Hopp til innhold

Kvinne forstod ikkje at ho hadde kreft fordi ho fekk ikkje tolk

Meir enn tre av ti tolkeoppdrag i det offentlege blir utført av ukvalifiserte tolkar. Tolkeforeininga trur mange ikkje får tolk i det heile tatt.

Jannicke Bruvik

PASIENTAR FÅR IKKJE TOLK: Pasient- og brukarombod, Jannicke Bruvik, seier mange tar kontakt fordi dei ikkje har fått tolk i helsevesenet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ei kvinne som var under utgreiing for kreft hadde med seg mannen sin til alle konsultasjonane. Dei bad om tolk i alle møter, men fekk beskjed om at det ikkje var nødvendig fordi mannen kunne litt norsk, fortel pasient- og brukarombod, Jannicke Bruvik.

I ettertid viste deg seg at kvinna ikkje forstod at ho hadde fått påvist kreft. Dermed kom ho ikkje i gong med behandlinga då ho skulle.

Pasient- og brukarombodet har ikkje informasjon om korleis det gjekk med kvinna. Det har heller ikkje lukkast NRK i finne ut korleis det gjekk.

Ombodet har fleire historier:

  • Ein mann fekk varige skadar i foten, fordi han takka nei til ein naudsynt operasjon. Han forstod ikkje kva dei sa.
  • Ein pasient som møtte opp til gruppeterapi, fekk beskjed om at det ikkje passa med opplegget å ha med tolk. Dermed hadde han ikkje tilbod likevel.
  • Ei fødekvinne som hadde hatt akutt keisarsnitt forstod ikkje informasjonen ho fekk då ho reiste heim. Det enda med hyppige besøk hos fastlegen for å få sårstell.

Ifølge Bruvik er alle episodane frå dei siste to åra.

Fleire rapportar viser underforbruk

Leiar i Norsk Tolkeforening, Paulina Slusarczyk, viser til fleire rapportar frå dei siste åra som har sett på bruken av tolk i helsevesenet, og som har vist eit underforbruk.

Paulina Slusarczyk

Leiar i Norsk Tolkeforening Paulina Slusarczyk.

Foto: Privat

– Det kan føre til feil diagnose, feilbehandling og veldig dårlege opplevingar med helsevesenet, seier ho.

I tillegg viser tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI, eit høgt forbruk av ukvalifiserte tolkar.

34 prosent av tolkeoppdraga i offentleg sektor blei levert av tolkar utan nokon som helst tolkefaglege kvalifikasjonar, viser IMDI sin rapport frå 2023.

Det er spesialisthelsetenesta (27 prosent) og kommunale tenester (34 prosent) har høgast andel ukvalifisert tolk.

Felles for desse er at dei heilt eller delvis er omfatta av anskaffingsregelverket. Det betyr at tolkeoppdraga må ut på anbod.

Rapporten til IMDI viser at dei offentlege organa som er unnateke regelverket for offentlege anskaffingar, som domstolane og utlendingsforvaltninga, bruker nær 100 prosent kvalifiserte tolkar.

I tillegg er tolkane dei bruker høgt kvalifiserte.

Problem i fleire sektorar

Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon er kritisk til systemet slik det fungerer i dag.

– Vi mottar mange tusen førespurnader kvart år. Ein del av desse dreier seg om at det ikkje blir brukt kvalifiserte tolkar. Både når det gjeld fastlegar, fengsel, Nav, barnevern og skule. Så dette er eit problem fleire stader, seier Thon.

Likestillings- og diskrimineringsombud Bjørn Erik Thon. Han ser inn i kameraet og holder en penn i hånden. Han sitter på et kontor og bak han er det flere grønne planter.

Likestilling- og diskrimineringsombod, Bjørn Erik Thon meiner tolkeproblematikken er synleg på mange felt.

Foto: Tom Balgaard / NRK

I 2022 blei det oppnemnt eit utval som skal gå gjennom regelverket for offentlege anskaffingar og komme med forslag til endringar.

I ei høyringsuttaling frå IMDI, foreslår dei at tolkar blir tatt inn i unntaka for tenestekontraktar.

«Ettersom bruk av tolk er lovpålagt, og tolk er eit lovregulert yrke, er det hensiktsmessig at tolkeoppnemningar blir unnateke frå anskaffingsregelverket,» skriv dei i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet.

Utgreiinga skal leverast til næringsministeren i mai.

Helsepersonell sitt ansvar

Norsk tolkeforeining håpar på endring.

– Det er oppsiktsvekkande at det skal vere såpass mange tolkeoppdrag som blir utført av personar som ikkje har kvalifikasjonar. Tolking er eit fag, seier leiar Paulina Slusarczyk.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap)

Karl Kristian Bekeng (Ap).

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap) seier at helsepersonell har plikt til å yte forsvarleg og omsorgsfull hjelp og at god informasjon og dialog er viktig for å yte riktig hjelp og behandling til pasientane.

– Det er helsepersonell som i hovudsak må vurdere om det er nødvendig med tolk og det er eit mål at dei som har behov for det skal få kvalifisert tolk, seier han.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost! 

Flere nyheter fra Rogaland

Advokatfirma Bull Årstad

En halv milliard kroner gikk tapt – flere kan bli trukket inn i advokatskandalen

Fluefiske etter laks. To menn står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora

Stopper laksefisket flere steder i landet: – Uforståelig