Hopp til innhold

Får sjukeheimsplass likevel – men berre ut juli

90 år gamle Trygve Styve blei nekta sjukeheimsplass trass fleire stygge uhell i heimen. I sommar får han koma på institusjon, men ingen fast sjukeheimsplass.

Trygve Styve sammen med datteren

FOR FRISK: Både Trygve Styve sjølv, og dottera Solgunn Styve, meiner Trygve ikkje er frisk nok til å ta vare på seg sjølv. Kommunen meiner derimot at Trygve er for frisk til å bu fast på sjukeheim. No får han midlertidig sjukeheimsplass.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Viss dei på sjukeheimen får sjå korleis eg har det, håpar eg at eg får fast plass til slutt. Det er det eg ynskjer meg framfor alt.

90 år gamle Trygve Styve er nekta fast sjukeheimsplass i Voss kommune, trass i at både han og hans næraste pårørande meiner han ikkje kan ta vare på seg sjølv.

Etter han fall for andre gong på kort tid, og blei sendt heim frå sjukehus, rann begeret over for barna hans.

For to veker sidan publiserte Erlend Styve eit bilete av sin skadde far på Facebook. Sidan har det hagla inn med reaksjonar på sosiale medium.

Trygve Styve
Foto: Facebook

Får plass ut juli

Innlegget og forteljinga til Styve har vekt sterke reaksjonar i Voss kommune. Reglane for tildelinga av sjukeheimsplass i kommunen skal no opp til ny revisjon. Då er saka til Styve noko av det politikarane vil leggja vekt på.

– Det er administrasjonen som må svara på når Styve kan få sjukeheimsplass. Eg reknar med at han får svar så snart som mogleg, sa ordførar Hans Erik Ringkjøb til NRK i førre veke.

I dag får 90-åringen besøk av heimesjukepleia tre gongar om dagen, for å få hjelp til å ta medisinar. Elles må han gjere det meste sjølv. Borna fortel at faren har blitt dårlegare den siste månaden.

Trygve Styve og Solgunn Styve

PÅ PLASS PÅ KOMMUNEHUSET: Trygve Styve saman med datteren Solgunn Styve.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Kvar gong han har falle har ting vorte verre. Kommunen verkar å ha nokre sterke prinsipp, men eg håpar ein kan bruke skjønn også, har dottera Solgunn Styve tidlegare uttalt til NRK.

No har altså Voss kommune bestemt at Trygve Styve får omsorgsplass fram til 10. juli, og deretter ein avlastingsplass ut juli.

– Det er veldig godt at dei no får sjå korleis eg har det, og at eg ikkje er i stand til å stella meg sjølv i denne leilegheita lenger.

– Reknar med dei vil vurdera tilstanden hans

Familien hadde eit møte med tildelingskontoret i Voss kommune torsdag, og fekk svar frå dei i dag. 90-åringen får plass allereie frå onsdag, men får altså ingen fast sjukeheimsplass.

– Me er veldige glade for at han har fått plass. Det gjer det mogleg for oss å reisa på ferie utan at frykta for noko skal skje skal henga over oss, seier sonen Erlend Styve, til NRK.

Solgun og Erlend Styve

PÅRØRANDE: Solgunn og Erlend Styve har stått i kampen for at faren Trygve skal få fast sjukeheimsplass i Voss kommune. Måndag kom den første sigeren i form av avlastingsplass ut juli.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Aller helst hadde borna og kona Anne Styve, som fekk sjukeheimsplass etter eit slag for nokre år sidan, håpa at 90-åringen fekk fast sjukeheimsplass.

– Då hadde me kunna senka skuldrene skikkeleg. Men eg reknar med at dei vil vurdera tilstanden hans no når han skal inn.