Flåm avviser 15 cruiseskip

Flåm ventar 230.000 cruiseturistar til bygda i år. Men det kunne vore langt fleire om dei ikkje hadde sett seg nøydde til å avvise fleire cruiseskip.

«Independence of the Seas» i Flåm

CRUISE: Flåm, som her har besøk av gigantskipet «Independence of the Seas», har sett seg nøydde til å takke nei til 15 cruiseskip i år.

Foto: Arne Veum

For etter å ha teke i mot 200.000 cruiseturistar i fjor, har Flåm Utvikling sett seg nøydde til å seie nei til 15 cruiseanløp i år.

– Å seie nei er basert på eit totalbilete av både hamnekapasitet og infrastruktur på land, slik at vi kan ta imot gjestene våre på ein god og forsvarleg måte, seier driftsleiar Sivert Bakk til VG Nett.

Spådomar til skamme

Bygda inst i Aurlandsfjorden hadde i fjor 151 cruiseskip på besøk. Dette aukar til 171 i år. Sommarturismen har vist ein formidabel auke dei siste åra. Går ein attende til 2011 var 157.000 cruiseturistar innom den vesle sognebygda.

I år knuser altså Flåm alle dystre spådomar om ein dårleg reiselivssommar. Sjølv om dei takkar nei til fleire cruiseskip.

– Det er dagar der vi ser at anløp av fleire skip vil gå utover kvaliteten. Difor seier vi nei, klargjer Bakk overfor avisa.