Hopp til innhold

Elisabet er med på å gjere Sogn og Fjordane best, men den statistikken kjem til å drukne i Vestland

SØRSTRANDA, GLOPPEN (NRK): Ho har levd eit langt liv, drikk sjeldan alkohol, har god helse og skilde seg aldri. Dette er ting som Sogn og Fjordane alltid har vore best på. No er det slutt på det, på ein måte.

Elisabet Gimmestad, heime på Gimmestad i Gloppen.

BUR HEIME: Huset er frå 1910, og Elisabet Gimmestad har barna nært rundt seg. Dermed kan ho bu heime framleis. Det er ho veldig glad for.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Elisabet Gimmestad sit med debutboka føre seg, heime i stova på Gimmestad. Huset står mellom dei to kyrkjene Gimmestad og Gimmestad – den gamle og den nye.

Stova er 109 år gamal, ho sjølv er 95. Ho går ikkje med på å vere ein representant for fylket. Men ho er ein del av den statistikken Sogn og Fjordane er best på, den som no glid inn og forsvinn i Vestland. Ho kan ikkje anna enn å gle seg over å ha nådd ein såpass høg alder.

– Eg vil seie det, når eg er så frisk og så klår i hovudet.

Verken dei eldre, Elisabet eller statistikken i seg sjølv forsvinn, men fylket forsvinn. Dermed kan også visse uforklarlege statistiske fenomen verte vanskelegare å sjå.

Elisabet Gimmestad i stova på Sørstranda i Gloppen.

BOKDEBUTANT: Elisabet Gimmestad har samla historia om sin oppvekst og arbeid på garden på Sørstranda i Gloppen.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Forstår me Sogn og Fjordane?

For no er det over. Onsdag er fylkeskommunen Sogn og Fjordane historie.

Det skulle vare i dryge 256 år. I 1763 vart Nordre Bergenhus amt stifta, det som skulle byte namn til Sogn og Fjordane i 1919. Namnet rakk altså akkurat å bli 100 år gamalt. Vestland fylke er det som gjeld no.

Nokon synest dette er tristare enn andre. Austanfjells driv dei på med fylkesnostalgi i ganske siviliserte former. Ein kan kjøpe fylkesskilta som straks går ut på dato, og inntektene går til gode formål. Her i Sogn og Fjordane stel me dei berre. Nei da, ikkje fordi me er vandalar, men fordi me kjem til å sakne fylket.

Det gjer også statsvitar Trond Reidar Hole, som er svært statistikkinteressert. Her er han, med eit modig smil:

Trond Reidar Hole

SOGN OG FJORDANE-ENTUSIAST: Trond Reidar Hole, statsvitar i Parat, er blant dei som kjem til å sakne Sogn og Fjordane.

Foto: hoyre.no

– Kvifor kjem du til å sakne Sogn og Fjordane?

– Fordi Sogn og Fjordane har tilfredsstilt mi intellektuelle nysgjerrigheit når det gjeld å få forklaringar – og ikkje få forklaringar – på ulike forhold i samfunnet.

Han kallar det «uforklarleg variants». Hans eige omgrep.

– Det er knytt til økonomi, utdanning, alkoholbruk, vald, kultur og lærarutdanning. Nesten alt. Ein kan jo bli høg på pæra av å bu i Sogn og Fjordane, seier han.

Og sånne ting synest Hole er gøy. Så gøy at han ropar eit varsku og brukar ord som «angst og beven». For kor skal han finne statistiske krumspring når fylket forsvinn inn i Vestland? Legg me ned fylket før me har forstått det heilt? spør Hole.

– Me tapar informasjon. Slikt er utruleg viktig å vite for samfunnet, særleg når ein ikkje kan attskape det. For då handlar det om å ta vare på noko i samfunnet og dyrke det.

Eit godt liv

Elisabet Gimmestad er ikkje blant dei som stel fylkesskilt. Men ho er god å ha i ei slik sak uansett, og ikkje berre fordi ho serverer reporteren bollar, kaffi og Mozell.

Det me alle er gode på i Sogn og Fjordane, er også ho god til. Ho er snart 100, ho drikk svært sjeldan, og ho skilde seg aldri.

At fylket forsvinn er ho ikkje oppteken av, men ho vil seie dette:

– Eg har hatt eit godt liv her.

Såpass godt at ho framleis kan bu heime i det over 100 år gamle huset, som står på ei høgd på Sørstranda i Gloppen.

Elisabet Gimmestad blar i boka si.

YNGRE DAGAR: Elisabet Gimmestad og dottera har samla inn mange bilete. Dette, av Elisabet sjølv, har dei fått låne frå Marit Rygg.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Og ja, bokdebutant. Me veit ikkje sikkert om Sogn og Fjordane også er best på bokdebutantar i 90-årsalderen, men me trur det. Statistisk sentralbyrå har ikkje kolonnar for slikt. (For ordens skuld: Me veit sikkert at det ikkje er verdsrekord.)

Elisabet Gimmestad har skrive om liv og oppvekst i den vesle bygda. Tittelen kunne ikkje bli anna enn «Oppvekst og daglegliv på Rygg». Eit liv ho ikkje ville skulle gå heilt gløymt. Ho har samla tankar og tekstar i mange, mange år. No var det på tide å lage bok av det.

– Om ikkje eg, så kven då?

Ho har nokre forklaringar på korleis ho har levd så godt, så lenge: jobb, fysisk aktivitet og dei tre borna. Alle bur framleis rett i nærleiken, tett på.

– Eg har hatt tre staute born som har hjelpt meg, seier ho.

Elisabet Gimmestad byr på kaffi, Mozell og bok.

SJENERØST SELSKAP: Elisabet Gimmestad byr på kaffi, Mozell og boklesing.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Tilgjengeleg, men ikkje enkelt

Trond Reidar Hole, statsvitaren, har eitt einaste håp. Han vil at Statistisk sentralbyrå (SSB) skal behalde Sogn og Fjordane som ein eigen del av statistikkane også i framtida.

Me må skuffe han.

Vilni Verner Holst Bloch, Statistisk sentralbyrå.

GLADLAKS: Vilni Verner Holst Bloch i SSB er frå Vestfold opphavleg. Når han skal seie noko fint om Østfold, så skryt han over utsikta dei har til Vestfold.

Vilni Verner Holst Bloch i SSB ser veldig glad ut, men har denne meldinga å kome med:

– Frå og med nyttår så kjem Sogn og Fjordane til å forsvinne som statistisk eining.

Han forklarer at entusiastar som Hole framleis kan finne fram til Sogn og Fjordane-spesifikk statistikk, men då må dei gå i djupna.

– Me skal prøve å finne løysingar som gjer at me beheld Sogn og Fjordane i ei eller anna form, seier Bloch.

Flest 100-åringar

Elisabet Gimmestad er ikkje så oppteken av å bli del av ein annan statistikk som Sogn og Fjordane også har vore best på: Flest 100-åringar. Som mannen hennar blei.

– Nei, eg tek ein dag om gongen.

Og me tek farvel med eit annleis fylke. Me skal ikkje grave oss ned, men Trond Reidar Hole kan likevel få avslutte artikkelen. Han sa det så godt: «Eg saknar alt Sogn og Fjordane. Skikkeleg.»

Sogn og fjordane songen framført av Ola Weel Skram og Aspirant- og jentekoret i korskulen i Førde Kyrkje

Sogn og fjordane songen framført av Ola Weel Skram og Aspirant- og jentekoret i korskulen i Førde Kyrkje