Hopp til innhold

Dødsulukka i Florø: Over 30 personar filma på staden rett etter ulukka

Politiet måtte jage vekk folk som filma dødskrasjen i Florø. Fleire videoar blei delte i sosiale medium.

Trafikkulukka ved Florø fredag 15. september.

ALVORLEG: Tre personar døydde og to blei skadde i ulykka fredag i Florø.

Foto: Firdaposten

For to år sidan blei det strengare straffer for å dele krenkande bilete, film og lydopptak av andre.

No kan slik deling bli straffa med fengsel i inntil to år.

Likevel skjer det stadig vekk, og seinast under dødsulykka i Florø fredag.

Tre unge menneske omkom og to vaksne blei skadde etter at to bilar kolliderte og tok fyr.

Om lag 30–50 ungdommar stod rundt og filma med mobilane sine.

– Naudetatane bad dei om å trekke unna, men kort tid etter var dei tilbake. Dei kravla over gjerde og inn i hagar for å ta bilde. Det er ikkje akseptabelt, seier frilansfotograf Truls Kleiven, som sjølv rykte ut og tok bilete.

Dødsulukke Florø

Politiet ber folk om å tenke seg om før dei delar på sosiale medium frå trafikkulukker.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Bilde og videoar av den brennande bilen blei spreidde i sosiale medium kort tid etter.

Det same blei namn og bilete av dei tre som omkom, fortel ungdom som NRK har snakka med.

NRK har også sett at pårørande reagerer på delinga i sosiale medium.

På kostnad av personvernet

Noreg er eit av verdas mest digitaliserte land, der om lag 96 prosent av alle nordmenn har smarttelefon. Dermed er det raskt og enkelt å ta og dele bilete.

Lett tilgjengelegheit har skapt fleire utfordringar knytt til trafikkulykker. Dei siste åra har mange fått bøter for filming medan dei køyrer forbi eit ulykkesstad.

Les også Andre bilister filmet da de kjørte forbi trafikkulykken: – Livsfarlig!

Personer i refleksvest står rundt en bil som har kjørt ut fra veien og inn i autovernet. Det er dekkspor på gresset.

I 2020 blei Personvernkommisjonen oppretta av Solberg-regjeringa, og i oktober 2022 kom rapporten.

– Eit av hovudfunna er ein gjennomgåande tendens til at digitalisering skjer på kostnad av personvernet, skriv kommisjonen i rapporten.

I 2021 blei det strengare straffer for å dele krenkande bilete, film og lydopptak av andre.

ulykke Florø

Fleire delte bilete same natt som ulykka skjedde. Her står den andre bilen igjen. Personane i denne bilen kom frå ulykka med lettare skader.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Skremmande og uakseptabelt

– Det er skremmande. Eg trur ikkje dei veit kva dei gjer, seier Truls Kleiven.

Som erfaren fotograf veit han korleis han skal opptre ved ulykker. Han har også klart for seg kva bilde han kan ta, og kva bilete som eignar seg for publisering. Slike vurderingar trur han ikkje ungdommane tenkjer over.

I helga var han i kontakt med naudetatane etter ulykka. Dei hadde i likskap med han reagert på alle ungdommane som tok bilde.

– Dei meiner det har blitt verre, legg Kleiven til.

Også politiet oppmodar folk om å tenke seg om:

– Både kva dei skriv, kva dei delar og kva dei kommenterer på, seier Wenke Hope, tenestestadsleiar i Florø.

Minnestund florø stills

Politiet og sokneprest ber folk tenke seg før dei deler bilete frå ulykkesstader.

Foto: Truls Kleiven

Filming på ulykkestader og deling i sosiale medium er langt frå unikt.

Då ei kvinne hamna under hjulet på ein lastebil i Tromsø i 2018, var det mange tilskodarar til stades. Halvparten av dei stod med mobilar og tok bilde eller filma. Leiar for ordensseksjonen hos politiet i Tromsø, Yngve Widding, kalla oppførselen til folk for respektlause.

Les også NRK Ytring: Bilde for enhver pris

Fra ulykkesstedet i Lillesand der en 39-år gammel MC-fører mistet livet.

– Ekstra traumatiserande å bli filma

Sokneprest Bakke Nydal i Florø går også ut mot bildetakinga og delinga i sosiale medium.

Eg blir lei meg. Dette veit folk at dei ikkje skal dele, seier presten, som ber folk om å ta seg saman.

– Det sit nokon som har mista sin ungdom og som kjenner på at denne sorga er mi. Det er så lett å legge ut videoar og namn, men dette er ikkje offentleg.

Erling Bakke Nydal, sokneprest Florø

Sokneprest Erling Bakke Nydal ber folk tenke seg om etter videospreiing frå dødsulykka i Florø.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Personskadeforbundet jobbar for å hjelpe folk som har blitt utsett for personskadar og dødsulykker.

Medlemmene deira fortel ofte at dei har blitt utesett for filming på ulykkesstader og deling i sosiale medium.

Å sitte fastklemt og sjå at folk er meir opptatt å fotografere deg enn å vere til hjelp, er for mange ekstra traumatiserande, seier Per Oretorp i Personskadeforbundet.

Også deling av namn på skadde og omkomne er eit problem dei høyrer om.

Oretorp seier problemet har blitt større, noko dei ser med uro på.

– Mange unge veks opp med sosiale medium og mange lever nok gjennom eit filter.