NRK Meny
Normal

Sommertogets komplette reiserute

Når passerer Sommertoget deg? Er eitt av Sommertogets småstopp lagt til din kommune? Her er togets detaljerte reiserute, dag for dag og veke for veke.

Sommertoget 2017, prosjektleder for Sommeråpent, Nadia Hasnaoui

Prosjektleiar for Sommeråpent, Nadia Hasnaoui, framom togsettet som skal tøffe gjennom den norske sommaren.

Foto: Julia Marie Naglestad / Julia Marie Naglestad/NRK

Sommarens vakraste eventyr startar i Bodø 27. juni. Åtte veker seinare, 19. august, kjem NRKs Sommertog fram til endestasjonen Sarpsborg.

Totalt køyrer Sommertoget gjennom 118 kommunar, og heldigvis blir det tid til nokre korte stopp undervegs mellom hovudstasjonane.

Les òg: NRK Sommer tek toget

Tre timar på skinner

Kring klokka 1100 kvar formiddag, utanom søndag og mandag, rullar Sommertoget ut på ein ny dagsetappe. Turen tek om lag tre timar og opptaket av heile turen blir sendt på NRK1 same ettermiddag kl 1500.

Vil Sommertoget passere deg? Stoggar det i din kommune? På biletet under er heile ruta innteikna med ulike fargar på vekesetappene. Det hender Sommertoget kryssar sitt spor, så toget køyrer gjennom fleire av kommunane to gonger.

Sommertogets reiserute

Veke 26 Bodø-Steinkjer. Veke 27 Steinkjer-Åndalsnes. Veke 28 Åndalsnes-Røros. Veke 29 Røros-Eidsvoll. Veke 30 Eidsvoll-Voss. Veke 31 Voss-Notodden. Veke 32 Notodden-Vennesla. Veke 33 Vennesla-Sarpsborg.

Foto: Ellen Baumann / NRK

Under finn du detaljert ruteplan for kvar av dei åtte vekene, med ankomst- og avgangstider. Der turen inneheld få stopp undervegs er enkelte passeringstider lagt inn.

OBS: Det kan bli endringar i ruteplanen undervegs i sommar grunna tryggleiksvurderingar for småstoppa. Artikkelen vil bli oppdatert fortløpande.

Veke 26

Veke 27

Veke 28

Veke 29

Veke 30

Veke 31

Veke 32

Veke 33

Hugs å bruke togvett!

Planlegg du å møte opp på perrongen? Vil du vinke når Sommertoget passerer? Då bør du lese gjennom Bane NOR og NSBs togvettreglar:

  • Hugs at andre tog køyrer som normalt, både gods- og persontog. Desse toga køyrer fort og stille.
  • Det er forbode å gå i togsporet og å krysse sporet.
  • Det går 15 000 volt gjennom køyreleidningene. Difor utgjer alt som går i høgda ein fare, og det er ikkje tillate med lange og høge gjenstander nærare enn 30 meter frå togspor, køyreleidninger og master.
  • Ballongar og anna som kan flyge avgarde skal ikkje brukast i nærleiken av stasjonar eller langs sporet. Ein heliumballong som treff ei køyreleidning, kan føre til kortslutning og stans i både TV-sendinger og togframføringer.
  • Bruk av dronar i og rundt stasjonar og togspor SKAL godkjennast av Luftfartstilsynet og Bane NOR. Om slikt løyve er gitt, skal ikkje dronar nyttast nærare enn 150 meter frå jernbanespor og stasjonsbygning.
  • For spørsmål, ta kontakt med NSB. Sjå kontaktinformasjon under.

Nadia Hasnaoui viser fram Sommertoget

Det spesialbygde togsettet inneheld både scenevogn, redaksjonslokale, regikontrollar, radiorom, sminkerom og sovekupéar.

Foto: Gina Scholz / NSB

Heile NRK på tur

I tillegg til programleiarane for sjølve togturen minutt for minutt, er både Sommeråpent og Reiseradioen med på Sommertoget.

Sommeråpent sender direkte frå perrongen på hovudstasjonane kvar kveld.

Morgonen etter sender Reiseradioen direkte frå same stasjon. Der Sommeråpent har sending laurdag kveld har Reiseradioen sending tysdag morgon før Sommertoget går vidare.

I tillegg har Reiseradioen sending frå Bodø 27. juni, same morgon Sommertoget legg ut på sin fyrste dags-etappe. Og på grunn av grytidleg avgang sender Reiseradioen frå Flåm same dag Sommertoget går frå Finse, og frå Voss same dag toget går frå Flåm.

Gå til Sommertogets tipsskjema.

40 stasjonar og 17 fylker på åtte veker. NRKs sommarsatsing er både ambisiøs og utfordrande.

HEILE RUTA: Sommertogets reiserute sekund for sekund.