Hopp til innhold

Skuffa over manglande fengselssatsing

– Regjeringa burde heller brukt noko av pengane dei brukar på fengselsplassar i utlandet til utviding av fengselet i Vik, seier Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Vik fengsel

IKKJE PENGAR: Fengselet i Vik fekk ikkje pengar til den planlagde utvidinga av fengselet, då statsbudsjettet vart lagt fram denne veka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I Vik hadde dei håpa på 40 millionar til 25 nye distriktsjobbar.

Men då framlegget til statsbudsjett for 2017 vart lagt fram klokka 10 torsdag synte det snart at slik vart det ikkje.

– Eg tykkjer det er trasig at regjering vel å bruke pengane på å skape utanlandske arbeidsplassar, gjennom å leige fengselsplassar i Nederland.

Sidan 1. september i 2015 har norske fangar blitt sende til Norgerhaven fengsel i Nederland , for å få ned soningskøen i norske fengsel. Heggø meiner pengane som går til dette kunne vore brukte betre ved å bygge ut norske fengsel.

Ingrid Heggø

FENGSELSPLASSAR: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) vil heller bygge ut norske fengsel, framfor å leige fengselsplassar i Nederland.

Foto: Privat

Denne avtalen burde vore sagt opp med ein gong. Berre på valutajusteringar, på grunn av kronekursen, brukar regjeringa 21 millionar kroner i dette budsjettet når dei leiger fengselsplassar i Nederland. Det kunne gitt om lag 30 nye stillingar i norske fengsel, seier Heggø.