Hopp til innhold

- Fullt mogeleg å tene på cruiseturistar

Cruiseagent John Olav Lefdal i Nordfjord meiner det er fullt mogeleg for næringslivet å tene pengar på den stadig aukande mengda av cruiseturistar som kjem til Sogn og Fjordane.

Cruiseskip i Olden

LEGG DEI ATT PENGAR? Usemje om kor lønsamt det er med cruiseturistar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, gjekk denne veka ut og åtvara mot at cruisenæringa vil gje lite inntekter.

Men Lefdal meiner reiselivsbransjen må klare å tene pengar både på masseturisme frå cruise og på individuelle reisande.

– Eg trur vi må ha begge delar, og eg trur det er plass til begge delar. Vi må berre snu oss rundt og finne nye måtar å tene pengar på.

– Mange er faktisk veldig rike

John Olav Lefdal overtok nyleg drifta av cruisekaia i Olden etter far sin, Aslak "Lakken" Lefdal. Han reagerer på at næringsdirektør Jan Heggheim i fylkeskommunen denne veka gjekk hardt ut mot den stadig veksande cruiseturismen og hevda at turistane knapt legg att ei krone i land.

Lefdal meiner aktørane i reiselivet må akseptere at stadig fleire vil velje "all-inclusive"-turar med cruiseskip for å sjå naturen vår.

– Vi nordmenn nyttar oss også og av billegturar til utlandet, og då må vi forstå at massen og kjem hit med cruiseskip. Men mange av dei er faktisk veldig rike, og dei kjem kanskje att neste år og blir her ein månad fordi dei synest det er så fantastisk her.

Jan Heggheim

- LITE Å HENTE: Fylkesdirektør Jan Heggheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Naivt

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, slo denne veka fast at inntektene frå cruisepassasjerar er forsvinnande liten for næringane på land. Han meiner at nokre, som til dømes cruisemiljøet i Olden vil tene pengar, men at dei vil vere i eit fåtal.

– Det å forvente at ein cruiseturist kjem i land klar til å bruke mykje ekstra pengar meiner eg er naivt.

Flåm stasjon

LITE PENGAR? Cruisebåtpassasjerar slappar av i Flåm.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Må tilpasse seg

Tilgjengeleg statistikk syner at cruiseturistar som blir med på utflukter brukar om lag 580 kroner dagen i Norge, dei som berre går i land brukar kring 150 kroner kvar dag.

Forskingsleiar Petter Dybedal ved Transportøkonomisk Institutt meiner at næringane på land er nøydde til tilpasse seg stadig fleire lågprisreisande cruiseturistar.

– Cruiseturismen vil halde fram med å vekse, og då må vi velje om vi skal prøve å utnytte det eller ikkje. Og svaret er vel gitt, det er ei reiselivsform vi er nøydde til å forholde oss til.