Hopp til innhold

Droppar utslepps­krav på nye ferjer og hurtig­båtar: – Eit kjempestort problem

Nesten ingen stiller krav om null- eller lågutslepp i nye anbod for ferjer. Fleire fylke set no på bremsene fram til regjeringa innfrir løfte om pengar.

Ferje frå Skjersholmane til Ranavik

Ferja mellom Skjersholmane på Stord og Ranavik i Kvinnherad blei elektrifisert i 2020. Det har ført til kutt i CO2-utsleppa på rundt 90 prosent, ifølgje Fjord1.

Foto: Eli Bjelland / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Berre sidan nyttår er det lyst ut seks anbod på kontraktar for ferjer utan krav til null- eller lågutslepp, der kontraktane varer til etter 2030. Det viser ei oversikt Maritime Cleantech har laga.

– Dette viser at den revolusjonen me har sett innan nullutsleppsteknologi for ferjer og hurtigbåtar er i ferd med å stoppa opp. Det er alvorleg fordi det hastar å kutta utslepp, meiner administrerande direktør Ada Jakobsen.

Innan 2030 skal Noreg nemleg ha redusert utsleppa med 55 prosent, samanlikna med 1990-nivå.

For å nå det, speler også innanriks skipsfart ei viktig rolle.

Ada Jakobsen, administrerande direktør i Maritime Cleantech

Administrerande direktør Ada Jakobsen i den grøne næringsklynga Maritime Cleantech

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kutta CO2-utsleppa med nesten 90 prosent

På ferjekaien på Skjersholmane på Stord, ventar Emma Hansen og hunden hennar. Saman tek dei ferja to gonger kvar dag.

Sidan 2020 år har ferjene på den 40 minutt lange strekninga frå og til Ranavik i Kvinnherad gått på batteri.

– Eg har ikkje merka noko endring, og meiner det er bra for miljøet at det går elektriske ferjer, seier Hansen, som jobbar for eit transportfirma.

Emma Hansen i ferjekø på Skjersholmane

Emma Hansen har fast følgesven på jobb for eit transportfirma. Dei tek ferja saman to gonger til dagen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sambandet mellom Stord og Kvinnherad bidreg til det Statens vegvesen har kalla «den stille revolusjonen i norske fjordar».

I 2023 brukte ferjene på sambandet 10 000 megawatt-timar (MWt) med straum, 50 000 liter med diesel og rundt 50 000 liter med biodiesel.

Totalt gir dette eit CO2-utslepp på rundt 1000 tonn, ifølgje Fjord1.

Dersom 10 000 MWt blei bytta ut med tilsvarande mengde diesel, hadde ferjene brukt rundt 3.000.000 liter diesel, og hatt eit utslepp på litt under 9000 tonn CO₂.

Dette gir ein formidabel miljøgevinst, seier Jan Hovden Eide, som er energi- og miljøansvarleg i Fjord1.

Ferjeladar på Skjersholmane

Ferjene bruker ni minutt på å lada når dei ligg til kai på Skjersholmane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kurva flatar ut

Den første elektriske ferja blei sett i drift over Sognefjorden i 2015.

Der det har vore vanskeleg å finna gode løysingar for å kutta utslepp på større skip, har ferjene vore eit sikkert kort.

I dag er det 96 elektriske ferjer og båtar i drift fordelte på 59 samband, viser data Norsk klimastiftelse har henta frå Statens vegvesen, fylkeskommunane, kommunane og ferjeoperatørane.

Men den bratte kurva er i ferd med å flata ut.

Karl Pedersen og Torunn Agdestein Pedersen på Skjersholmane ferjekai

– Eg synest det skal stillast krav til batteridrivne ferjer, så lenge rutetilbodet blir halde oppe, seier Karl Pedersen, som saman med Torunn Agdestein Pedersen tek med seg syklane over fjorden til Kvinnherad denne dagen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire fylke bremsar satsinga

Fleire fylke stadfestar overfor NRK at dei no bremsar satsinga på miljøkrav.

I Vestland spøker det for batteridrivne hurtigbåtar mellom Bergen og Sogn/Nordfjord.

Fylkesdirektøren har lagt fram forslag om å avlysa anbodet, og denne veka røysta eit klart fleirtal i samferdsleutvalet for forslaget.

Les også Elektrisk hurtigbåt måtte ha med dieselaggregat på langtur

Medstraum under lading i Leirvik

I fleire rundar har anbodet vore lyst ut med lågutsleppskrav, men blir no truleg lagt fram som eit konvensjonelt anbod, med lågare kostnad og klimaambisjon.

Det er leit viss det endar sånn. Difor pressar me på regjeringa for å få garantiar om at dei vil bidra økonomisk, seier fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) i Vestland.

Dette er eitt av dei lengste og mest energikrevjande sambanda i Noreg. Viss me klarer å utvikla teknologi for dette sambandet, så vil det også vera viktig for resten av teknologien langs heile kysten vår.

Fylkesvaraordførar i Vestland, Stian Davies (Ap)

Fylkesvaraordførar i Vestland, Stian Davies (Ap) prøver å pressa regjeringa til å koma med garantiar om økonomisk støtte.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) har sendt skriftleg spørsmål til statsråden om kva han vil gjera for å hindra at det skal gå hurtigbåtar på diesel mellom Bergen og Sogn/Nordfjord til langt utpå 2030-talet.

Rogaland har allereie fleire utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar.

Men no vil ikkje fylkeskommunen stilla krav om nullutslepp før regjeringa garanterer at dei vil ta meirkostnadene.

Den siste store hurtigbåtkontrakten som blei inngått, Ryfylkekontrakten, blei inngått med konvensjonell dieseldrift.

Hurtigbåtar har større CO2-utslepp per passasjer enn både fly, buss og tog på vanlege drivstoff. Nye og meir energieffektive fartøy har likevel redusert utsleppa dei siste tiåra.

Nye anslag frå NTNU viser utslepp på 334 gram CO2 per personkilometer. For fly er talet rundt 200 gram. Ferjer har størst utslepp, med over 600 gram, ifølgje estimata.

Også Nordland og Finnmark seier dei ikkje kan prioritera krav om null- og lågutslepp utan pengar frå staten.

– Me må setta på bremsa fordi me ikkje har økonomi til å ta løftet åleine. Eg er uroa for at det grøne skiftet og omstillinga til grønare transport stoppar opp, seier Marianne Dobak Kvensjø, som er fylkesråd for samferdsle i Nordland.

Krav og kompensasjon i det blå

Regjeringa har sidan Hurdalsplattforma i 2021 lovd at det skal stillast krav om låg- eller nullutslepp for nye ferjer og hurtigbåtar. Og å kompensera fylkeskommunane for meirkostnadene med dette.

Kravet skulle ha vore på plass for ferjer i 2023 og for hurtigbåtar skal det gjelda frå 2025.

Høyringsfristen for ei ny forskrift gjekk ut i oktober i fjor, men regjeringa vil ikkje seia noko om kva tid krav eller garantiar til fylka kjem.

– Me skulle sjølvsagt sett at fleire tok i bruk nullutsleppsløysingar. Men me må vurdera nøye korleis krav og kompensasjon skal utformast. Ferje- og hurtigbåtsambanda langs kysten er ulike, og me må finna løysingar som treff best mogleg, seier statssekretær i samferdsledepartementet, Cecilie Knibe Kroglund (Ap).

– Men er det så vanskeleg at forskrifta kan bli droppa?

Vår intensjon er å oppfylla dei lovnadene me har i Hurdalsplattforma.

Regjeringa påpeikar at dei har støtta teknologiutviklinga gjennom til dømes Enova og Statens vegvesen.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Rapport: – Mogleg med store kutt

Miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, meiner dei ferske utlyste anboda utan krav krasjar med miljømåla.

Det er eit kjempestort problem, for det betyr at me kjem til å ha masse ferjer og hurtigbåtar i mange år framover med svære utslepp av klimagassar og anna forureining.

Ein fersk rapport frå Miljødirektoratet viser at det innan 2035 er potensial for å kutta utsleppa til nær null for ferjesamband og meir enn halvert for hurtigbåtsamband.

«Bruk av nullutslippsløsninger er modent på ferjer og utprøvd på hurtigbåter, men innføringen skjer ikke av seg selv. (...) Et krav vil være et kraftig virkemiddel for å akselerere elektrifiseringen.», ifølgje rapporten.