Hopp til innhold

Cruiseskiptrafikken fører til mest ureining per passasjer

Cruisetrafikken står for større utslepp per passasjer enn andre feriemåtar, samtidig som det er den reisemåten som aukar raskast.

Cruiseskipet Queen Mary 2 i Aurlandsfjorden

VERSTING: Cruiseskip som Queen Mary 2, her fotografert på vitjing i Aurlandsfjorden, er verstingar når det gjeld ureining, syner forsking frå Vestlandsforsking.

Foto: Jan Christian Jerving

Det kjem fram i ein rapport signert Vestlandsforsking, som kom like før jul, ifølgje Bergens Tidende.

I rapporten vert ulike former for turisttransport til og frå Vestlandet samanlikna. Ein har teke utgangspunkt i ein ferietur på sju dagar som startar i Hamburg i Tyskland og har endestopp Bergen.

Vidare har Vestlandsforsking samanlikna utsleppa per passasjer frå cruise-, fly-, bil- og bussferie.

Ureinar ti gonger meir

Samanlikninga syner at dei samla utsleppa frå cruisetrafikk per passasjer er om lag ti gonger høgare enn dei andre ferieformene.

I rapporten vert det understreka at energibruken og utsleppa av klimagassar frå cruiseturismen er små samanlikna med dei samla utsleppa frå reiselivet. Likevel kan dei lokalt spele ei stor rolle, skriv avisa.

Studien er gjort på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Regionalt Forskingsfond Vestlandet.

Men i Flåm er det verst om vinteren

Målingar som Aurland hamnevesen tek dagleg, syner at lufta i Flåm, som er ein av dei største cruisedestinasjonane i fylket, er dårlegast på vinteren. Trass i at det då er få eller ingen cruiseskip i Sognefjorden.

Målingane syner at det i juni knapt er utslag på målaern, medan tilsvarande målingar gjort i slutten av januar syner høgare NOx-verdiar.

Kritikarar av målingane hevdar derimot at årsaka til dette er at målaren er sett opp på den staden i bygda der luftkvaliteten er best, og at ein derimot merkar det svært godt på lufta dei dagane det ligg mange cruiseskip på fjorden, skriv Bergens Tidende.