Hopp til innhold

Maktoverføring til «Kongen» skaper bråk

Voteringa over ny smittevernlov blei utsatt tysdag. Ei formulering om «Kongen» skaper framleis hovudbry.

3IrXuS_FBuY

KONGEN: Den nye smittevernlova gjer det mogleg, ved alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom, å gi forskrifter om isolering, smittekarantene og andre avgrensingar i rørslefridom på visse vilkår.

Foto: NTB

Regjeringa og Høgre vil endre smittevernlova og gi framtidige regjeringar høve til å innføre isolasjon og karantene-tiltak utan å gå vegen om Stortinget.

Endringa er omstridd, og då lovendringa vart debattert i Stortinget 8. desember sa helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) at det er «Kongen i statsråd» som skal ha heimel til å innføre avgrensingar.

Men i lovforslaget står det berre «Kongen».

Misforholdet mellom kva regjeringa seier og skriv er ikkje ubetydeleg.

NRK har snakka med fleire ekspertar på forvaltningsrett som seier at forskjellen i ordlyd er heilt avgjerande (sjå under).

Kort sagt inneber formuleringa «Kongen i statsråd» at heile regjeringa blir involvert. Regjeringa som kollegium må ta stilling til og samlast om avgjerda.

Når ordet «Kongen» står åleine, kan styresmakta delegerast til eitt departement og deira underordna organ, til dømes Helsedirektoratet.

Stortinget skulle stemme over saka tysdag, men utsette behandlinga til seinare i veka. Det skjedde etter at Framstegspartiet fekk gjennomslag for at voteringa måtte skje med full sal og med alle representantar til stade.

Samsending med P2.

Trass alvorstunge innvendingar ønskjer regjeringa å gjera «covid-fullmaktene» permanente.

Dette er ganske oppsiktsvekkjande

Det er alvorleg at helse- og omsorgsministeren gir ufullstendig og unøyaktig informasjon om lovendringa, seier Morten Walløe Tvedt, som er professor i rettsvitskap.

Dette er ganske oppsiktsvekkjande, seier Hans Fredrik Marthinussen, som er professor ved Det juridiske fakultetet i Bergen.

Bruken av «Kongen» i lovforslaget utelukkar ikkje at framtidige forskrifter som blir vedtekne med heimel i smittevernlova blir fastsett av Kongen i statsråd.

Alfred Bjørlo (V) meiner presisjonsnivået er symptomatisk for eit lovarbeid som skrir altfor raskt fram.

Dette viser kor forhasta og dårleg gjennomarbeidd denne saka er. Demokratiet sine grunnleggjande spelereglar køddar du ikkje med – aller minst i ei sak som handlar om å stengja ned landet og innføre ekstremt inngripande tiltak i folk flest sine liv, seier han.

Muntlig spørretime på Stortinget

– Vi er sjokkert over at Ap/Sp-regjeringa har fremma ei så dårleg førebudd og lite gjennomtenkt sak til Stortinget om eit så stort spørsmål – og endå meir forbausa over at Høgre ser ut til å støtte regjeringa, seier Alfred Bjørlo.

Foto: Annika Byrde / NTB

Pandemien har lært oss at tiltaka var store

Argumentet for å gjere reguleringsregimet frå pandemien meir permanent, er at regjeringa treng å handla raskt og effektivt i krisetider, og at dei «vanlege» konstitusjonelle prosessane blir for langsame.

Til dette innvender motstandarane at ein unntakstilstand – som ein pandemi – snarare er eit argument for at grensene for makta til regjeringa bør vere tydelegare.

I Aftenposten-kommentaren «Long covid for rettsstaten» åtvarar Harald Stanghelle mot fullmaktene som er på veg til å bli nedfelte i norsk lov.

Han viser til fleire kommunar som gjekk over streken under pandemien, sjølv om dei handla i god tru.

Som «det mest graverande» dømet viser Stanghelle til avgjerda i november 2020, då Bergen kommune innførte forbod mot å samla meir enn fem personar til private samkomer i eigen heim.

Kommunen har sidan gått langt i å erkjenna at vedtaket var for inngripande.

I sitt eige høyringssvar til lovforslaget skriv dei: «Pandemien har lært oss, og koronarapportane har dokumentert, at følgja av desse restriktive tiltaka var store.»

I kjølvatnet av pandemien kartla Advokatforeininga erfaringane til sine eigne medlemmer. Undersøkinga viste at to av tre advokatar meinte rettstryggleiken hadde vorte «særleg utfordra» det året.

a8fQt5JORxw

– Dei mest inngripande tiltaka Noreg har hatt i fredstid, vart behandla på post it-lapper på bakrommet i departement, og ikkje i statsråd. Det er på tide at folket utøver den lovgivande makta gjennom Stortinget over smittevernstaten – og ikkje omvendt, skriv Jørgen Heier i Advokatfirmaet Campbell & Co i høyringssvaret sitt.

Foto: NTB

Spar krutet til seinare

Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen studerte lovbruken under pandemien for Koronakommisjonen.

Der påpeika han at maktoverføringa til byråkratar var på kant med Grunnlova sitt prinsipp om at «alle viktige saker» skal behandlast på politisk nivå, i statsråd.

I denne konkrete saka er reaksjonane etter mitt syn noko overdrivne, seier Holmøyvik til NRK.

Han viser til påstandar om «blankofullmakt», «demokratisk galskap» og «autoritære tendensar». Det siste vart sagt i Dagsnytt Atten måndag ettermiddag.

Den mellombelse heimelen i smittevernlova vart vedteken fordi pandemien synte ein mangel i smittevernlova for å verna folkehelsa mot pandemiar. Det kan vere delte meiningar om det er fagleg naudsynt å ha ein slik heimel, men han er ikkje ein trugsel mot demokratiet, seier Holmøyvik.

Les også Jussprofessor mener stengingen av Norge var grunnlovsstridig

EyFY4_P_Q_w

Arbeidet med ein heilskapleg revisjon av lovverket knytt til smittevern og helseberedskap er i gang, men ligg ifølgje regjeringa «noko frami tid». Arbeidet byggjer på rapportane til Koronakommisjonen og Koronautvalet.

Holmøyvik spør seg kvifor Stortinget behandlar dagens lovforslag separat framfor å venta på heile revisjonen.

Det er etter mitt syn ei relevant innvending. Eg vil tilrå å spara på krutet til revisjonen kjem.

I morgen stemmer Stortinget over et forslag som kan gi regjeringen rett til å gjennomføre inngripende tiltak i en fremtidig pandemi.

Tysdag stemmer Stortinget over et forslag som kan gi regjeringa rett til å gjennomføre inngripande tiltak i ein framtidig pandemi.

Eirik Holmøyvik, jusprofessor UiB

– Det kan vere delte meiningar om det er fagleg naudsynt å ha ein slik heimel, men han er ikkje ein trugsel mot demokratiet, seier Eirik Holmøyvik.

Foto: Kim E. Andreassen