Hopp til innhold

Nytt bråk under bordtennis-NM – parautøvarar trekte seg etter å ha blitt tilvist til «kjellaren»

For andre året på rad opplevde parautøvarar å bli nedprioriterte. – Eg er forbanna, seier presidenten, som varslar at NM-helga får konsekvensar.

Sommer-Paralympics i Tokyo 2021

TREKTE SEG: Tommy Urhaug er mangeårig noregsmeister og Paralympics-meister i bordtennis. Han er skuffa over at sporten etter hans syn nok ein gong nedprioriterer parautøvarane.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Det er berre eit år sidan det kom krass kritikk frå parautøvarane under NM i bordtennis i 2022.

Fleire reagerte på markant lågare premiepengar, og at dei måtte spele på bord langt unna publikum.

Noregs Bordtennisforbund hadde oppvaskmøtet og beskjeden var tydeleg: Dette skal rettast opp i.

Men då parautøvarane møtte opp til årets NM på Fornebu, var overraskinga stor.

Blei møtt av skeive nett og bord i kjellaren

Steffen Lande Salomonsen frå Stord er ein av dei mest profilerte parautøvarane, som mellom anna vann gull i dobbeltklassa i fjor og sølv i open klasse.

Han gledde seg stort til årets meisterskap og hadde med familien som tilskodarar, men vart særs overraska då gruppespelet gjekk føre seg i treningshallen til arrangørklubben Fornebu BTK.

– I fjor var vi i alle fall i same hall. I år var vi i treningshallen, der dei andre varma opp til sine kampar.

Han viser vidare til at bordtennisnettet var skeivt og at det mangla skilje rundt borda for å stogge ballane. Lokalet var heller ikkje pynta, eller på anna vis markert at det var snakk om eit noregsmeisterskap.

I hallen der dei funksjonsfrisk spelte, var det pynta til fest.

Steffen Lande Salomonsen FB-innlegg etter bordtennis-NM

SKJERMDUMP:

Foto: Skjermdump / Facebook

Kritiserte arrangøren – hevdar han blei kalla «søppelmenneske»

Salomonsen skriv sjølv på Facebook kva som skjedde då han tok opp saka med leiaren i klubben.

«Eg blir då diverre møtt med direkte personangrep, som inneheld diskriminering og nedlatande kommentarar. Medrekna, at eg var eit «jævla søppelmenneske», utakksam og at eg burde berre vere takknemleg for at me i det hele tatt fekk lov til å spela.»

Han syntest hendinga var så vond at han valde å trekke seg frå årets NM.

NRK har snakka med arrangørrepresentanten som var i munnhoggeri med Salomonsen, Olav Haraldseid.

Han vedgår at det var høglydt diskusjon, men han meiner Salomonsen har høyrt feil og avviser på det sterkaste å ha kalla Salomonsen eit søppelmenneske.

– Eg sa at «det du seier no er berre søppel», og så vart det tolka til at eg kalla han «søppelmenneske».

Haraldseid viser også til at Fornebu BTK spelar sine heimekampar i hallen som parautøvarane kritiserte.

Vidare at tre overdommarar både sjekka nett og anna utstyr i hallen.

– Det er eit nasjonalt treningssenter, med utmerka lysforhold og utmerka golv. Det var også funksjonsfriske som spelte der i løpet av helga, og det var godkjent av bordtennisforbundet, seier Haraldseid.

Uttala du at spelaren var utakksam og at dei burde vere glade for at dei fekk spele der?

– Det har eg ikkje sagt.

Haraldseid seier han sjølv var skjelt ut av Salomonsen og kalla for «rasshøl». Til Nettavisen avviser Salomonsen at han brukte det ordet, men seier at han brukte orda «dra til helvete.»

Han viser til at det er bordtennisforbundet sjølv som bestemmer kven som skal spele kor gjennom ein såkalla teknisk delegert, som representerer forbundet. Og at eventuell kritikk bør rettast dit, ikkje mot arrangøren.

– På grunn av tidsskjema og at vi måtte spele mange kampar samstundes, så kunne vi ikkje spele alle kampane i same hall.

Sommer-Paralympics i Tokyo 2021 - Bordtennis

PARALYMPICS: Tommy Urhaug under Paralympics i Tokyo i 2021. Bordtennisutøvaren tok gull i London i 2012.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Presidenten: – Dette vil få konsekvensar

Salomonsen var ikkje den einaste som reagerte på forholda.

Også ein av Noregs mestvinnande bordtennisspelarar og mange gongar Paralympics-medaljør, Tommy Urhaug, reagerte. Han valde, i lag med ein annan parautøvar, å trekka seg i protest, skriv Nettavisen.

– Etter det me opplevde på NM i fjor og etterspelet som var etter det, hadde me som parautøvarar eit håp om at årets NM skulle bli betre. Men det held dessverre fram. Me ber ikkje om anna enn likestilling og moglegheit til å driva idrett på lik linje som alle andre, skreiv Urhaug på Facebook laurdag kveld.

Christian Ibenfeldt president i Noregs Bordtennisforbund, reagerer kraftig.

Han fortel at saka vil bli handtert i eit ekstraordinært styremøte måndag.

– Eg er skuffa og forbanna på grunn av det som skjedde. Me har vår utsende representant som skal passa på at dette (plasseringa av parautøvarane sine kampar) ikkje skulle skje. Der har det svikta. Me kjem til å ha eit styremøte på måndag der denne saka vil bli tatt opp. Dette kjem til å få konsekvensar.

Presidenten var til stades i hallen under krangelen laurdag, men kom inn like etter munnhoggeriet. Han vil ikkje ta stilling til kven som sa kva i media.

– Eg var der ikkje sjølv, men det er fleire som seier at dei har høyrt det som Salomonsen seier, og så har eg høyrt nokre som støttar det den andre parten sa. No blir det ei sak der begge får gi sin versjon, seier ein tydeleg opprørt Ibenfeldt, før han legg til:

– Det høyrer ikkje heime nokon plass. Eg forventar også at det kjem ei varslingssak på dette. Eg kan difor ikkje seia så mykje om det, anna at dette ikkje skal skje.

Olav Haraldseid seier han i ei varslingssak føler han har ei god sak.

– Eg har vitne på det som blei sagt. Det får bli ei sak som kjem opp, og så får begge partar seie sin versjon med dei som var til stades. Så får det danne grunnlaget. Det blir feil å spekulere.

Les også Bordtennisforbundet snur etter sterk kritikk: – Dette skal rettes opp i

Urhaug og Dahlen

– Berre trist

Året etter at NM-arrangøren i Bergen fekk kritikk for å ikkje prioritera parautøvarane på lik linje med dei funksjonsfriske, trekker fleire av parautøvarar seg i protest. Kva seier du til det?

– Det er berre trist. Eg har snakka med utøvarane, og eg håpar og trur at dei skjønar at me i forbundet vil at dei skal ha det bra og vera likestilte.

Presidenten varslar at saka vil få større konsekvensar denne gongen. I fjor blei arrangøren kalla inn på teppet.

Seinast for tre veker sidan sende presidenten påminning om tre lærepunkt dei tok med seg frå NM i fjor: Likestilt bordplassering, lik kvalitet på dommarar og like premiar.

Eg fekk tilbakemelding på at dette hadde dei kontroll på, og så skjer dette. Eg er lei meg, eg er forbanna på vegner av forbundet. Det er tungt, og dette har ikkje vore noko gøy, seier ein tydeleg opprørt forbundsleiar.

– Me trudde me hadde klart å få til ei haldningsendring dette året, og så er det noko som sviktar. I fjor fekk det ingen større konsekvensar bortsett frå nokre alvorlege samtalar. I år kjem det til å få konsekvensar, så mykje kan eg seia.