Hopp til innhold

To gigantskip på besøk samtidig

To av verdas aller største cruiseskip er på plass i Olden i dag – og det samtidig.

Den vesle cruisedestinasjonen inst i Nordfjorden har dermed fått bokstavleg talt storfint besøk.

Tusenvis av cruisepassasjerar kunne i dag tidleg nyte den storslåtte naturen langs Nordfjorden. Gigantskipa «Independence of the Seas» og «MS Queen Elizabeth» sigla då inn fjorden mot Olden.

Det største av dei, «Independence of the Seas», la med sine 338 meter til kai i 08-tida, medan «MS Queen Elizabeth» på 294 meter har lagt seg godt til rette ute på fjorden.

Edvin Rand på Hopland er blant dei som fekk med seg innseglinga. Sjølv om han er blitt vand med å sjå store skip ta seg inn fjorden er det stort å få to så store cruise inn samtidig.

– Det er klart det er kjekt å sjå, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.

Cruiseskip i Olden

Yrande folkeliv

Med til saman nesten 7000 passasjerar om bord vil besøket i dag føre til at folketalet i Stryn kommune nesten doblar seg. Og det merkast. NRK-reporter Birger Meland var i morgontimane på plass på cruisekaia.

– Det er eit yrande folkeliv her, og ein del passasjerar er allereie i ferd med å kome i land, fortel han like før klokka 09.

«Independence of the Seas» er det fjerde største cruiseskipet i heile verda, og er det største skipet som nokon sinne har lagt til kai i Olden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Independence of the Seas på veg til kai i Olden

STORT: Det er ikkje noko småbåt som onsdag har lagt til kai. Her er 'Independence of the Seas' i ferd med å snu seg til.

Foto: Birger Meland / NRK

Får helse på kapteinen

Aslak «Lakken» Lefdal har vore sentral i utviklinga av Olden som cruisedestinasjon, og har vore om bord på svært mange av skipa som har lagt til kai i bygda.

No nærmar han seg 80-år og har pensjonert seg, men når Olden i dag fekk besøk av det største skipet nokon sinne var det ingen som kunne halde han unna. Han vedgår at det er litt uvant å ikkje vere i sentrum av alt som skjer.

– Eg må vedgå at det har vore ei stor endring å bli pensjonist, men det var vel kanskje på tide? Eg har byrja tenkje litt på at pensjonsalderen ikkje berre er noko ein har funne på, den skal brukast, seier han til NRK.no.

I går fekk han telefon og vart invitert om bord for å helse på kapteinen. Det sa han sjølvsagt ikkje nei til.

– Eg vart veldig glad få eg fekk telefonen, gliser han før han går mot innsjekkinga.

I helga var «Independence of the Seas» på besøk i Flåm. Det er det største skipet som har vitja cruisehamna der nokon sinne.

Cruiseskipet Queen Elizabeth er her på veg inn Nordfjorden. Her passerer det Hopland.

PÅ VEG: Medan passasjerane vakna til liv sigla Queen Elizabeth i morgontimane inn Nordfjorden. Her passerer det Hopland.

Foto: Edvin Rand/MMS-foto