Endeleg! No rullar sommartoget inn i fylket vårt

Sommartoget som har køyrt rundt i heile landet denne sommaren, kjem no endeleg til Sogn og Fjordane. I Flåm gjer dei seg klare til folkefest.

Sommertoget

SOMMARTOG: I morgon svingar dei innom Sogn og Fjordane og heile dagen vil toget stå på perrongen i Flåm.

Foto: jannicke Susann Farstad / NRK

– No har vi sjansen til å vise Flåm og Aurland på sitt beste, seier tenesteleiar for kultur, Martin Hendriks, i Aurland kommune.

I morgontimane på fredag, rullar sommartoget inn i fylket vårt. Song, korps, vikingar og handballturnering er berre noko av det som står på programmet.

Fullt program

Sidan det var klart at toget skulle komme til kommunen har ei arbeidsgruppe planlagt programmet for dagen.

– Det er veldig mange som er involverte og er veldig entusiastiske. Det vil skje ting her frå tidleg morgon til seint på kvelden.

Frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv har bidratt til å fylle dagen med aktivitetar over heile kommunen.

Fantorangen har fans overalt! Alle vil ha et bilde og en kos ... nesten alle, da.

FANTORANGEN: Perla og Fantorangen er med på togturen i sommar. Til no har Fantorangen vore den største kjendisen på perrongane.

– Det blir ansiktsmåling, ølsmaking, opera og «you name it». Her er det noko for folk i alle aldrar, så eg håpar folk tek turen for å nyte dette her, seier Hendriks.

Han håpar det vil bogne av folk under folkefesten, men seier det er vanskeleg å anslå kor mange som vil dukke opp.

– Men i morgon kjem også ein stor cruisebåt så det er allereie fleire tusen folk i området, seier han.

På skjenene i 8 veker

Sommartoget har allereie vore på reise i snart fem veker, og er over halvvegs på ruta. Turen starta i Bodø 27. juni og skal ende opp i Sarpsborg.

40 stasjonar og 17 fylker på åtte veker. NRKs sommarsatsing er både ambisiøs og utfordrande.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå heile reiseruta til sommartoget.

Kvar dag er det minutt for minutt-sending på TV, og på kveldane sender NRK si sommaråpent-sending direkte frå perrongen.

Fredag kveld blir det sending frå Flåm med programleiarane Mikkel Niva og Haddy N'jie. Sendinga startar på NRK1 klokka 21.30.

Mann og kvinne ser smilende inn i kamera

PROGRAMLEIARAR: Mikkel Niva og Haddy N'jie er programleiarar under sommaropent-sendinga i Flåm.

Foto: Julia Marie Naglestad