Hopp til innhold

Fire parti vil bygge ut: - Håpar på større fengsel i 2018

Både opposisjonen og regjeringa sine støtteparti stiller seg bak kravet om utbygginga av Vik fengsel.

Roy Egil Stadheim

UTBYGGING: – Alle politikarane eg har snakka med er innstilt på å få til utbygginga, så eg går ut frå at dei får det til, seier leiar for Vik fengsel, Roy Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er alltid optimist, så eg trur og håpar at det kjem på plass, seier Roy Stadheim, leiar for fengselet i Vik.

Stortinget ynskjer å gje pengar til å bygge ut fengselet, men då regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett tidlegare i år, var det ikkje sett av pengar til føremålet. Eit etter eit har opposisjons- og støttepartia lagt fram sine alternative forslag til kva staten skal bruke pengar på neste år. Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Venstre og KrF er samde om at ein må prioritere dei kring 20 millionane som trengst for å bygge ut fengselet i Vik.

– Det er ei viktig sak å få ein god dialog med andre parti og sikre oppstartsmidlar til fengselsplassar i Vik. Det er nok Venstre og KrF som til sjuande og sist vil avgjere, seier Liv Signe Navarsete i Senterpartiet.

Liv Signe Navarsete

OPPOSISJON: Liv Signe Navarsete i Senterpartiet set sin lit til at KrF og Venstre får regjeringa med på å bygge ut fleire fengselsplassar i Vik.

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Regjeringa bestemmer

Senterpartiet legg fram sitt forslag til alternativt statsbudsjett komande veke, men har allereie letta på sløret i høve nokre prioriteringar. Høgre, Frp, Venstre og KrF driv no intense forhandlingar om statsbudsjettet, og gav seg sjølve tidlegare i veka ti dagar ekstra til å forhandle om kva som skal få pengar og ikkje.

– Pengar til Vik betyr fleire soningsplassar i Noreg, og arbeidsplassar i Vik, seier Navarsete.

Stadheim har vore i same situasjon før, at politikarane vil prioritere utbygginga, men til sjuande og sist så når ikkje prosjektet opp. Ei utbygging vil gje 30 nye lukka soningsplassar og mellom 20 og 25 nye årsverk. Kostnaden er rekna å totalt kome på 42 millionar kroner.

– Eg håpar dei skjønar no at dei berre må gjere det. Eg har også snakka med Ulf Leirstein i Frp, og han seier dei framleis jobbar for å få dette inn i budsjettet.

Kjem det pengar til fengselet vil arbeidet kunne starte våren 2017 og vere ferdig i 2018.