Hopp til innhold

Anders flyr Noreg på langs med propell på ryggen. Gjermund går Oslo-Bergen i tøflar. Kvifor?

Det er høgsesong for halvsprøe påfunn og langstrekte eventyr. Kva er det som freistar folk til å gjera rare ting om sommaren?

Han heiter ikkje Karlson på taket. Denne karen heiter Anders Kråkevik.

No står han på fjellet Kanten mellom Rosendal og Uskedalen. Han gjer dei siste førebuingane på den motoriserte paraglideren sin.

Med propell på ryggen, ganske lik figuren Karlson i barnebøkene til Astrid Lindgren.

Ifølge den svenske forfattaren «ein akkurat passeleg tjukk mann i sin beste alder». Karlson på taket, altså.

Men no snakkar me Kråkevik på Kanten. Han skal ut på ein lengre tur. Å fly frå Nordkapp til Lindesnes langs norskekysten.

– Kvifor gjer du det?

– Ja, det lurer eg òg på, hehe. Det har eg lurt på lenge, gliser han.

I optimale forhold kan han køyre i rundt 60 kilometer i timen. Men alle som har gått langs kysten veit at der kan vêret vera alt anna enn optimalt.

Kråkevik har sett av to månadar til turen.

Anders Kråkevik

PARAGLIDER: Anders Kråkevik skal fly med denne vengja i om lag to månadar.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Går frå Bergen til Oslo med tøflar

Gjermund Eide Bratberg frå Steinkjer har òg ambisiøse planar for sommaren. Han skal gå frå Bergen til Oslo på tøflar.

Målet er å samla inn sponsorpengar til koronahjelp i Mongolia.

Eide Bratberg har allereie samla inn 40.000 av målet han har på 200.000 kroner.

– Det er eit symbol på at me er takksame for at me klarar oss så bra i Noreg i koronatida, seier Eide Bratberg.

Tøflane han går med er laga i Mongolia, og fekk verkeleg køyrd seg på fjelletappen mellom Bergen og Voss.

Trass i tynnslitne tøflar blei det ikkje byte før Myrdal.

Gjermund Eide Bratberg

TØFFELHELT: Gjermund Eide Bratberg går Bergen – Oslo med tøflar.

Foto: Anders Hofseth / NRK

– Nokon har større trong til å utfordra seg sjølv

Tidlegare i sommar skreiv NRK om gutegjengen som reiste på «Noregs teitaste sommarferie».

Rune Mentzoni er førsteamanuensis i kognitiv psykologi ved Universitetet i Bergen. Han meiner det er mange grunnar til at folk utfører sære bragder på fritida.

– Det finst like mange rare grunnar som det finst rare ting å gjera. Men sånn generelt er menneske ulike med tanke på kor eventyrlystne me er, seier Mentzoni.

Rune Mentzoni

MANGE GRUNNAR: Professor i kognitiv psykologi, Rune Mentzoni ved Universitetet i Bergen.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten

Førsteamanuensen trekker fram sommarferie og pandemi som to utslagsgjevande faktorar når folk gjennomfører kreative planar.

– Me hatt ein lang periode bak oss kor mange har hatt avgrensa moglegheit til å gjera ting me har lyst til, noko som kanskje gjer folk ekstra eventyrlystne no som ting har opna litt opp, seier Mentzoni.

– Har det med å gjera at det er sommar og ikkje så mykje anna å ta seg til?

– Det kan nok absolutt vera ein faktor, folk har ferie og fri, og endeleg tid til å gjera sprella dei har pønska på i lang tid.

Nokon har ein større trong enn andre til å utfordra seg sjølv, eller til å gjera spesielle ting få eller ingen andre har gjort.