I dag blei det kjend at Norges største ferjerederi, Fjord1, har skrive kontrakt om kjøp av sju nye ferjer. Fem av desse skal byggjast og klargjerast i Norge, to av ferjene i Tyrkia. Kontrakten har ein totalverdi på nær ein milliard kroner.
– For Havyard er det ei fin stadfesting på den posisjonen vi alt har inntatt der vi er med og utvikle den grøne revolusjonen for norske fjordar. I tillegg får vi levere skip frå eigen design og dette er på alle måtar ein kjempeordre, seier salsdirektør i Havyard, Lars Conradi Andersen.
Alle er miljøferjer
Dei nye ferjene skal gå på ferjestrekningar i Hordaland og i Møre og Romsdal, og skal gå på straum. Denne teknologien er i dag i bruk på E39-sambandet Lote – Anda i Nordfjord.
Fjord1 er glade for at dei kunne gje storkontrakten om bygging av fem av ferjene til eit heilnorsk selskap og at det sikrar arbeid for verftet i Leirvik i Ytre Sogn.
– At vi får bygd dei på norske verft er veldig gledeleg. Med desse båtane finn vi det beste innan miljøteknologi. Det setter lite fotavtrykk på energi. Det er elektrisk drivne ferjer som ligg heilt i første linje, seier teknisk direktør i Fjord1, Deon Mortensen.
Skal i drift innan to år
Dei sju nye ferjene skal leverast til Fjord1 hausten 2019. Dei fem fartøya som Havyard leverer, skal inn i sambanda i «Nordmørspakken» (Kvanne-Rykkjem, og Edøya-Sandvika), og «Rutepakke 1, Hordaland» (Fedje-Sevrøy, og Langevåg-Buavåg). Desse ferjene har plass til 50 personbilar.
Dei to ferjene frå Cemre Shipyard skal inn i sambandet Seivika-Tømmervåg, og har kapasitet til 80 personbilar.