Hopp til innhold

Erna Solberg forsvarer pandemiforslag: − Alvorlege konspirasjonsteoriar

I dag andregongsbehandlar Stortinget den nye og omstridde smittevernlova, slik lovsaker krev.

Møte om kraftsituasjonen

– Det er viktig å stå klart og tydeleg opp mot dei konspirasjonsteoriane som blir retta mot forslaget frå regjeringa som me no behandlar, seier Erna Solberg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

I den første voteringa før jul fekk innstrammingane støtte frå 111 stortingsrepresentantar. 55 stemde imot.

NRK er kjend med at partia som stemte mot forslaget i fyrste runde (Frp, SV, Rødt, Venstre, KrF, MDG og Pasientfokus), kjem til å stemme mot i dag også.

Innstrammingane gjer at framtidige regjeringar kan innføra isolasjon og karantene-tiltak utan å gå vegen om Stortinget, og har dei siste månadene ført til eit oppheta og polarisert ordskifte.

Klokka 10:00 gjekk Erna Solberg på talarstolen på Stortinget og åtvara mot den overspente retorikken.

Ho understreka at det er «heilt legitimt» å ha ulike syn på den nye lova, men la til at dei gyldige argumenta dessverre var akkompagnerte av «alvorlege» og «farlege» konspirasjonsteoriar.

Ho viste eksplisitt til påstandane om at Noreg var i ferd med å gi suverenitet til Verdshelseorganisasjonen (WHO), slik mellom anna professorane Hans Petter Graver og Morten Walløe Tvedt har skrive i Aftenposten.

(Les reaksjonen til Walløe Tvedt under. Han var tidlegare Raudt-politikar, men har vore partilaus i to år.)

Høgre-leiaren nytta derfor høvet til å ta eit oppgjer med konspirasjonsteoriar i det store og heile, og konspirasjonar på helsefeltet meir spesielt.

Desse kan vera særleg farlege fordi dei truar liv og helse, sa ho.

Ho heldt fram:

President, eg synest, ikkje minst fordi Høgre er i opposisjon, at det er viktig å stå klart og tydeleg opp mot dei konspirasjonsteoriane som blir retta mot forslaget frå regjeringa som me no behandlar.

Frp-leiar Sylvi Listhaug har tidlegare omtalt innstrammingane smittevernlova for ein «svekking av demokratiet».

Det handlar om å sikra viktige demokratiske prinsipp

Helsepolitisk talsmann for Frp, Bård Hoksrud, gjekk på talarstolen etter Erna Solberg.

Eg vil betakka meg for påstandar om at dette handlar om konspirasjonsteoriar, sa han.

Han meiner Solberg bruker dei meir perifere innvendingane mot innstrammingane som eit taktisk grep for å styre unna dei reelle problemstillingane.

Det handlar om å sikra viktige demokratiske prinsipp, seier han.

Stortinget behandler bioteknologiloven Bård Hoksrud

– Det handlar ikkje om konspirasjonsteoriar, som Erna Solberg dessverre er villig til å bruke i sin iver etter å ta makt frå denne salen, seier Bård Hoksrud.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Han la til at det var «sørgjeleg» og «skuffande» å sjå Høgre-leiaren «gå i bresjen» for å setja grunnleggjande prinsipp om parlamentarisk kontroll til side, og viste til leiarartiklar i VG («demokratisk galskap») og Dagbladet («autoritært forslag») som sanningsvitne.

Deretter gjekk Audun Lysbakken (SV) på talarstolen og kom Solberg litt i møte.

Han sa det var «viktig å rydda i debatten», men at «kjernen i debatten er kvar makta skal vera plassert».

Les også Maktoverføring til «Kongen» skaper bråk

3IrXuS_FBuY

Det same vart understreka av Alfred Bjørlo (V).

Han åtvara mot lovendringa, men presiserte at ho «ikkje var del av ein verdsomspennande konspirasjon».

Variantar av same bodskap vart gjentekne av Olaug Bollestad (KrF) og Seher Aydar (Raudt).

– Koronapandemien avgrensa aktiviteten til Stortinget, det er fakta. Då er det arrogant av Solberg å gøyma seg bak skuldingar om konspirasjonsteoriar og avvisa bekymringane for at det no blir flytta makt frå folkevalde, til regjering og byråkrati, seier Aydar til NRK.

Muntlig spørretime i Stortinget

– At det finst konspirasjonsteoriar gjer ikkje at legitim kritikk bør takast mindre på alvor. Eg opplever at Høgre og Erna Solberg tek for lett på avgrensinga og innskrenkingane forslaget potensielt påfører enkeltmenneske, seier Olaug Bollestad.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Endringa er nødvendig

Argumentet for å gjera regimet frå pandemien meir permanent er at regjeringa treng å handla raskt og effektivt i krisetider, og at dei «vanlege» konstitusjonelle prosessane blir for trege.

– Endringa er nødvendig for å sikra at me har tilstrekkelege beredskapsheimlar til raskt å kunna handtera framtidige helsekriser forsvarleg, sa helsepolitisk talsperson for Sp, Lisa Marie Ness Klungland til NRK før jul.

Til dette innvender motstandarane at unntakstilstand – som ein pandemi – snarare er eit argument for at grensene for den utøvande makta bør vera tydelegare.

Redegjørelse om koronasituasjonen

Seher Aydar i Raudt meiner det er «arrogant» av Erna Solberg å «avspore og gøyme seg bak skuldingar om konspirasjonsteoriar».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen studerte lovbruken under pandemien for Koronakommisjonen.

Han har tidlegare karakterisert reaksjonane på lovarbeidet som «noko overdrivne».

– Den mellombelse heimelen i smittevernlova vart vedteken fordi pandemien synte ein mangel i smittevernlova for å verna folkehelsa mot pandemiar. Det kan vere delte meiningar om det er fagleg naudsynt å ha ein slik heimel, men han er ikkje ein trugsel mot demokratiet, seier han.

Arbeidet med ein heilskapleg revisjon av lovverket knytt til smittevern og helseberedskap er i gang, men ligg ifølgje regjeringa «noko fram i tid». Arbeidet byggjer på rapportane til Koronakommisjonen og Koronautvalet.

På spørsmål om kor langt unna revisjonen er, antydar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol at det kan dryga til våren 2025.

Helseberedskapsmeldingen lanseres

– Regjeringa tek sikte på å senda på høyring forslag til endringar i smittevernlova, helseberedskapslova og andre relevante lover i løpet av våren 2024, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Foto: Javad Parsa / NTB