Hopp til innhold

Fann titusenvis av bildekk like ved badestrand i 2019. Først no blir saka meld til politiet

Fleire stader kryr det av gamle bildekk, både over og under havoverflata. – Dette kan skade naturen og folk si helse, seier Miljødirektoratet.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Under havoverflata i Osterfjorden, ved idylliske Hjelmås kai i Alver kommune, ligg restar av gamle synder.

Video frå fjordbotnen viser ei oppsamling med titusenvis av gamle bildekk. Like bortanfor ligg ei populær badestrand.

Dei kan ha lege der i lang tid, så lenge som i 50 år. Frå ei tid ein ikkje var like oppteken av å verne om livet i havet.

Det var Avisa Nordhordland som først skreiv om funnet av bildekka.

– Dette vil løyse seg opp over tid og bli til mikroplast. Det går inn i næringskjeda og blir tatt opp av krabber og fisk. Og etter kvart av oss, seier Kjetil Hindenes i Naturvernforbundet i Nordhordland til NRK.

Skytematter

Bildekka stammar truleg frå ein fabrikk som heldt til på kaia. På 1970-talet produserte dei skytematter til bruk under sprengingsarbeid.

Delar av bildekk som ikkje kunne bli brukt til produksjon av skytemattene, blei dumpa på sjøen, ifølgje kjelder lokalavisa har snakka med.

Kommunen blei varsla for første gong i 2019, men har ikkje tatt grep før no.

Sara Sekkingstad

VIL POLITIMELDE: Ordførar Sara Sekkingstad (Sp) i Alver kommune.

Foto: Sølve Rydland

– No melder vi forholdet til politiet. Så vil utfallet av politimeldinga syne korleis vi skal følge opp saka vidare, seier ordførar Sara Sekkingstad (Sp) i Alver kommune til NRK.

Årsaka til at dei ikkje har gjort noko tidlegare er at dei har måtte prioritere andre saker med meir akutt fare for forureining, ifølgje ordføraren.

– Dette blei oppdaga i 2019. Og det er forferdeleg at det skal ligge her så lenge etter det. Men no kjem Naturvernforbundet til å sitte på skuldrene til kommunen, for dette skal opp, seier Hindenes i Naturvernforbundet.

bildekk i naturen på askøy

SØPPEL: Ved ein inngrodd leikeplass på Askøy flyt det over av hundrevis med bildekk.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Fleire hundre dekk på inngrodd leikeplass

Det er ikkje berre i Alver det nyleg har dukka opp gamle bildekk i naturen.

Også på Askøy er det blitt avdekka ein «kyrkjegard» med bildekk, rett nok av mindre omfang enn den på fjordbotnen.

Bergen og Omland Friluftsråd varsla kommunen om 190 bildekk på ein inngrodd leikeplass. Men då NRK besøkte staden nyleg, talde ein dobbelt så mange, berre på overflata.

Dekka er mellom anna brukt til drenering i ei bekk som munnar ut i Byfjorden.

Friluftsrådet melde frå om dekka i november, etter synfaring saman med ei lokal velforeining.

Det er kommunen som har ansvar for forureininga. Askøy kommune blei varsla av Statsforvaltaren i Vestland i midten av november.

Etter at NRK tok kontakt med kommunen om saka, sende dei saka vidare til renovasjonsselskapet BIR, med spørsmål om vidare oppfølging.

bildekk på inngrodd lekeplass på Askøy

STOR SKADE: – Bildekk består vanlegvis av gummi og syntetisk materiale som inneheld tilsettingsstoff.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet stadfestar at gamle bildekk av gummi kan gjere stor skade.

– Bildekk består vanlegvis av gummi og syntetisk materiale som inneheld tilsettingsstoff. Når det blir brote ned til mikroplast, kan partiklane takast opp i organismar og kome inn i næringskjeda og spreie helse- og miljøskadelege stoff, seier seksjonsleiar Kristine Mordal Hessen.

Ho understrekar at dei veit lite om nedbrytingstida til dekka og kor raskt det skjer.

Det finst ingen sentral kartlegging av omfanget av slike bildekkplassar i Noreg, men dei er vanlege å finna i oppryddingsaksjonar.

– Ein hadde eit anna forhold til havet tidlegare. Og havet blei av og til brukt som søppelplass. Der har merksemda og kunnskapen rundt temaet endra seg veldig dei siste åra, seier Hessen.

Kommunen kan måtte betale

Kven som skal betale for oppryddinga av bildekka på fjordbotnen i Alver kommune i Nordhordland, er førebels ikkje avklart.

Men rekninga kan fort ende hjå kommunen, sjølv om hovudregelen er at det er den som forureinar som skal bla opp.

– Dersom ein ikkje veit kven som har gjort dette, så kan det bli kommunen sitt ansvar, seier ordførar Sekkingstad, som lover å følgje opp saka.