Hopp til innhold

Framleis uvisst om Trygve (90) får sjukeheimsplass

VOSS SJUKEHEIM (NRK): Trass i at Trygve Styve (90) ifølge dei pårørande er sterkt hjelpetrengande, kan kommunen framleis ikkje svare på om han får flytte på sjukeheim. – Dette er det einaste han ønskjer seg no.

Kjersti Nordanger

VENTAR: Kommunalsjef for helse og omsorg i Voss kommune, Kjersti Nordanger, seier alle som søkjer sjukeheimsplass i kommunen må gjennom ein vurderingsprosess.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

– Vi har ikkje fått noko som helst svar på om det er håp, seier Solgunn Styve.

Den siste veka har den 90 år gamle far hennar fått merksemd frå heile landet, etter at det vart kjend at han ikkje får sjukeheimsplass – sjølv om han treng hjelp til det meste, og fleire gonger har falle og slått seg stygt.

Torsdag var 90-åringen på vurderingsbesøk på sjukeheimen på Voss.

– Alle som søker kommunen om slik hjelp vert vurdert av tildelingskontoret gjennom vurderingsbesøk. Her tek ein utgangspunkt i det brukaren kan og kva kommunen kan hjelpe med, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Voss kommune, Kjersti Nordanger.

Uvisst når

– Tildelingskontoret vil no setje saman alle opplysningar dei har fått inn og gjere ei totalvurdering, før det vert fatta vedtak. Målet er å finne riktig omsorgsnivå for alle som søker hjelp, seier Nordanger.

Ho kan ikkje kommentere enkeltsaker, mein seier at Voss har eit godt sjukeheimstilbod.

– Samanlikna med dei kommunane det er aktuelt å samanlikna oss med, ligg Voss godt an.

Det er Styve sjølv og dei to borna hans ikkje heilt einige i.

– Det verkar som det sit langt inne for kommunen å gje sjukeheimsplassar. Det er eit stekt prinsipp at folk skal klare seg heime så lenge som mogleg, seier dottera Solgunn Styve.

Trygve Styve

MYKJE MERKSEMD: Erlend Styve sitt Facebook-innlegg om faren har fått mykje merksemd. Her tek han eit kraftig oppgjer med helsetenesta i Voss kommune.

Foto: Facebook

Etter møtet på sjukeheimen torsdag, er søskena framleis usikre på kva veg det går.

– Ein veit jo aldri. Dette har med retningslinjene til kommunen å gjere, så vi får sjå, seier Erlend Styve.

– Det einaste ønsket

– Far vår klarar seg ikkje sjølv lenger, han må få ein døgnbasert omsorgsplass på eit eller anna vis. Ingen av oss klarar å roe oss ned før det skjer, seier Solgunn.

I dag får 90-åringen besøk av heimesjukepleia tre gongar om dagen, for å få hjelp til å ta medisinar. Elles må han gjere det meste sjølv. Borna fortel at faren har blitt dårlegare den siste månaden.

– Kvar gong han har falle har ting vorte verre. Kommunen verkar å ha nokre sterke prinsipp, men eg håpar ein kan bruke skjønn også, seier Solgunn.

Solgun og Erlend Styve

UROA: Solgunn og Erlend Styve er bekymra for faren, som dei meiner ikkje lenger er i stand til å bu heime åleine.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

– Sjukeheimsplass er det einaste far vår ønskjer seg no, og eg håper kommunen høyrer på det. Når ein kjenner seg så til dei grader hjelpelaus som han gjer, er dette det einaste fornuftige, seier Erlend.

Førebels har der ikkje kome tilbakemeldingar frå kommunen, men truleg vil ikkje ventetida strekke ut så mykje lenger.

– Vi er blitt lova svar seinast på måndag.