Hopp til innhold

Henny (78) har funne løysinga på «terror-måsane» – tek ut høyreapparatet

Mannevonde måsar herjar fritt og øydelegg sommaridyllen. – Problemet er ikkje måsane, men menneska, svarer ornitolog.

Henny (78) har funne løysinga på «terror-måsane» – tek ut høyreapparatet

TEK UT HØYREAPPARATET: Henny Eide har funne ei løysing på problemet med støynade måser.

Foto: Kaia J. Viki

– Dei var så hissige at vi berre måtte gå inn att, seier Henny Eide (78).

I sommar har ho og dei andre bebuarane på Førde omsorgssenter måtte dele heimen sin med andre skapningar.

Lite flygedyktige måseungar ved senteret gjer at overbeskyttande måseforeldre stupar ned på alt og alle som nærmar seg måseungane.

Einingsleiar på omsorgssenteret Gunn Beate Bruland seier det er litt synd at bebuarane ikkje får nyte sola i fred.

– Men me prøver framleis å vere ute. Og så har vi ein paraply tilgjengeleg, seier ho.

Også bebuar Henny Eide har funne ei løysing på problemet.

– Eg tek berre av høyreapparatet, seier ho.

Henny (78) har funne løysinga på «terror-måsane» – tek ut høyreapparatet

FØRDE: Henny Eide seier det er litt synd at bebuarane ikkje får nyte sola i fred.

Foto: Kaia J. Viki

– Måsar er utsett for hets

«Dei bråkar, drit og stel». «Mannevonde» «terror-måsar» «herjar fritt» og forstyrrar den offentlege ro og orden. Saker som dette har blitt ein gengongar i norske medium.

Så mykje «stigmatisering» har måsane vore utsett for at dyrevernorganisasjonen Noah i mai skreiv eit ope brev der dei bad media om å vise «varsemd i omtalen av måsar»:

– Måsar er blant artene som er mest utsett for hets, mishandling og ulovleg dreping, skreiv leiar Siri Martinsen.

Ho la til:

– Det er essensielt at vi får snudd de negative haldningane til måsar, og dette må starte med måten vi omtaler dei på.

Noah har fleire gonger tidlegare teke opp negative haldningar mot måsar, mellom anna då fire mishandla og drepne måseungar vart funne utanfor kontora til NRK Rogaland.

Også i Bergen og Tromsø har forholdet mellom menneske og måsar vore sett på prøve.

I Tromsø fryktar næringseininga for eit daudt sentrum om bymåkane får halde fram med å herje fritt.

I Bergen har eitt av landets største bygg blitt eit sentralt hekkeområde for sildemåkar.

Måke

MÅ SNU: – Det er essensielt at vi får snudd de negative haldningane til måsar, og dette må starte med måten vi omtaler dei på, seiar Siri Martinsen i Noah.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Respekten for levande liv ikkje som før

Til grunn for konflikten ligg ei førestilling om at måsar først nyleg har fått smaken på bylivet.

Ornitolog Alv Ottar Folkestad meiner derimot at måsar alltid har funne seg godt til rette i urbane strøk.

Det som har endra seg er menneska sitt forhold til ville dyr, meiner han.

– Den generelle respekten for levande liv er ikkje den same som før, seier han.

Folkestad oppmodar folk å la måsane vere i fred. Problem oppstår idet ein rettar merksemda mot dei og til dømes forsøker å jage dei vekk.

– Det å vifte med stokk eller paraply, det gjer berre vondt verre.

Alv Ottar Folkestad

VONDT VERRE: – Det å vifte med stokk eller paraply, det gjer berre vondt verre, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Foto: Norsk ornitologisk forening

7 av 9 måsearter i Noreg er i dag raudlista.

Av «bymåsane» er gråmåse og fiskemåse nær trua. Medan krykkje og hettemåse er i kategorien «sterkt trua».

I kystnære område i Telemark har 9 av 10 fiskemåsar forsvunne sidan 1974.

Det er lov å forhindre hekking ved å gjere fasadar og tak meir utilgjengelege. Men har måsen først lagt egg, er du forplikta til å la dei vere.

Tre måker står på Aker brygge i Oslo

STIGMATISERT: Så mykje «stigmatisering» har måsane vore utsett for at dyrevernorganisasjonen Noah i mai skrev eit ope brev til mediehusa og bad dei vise «varsemd i omtalen av måsar»:

Foto: TORBJORN MORVIK / TORBJORN MORVIK

– Måsar er ålreite dyr

Når måsar skal bygge reir og hekke, føretrekkjer dei høge bygningar og flate tak.

Eit slikt bygg er Raude Kors-bygget i Førde. Knut Erik Folland er einingsleiar for legesenteret som ligg i det same bygget:

– Måsar er ålreite dyr, seier han.

Han legg til:

– Det hender dei er litt plagsame, men då tek eg berre ei alternativ rute inn på senteret. Eg har jobba her i fem år. Berre ein gong har eg vore nøydd til å gøyme meg under ein paraply på vegen til og frå parkeringsplassen.

Måke

RAUDLISTA: 7 av 9 måsearter i Noreg er i dag raudlista. Av «bymåsane» er gråmåse og fiskemåse nær trua. Medan krykkje og hettemåse er i kategorien «sterkt trua».

Foto: Stian Lysberg Solum