Hopp til innhold

Får måkane for mykje tyn? Ja, meiner dyreaktivist

Det har vore skrive mykje om aggressive og pågåande måkar den siste tida. Dyreaktivist meiner media har hatt feil fokus.

Måker

BESKYTTAR: Overbeskyttande måkeforeldre stupar ned på alt og alle som nærmar seg måkeungane.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Saker om «terror-måkane» og at dei er «ei forferdeleg plage» har blitt ein gjengangar i norske medium.

NRK har tidlegare skrive om Henrik som brakk handleddet etter måkeangrep, og om politikaren Gunnar Pedersen (H) som ville gi p-piller til måkane i Tromsø.

Etter p-pille utspelet til Pedersen, fekk dyreaktivisten Jenny Rolness i Dyrenes rett, nok.

– Media må slutte å framstille måkar som «terroristar».

Ho meiner at media driv einsarta journalistikk av måkane som lever i tettbygde strøk.

– Det blir framstilt som om måkane er til plage for folk, medan det er lite fokus på kvifor måkane er i byen.

Rolness seier at dette ikkje er noko som media bør skrive om, fordi det er naturleg åtferd hjå fuglen som menneske ikkje kan forandre på.

– Vi skal spegle samfunnet

Helge Nitteberg er redaktør i Nordlys, avisa i Tromsø som først melde om Høgre-politikaren som ville gi p-piller til måkane.

Han merkar seg at måkane har blitt ei utfordring i byen og at dei i aukande grad blir gjenstand for betente saker.

– Rolla til media er likevel er å spegle dei utfordringane og haldningane som finst i samfunnet, seier han.

Helge Nitteberg

SPEGLE: Sjefredaktør i Nordlys Helge Nitteberg ser at måkane ofte blir til syndebukk, men fortel at rolla deira som avis er å spegle haldningar som finst i samfunnet.

Foto: Ole Åsheim / Nordlys

Nitteberg understrekar at dei reknar seg som ei dyrevenleg avis og er med på at det ikkje er måkane sin feil at dei har blitt så nærgåande.

– Vi brukar ofte naturvernarar som kjelder i måke-sakene, noko som bidrar til eit breiare bilete av problemstillinga, seier han.

Ei anna viktig oppgåve for dei som avis er å vise fram ny kunnskap og løysingar. Han viser til at avisa har sette lys på krykkjehotell som eit mogleg svar på utfordringa.

– Det er lett å hytte med neven og vere fortvila, men vi har også ei oppgåve i å vise fram løysingar, seier han.

Vår skuld at måkene er blitt urbane

Naturvernar og tidlegare fylkespolitikar for MDG Stein Malkenes seier at dette er eit tilbakevendande emne kvart år, og at måke-problemet som media skildrar har ei bakanforliggande årsak.

– Vi har hatt ein kollaps i sjøfuglbestandane dei siste 20 åra. Det er på grunn av matmangel i havet grunna i at vi fiskar opp sjøfuglmaten. Dette fører til at måkane blir urbane.

Stein Malkenes

VÅR SKULD: – Menneske overforbrukar delar av økosystemet og tvingar artane til å finne andre løysingar, seier naturvernar og MDG politikar Stein Malkenes.

Foto: Bård Siem / NRK

Han seier vidare at desse måkane flyttar inn der dei kan finne anna føde og dei dukkar difor opp i tettbygde strøk med den same åtferda dei alltid har hatt.

– Opplever måkane at avkommet er truga, så vernar dei om ungane og stupar ned for å beskytte. Det er naturens gang å beskytte avkommet sitt.

Leiar i organisasjonen NOAH, Siri Martinsen seier at sju av ni måkeartar som ein kan sjå i norske byar er raudlista. Ho har same årsaksforklaring som Malkenes.

– Det er overfiske og utbygging på holmar og skjær som har drivne bort fuglane frå deira opphavlege stad.