eit lite flåttbitt kan få store følgjer, om du får sjukdomen borrelia.
Sissel Skjerdal var alvorleg sjuk i halvanna år utan at legane greidde å finna ut kva som feila ho.

SJÅ TV-SAK: Sissel Iren Skjerdal har gått sjuk i halvanna år utan få få diagnose.

I fjor vart det registrert 247 tilfelle av borreliose i Norge, noko som er ein kraftig nedgang frå 2008 då 345 pasientar fekk påvist sjukdomen.

– Det var veldig fortvilande. Ein er vand med å klare seg mest mogleg sjølv, men plutseleg avheng du av hjelp til sjølv den minste ting. Det er trasig, fortalde ho til NRK.

– Fungerer nokolunde

Skjerdal fortel ho oppsøkte det offentlege helsevesenet, som avviste borreliose. Dermed gjekk kvinna til det private for å få hjelp, og ho er no i behandling.

Borreliose, eller Lyme borreliose som det heiter, er ifølgje Folkehelseinstituttet eit sjukdomskompleks med ulike manifestasjonar, spesielt hudforandringar, leddplager og nevrologiske manifestasjonar.

– Det som skjer er at eg får hjelp til å ta problema før det utviklar seg til store betennelsar. Det gjer at eg kan fungere nokolunde i kvardagen, seier ho.

Falskt negative prøvar

– Det som er vanskeleg med Borrelia, er at blodprøvane vi har, spesielt i ein tidleg fase, kan vere falskt negative, seier Hjetland.

Avdelingssjefen seier det offentlege gjer det dei kan for pasientane sine. Likevel innser han at ein med fordel kunne fått meir forsking på bordet når det gjeld sjukdomen.

– Det står att ein del kunnskap om borreliosesjukdomen. Det er heilt klart, avsluttar Hjetland.