Hopp til innhold

Feirar 100 år med skipsbygging

LEIRVIK (NRK): – Eg har eit tett forhold til verftet, og eg ser nesten på båtane her som babyane mine, fortel Rita Ørnehaug. Ho er fjerde generasjon ved verftet i Leirvik.

Rita Ørnehaug

FJERDE GENERASJON: Rita Ørnehaug jobbar ved verftet som oldefaren starta for 100 år sidan.

Foto: Privat

Laurdag inviterer Havyard Leirvik til fest for å feire at det er 100 år sidan den første slippen blei bygd ved elvemunningen i Leirvik. Rita Ørnehaug er oldebarn til grunnleggaren av skipsverftet, Jonas Løland.

– I 1918 oppretta oldefaren min og ein anna kar ein patentslipp, der dei reparerte motorar. Sjølve verftsdelen starta i 1938, fortel ho.

Stolt av forfedrane

Etter kvart blei verksemda bygd ut og blei ein hjørnesteinsbedrift i kommunen.

– Jonas fekk med seg sønene sine. Dei bygde mellom anna båtar til Fylkesbaatane og fiskebåtar.

Ho er takksam for det som oldefaren starta for 100 år sidan.

– Verftet hadde ikkje vore her om det ikkje var for den innsatsen. Eg er stolt på deira vegner, men eg er også sikkert på at mine forfedrar hadde vore stolte om dei såg kva verftet er i dag.

Sjølv om ikkje verftet i dag ikkje er eigd av familien, er ho framleis glad for å jobbe der.

– Heilt sidan eg var eg var bitte liten har eg fått lov å vere om bord i båtane. Etter kvart byrja eg i produksjonen sjølv, og eg ser nesten på båtane som babyane mine.

Har hatt tøffe år

Lasse Stokkeland

DAGLEG LEIAR: Lasse Stokkeland seier verftet er ein livskraftig 100-åring.

Foto: Privat

Men båtbygging er ein industri med både oppturar og nedturar. Etter nokre tøffe år ser framtida god ut for skipsverftet Havyard i Leirvik. Dagleg leiar Lasse Stokkeland meiner verftet er ein livskraftig 100-åring.

– Fjoråret var vanskeleg med låg aktivitet og mange permitterte. Det er framleis tøft i norsk skipsfartsnæring, men vi er optimistar med tanke på dei neste 100 åra.

Han fortel om fullskrivne ordrebøker, der dei skal byggje 13 ferjer, ein pelagisk trålar og ein brønnbåt innan 2019.

– Vi har omstilt oss, men vi må levere før vi kan seie at vi har greidd omstillinga.

Trur på 100 nye år

Han er likevel optimist og trur dei har greidd å snu seg rundt.

– Dette er ein industri med store svingingar, men også med store moglegheiter. Det vil krevje omstilling og forbetringar, så vi må utfordre oss sjølv kvar einaste dag. Gjer vi det, vil vi vere her om 100 år også.

Og i morgon skal altså dei første 100 åra feirast med open dag og artistar som Dagny og Vilde og Anna. Rita Ørnehaug gler seg til folkefest.

– Det er stas å feire at vi har drive industri i verdsklasse i så mange år.

– Kva hadde Leirvik vore utan verftet?

– Det hadde det nok vore ein mykje mindre plass enn det er i dag, seier ho.

Havyard Leirvik mai 2015

VERFTET: Her ligg Havyard Leirvik i Hyllestad kommune.

Foto: Alf Vidar Snæland