Hopp til innhold

Illsinte turistar aksjonerte i Flåm

Over 50 asiatiske turistar stod i ein time på ferjelemmen i Flåm og hindra ferja i å gå etter at dei hadde blitt nekta å kome ombord.

Turistar blokkerte ferjelem i protest

REIN PROTEST: Sint turistar frå Asia stilte seg opp og hindra ferja i å leggje frå kai, etter at dei skjønte at dei ikkje fekk vere med på turen.

Foto: Harald Sjursen

Sogn Avis skriv tysdag om den spesielle episoden:

Det var søndag reisefylgjet kom til Flåm. Dei hadde tinga billettar til denne fjordturen eitt år i førevegen, og temperaturen steig fort då dei ikkje fekk sleppe ombord i ferja «Fjærlandsfjord» fordi det var fullt av andre passasjerar.

Oppheta diskusjon

Då stilte asiatane seg opp på ferjelemmen slik at denne ikkje kunne hevast, skriv Sogn Avis. Det utvikla seg til ein oppheta diskusjon mellom turistane og ferjemannskapet. Først etter ein time innsåg asiatane at slaget var tapt, og ferja kunne legge ut på turen sin.

(Artikkelen held fram under biletet).

Noralv Distad

FORSTÅR TURISTANE: Ordførar Noralv Distad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Tragisk

Ordførar Noralv Distad har i ein e-post til Fjord1 gitt uttrykk for kor uheldig han meiner slikt er.

I skuldersesongen vert det sett inn mindre båt som ikkje alltid får med seg passasjerane. Det vert ikkje sett inn ekstra båtar, og dette er uheldig og øydeleggjande i høve det å satsa på sesongutviding.

Ei reise på fjorden i dag var nok heilt fantastisk for dei som kom med, men tragisk for dei som mellom anna har reist heilt frå Asia for å ha ei storslått oppleving, og som ikkje fekk vera med.

Hallgeir Kleppe

BEKLAGAR: Kommersiell direktør Hallgeir Kleppe i Fjord1.

Foto: Ingrid Færøyvik / Fjord1

Fjord1 legg seg flat

Fjord1 forklarar episoden i Flåm med svikt i førebuingane. Kommersiell direktør Hallgeir Kleppe seier til avisa at han forstår frustrasjonen til dei asiatiske turistane.

– Vi beklagar og legg oss flate for dei som hadde bestilt billettar og ikkje kom med. Slik skal det ikkje vere.

Han seier dei hadde fått bestilling på 105 personar, men i det fine vêret kom det langt fleire, og då vart dei tekne på senga. Mange utan førehandstinga billett strøymde ombord.

– Vi greidde ikkje skilje mellom dei som hadde tinga turen på førehand og dei andre som ville ha seg ein tur.

Det høyrer med til historia at det asiatiske reisefylgjet fekk fjordturen sin dagen etter.

Ferja Gudvangen i Flåm

POPULÆRE FJORDTURAR: Ferja Gudvangen legg frå kai i Flåm. Arkivbilete.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK