Hopp til innhold

Gigantisk cruiseskip besøkte Flåm

2. pinsedag har Flåm besøk av det største skipet dei har hatt nokosinne. Over 5000 personar er om bord på «Independence of the Seas».

Flåm i Aurland er ei ettertrakta hamn for cruiseselskap og gjestane deira. Kvar sommar kjem mange cruiseskip inn i den tronge fjorden.

«Independence of the Seas» har med seg 3800 passasjerar og eit mannskap på 1300. Det har heile 1800 lugarar, er 160.000 bruttotonn og lengda er 339 meter.

Hamnesjef John Erik Johnsen seier dette er det største cruiseskipet som har vore på besøk i Flåm.

– Det kom klokka 12:30 og skal liggje til 23:00 i kveld. Neste stopp er cruisehamna i Skjolden, seier han.

Kjem to gonger til

Gigantskipet er venta to gonger til i år, i byrjinga av juni og i midten av september. Hamnesjefen tykkjer det er stas å få besøk av dette skipet.

– Og i dag er vi ekstra heldige med eit fantastisk vêr. Mange av cruisegjestene har gått i land og er med på turar, som til dømes Flåmsbana, seier han.

Rekordsesong

I tillegg til alle cruisegjestene, er det mange andre som har nytte pinsedagen til eit besøk i Flåm.

– Vi har mange tilreisande som har kome for å sjå på cruiseskipet.

Johnsen seier det går mot ny rekord i Flåm denne sesongen.

– Det går veldig bra og vi ventar over 170 skip til hamna vår, fortel han.