Hopp til innhold

Difor er Acer-debatten annleis enn andre debattar

Tidlegare olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) sa ja til innmelding i Acer i 2018. Etterpå har han fått skulda for alt som er gale med norsk straumpolitikk.

Terje Søviknes

Tidlegare olje og energiminister Terje Søviknes (Frp) har ikkje vore populær etter Acer-innmeldinga i 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Terje Søviknes (Frp) var olje- og energiminister då Noreg i mars 2018 sa ja til å gå inn i det omstridde Acer-samarbeidet.

Allereie den gongen merka han stor motstand mot Acer. Og så stor var motstanden at PST vart kopla inn.

Skjermdump Søviknes-epost
Foto: Skjermdump

– Det kom eit brev til mi private adresse som var av ein slik karakter at me varsla PST, seier Søviknes.

Han er i dag ordførar i Bjørnafjorden kommune i Vestland.

Hardna til med straumprisane

Tysdag kjem ein dom i Høgsterett som slår fast om det var i strid med Grunnlova å inngå Acer-samarbeidet.

Dommen kan setja punktum for ein årelang rettsleg krangel.

Men om han set punktum for kva Acer har hatt å seia for Noreg er meir tvilsamt.

Søviknes opplevde at det var lite merksemd om Acer i 2019 og 2020, med låge straumprisar.

Men då 2021 kom og straumprisane gjekk rett til vêrs i fleire område, fekk pipa ein annan lyd.

– Då starta ein å kopla Acer til straumprisane. Men det var heller dei to siste utanlandskablane som var årsaka, meiner Søviknes i dag.

«Skulle ha hatt ei kule i hovudet»

Han er klar for å ta ein fagleg diskusjon om Acer kva tid som helst, og meiner han i mange samanhengar er misbrukt av motstandarane.

Mellom anna er ein debatt frå 2018, der Søviknes meiner Acer berre vil føra til ein marginal auke i straumprisen, løfta fram på mange nettsider.

Hvis jeg sier Acer og RME, sider du kanskje: OK, den debatten skal jeg i hvert fall ikke se! Men hva om jeg sier at Norge kan miste kontrollen over vannkraften, og at de skyhøye strømprisene vi har nå kan bli enda høyere? Da må du vel se Debatten?
Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang

Hvis jeg sier Acer og RME, sider du kanskje: OK, den debatten skal jeg i hvert fall ikke se! Men hva om jeg sier at Norge kan miste kontrollen over vannkraften, og at de skyhøye strømprisene vi har nå kan bli enda høyere? Da må du vel se Debatten? Direktesendt debattprogram med programleder Fredrik Solvang

– Setningar er teke ut av samanheng og kontekst, seier han.

Innboksen har også vore fylt opp av meldingar med karakteristikkar som «landssvikar,» og at han burde få «ei kule i hovudet.»

Skjermdump Søviknes, Acer

Her eit utdrag av ei melding som Søviknes har fått.

Foto: Skjermdump

– Det er preg av hat, og er frustrerande. Klimaet gjer at det er vanskeleg å få til ein fagleg diskusjon, seier han.

Kampvotering i forbund

Debatten har også gått høgt i fagrørsla.

landsmøtet til det mektige Fellesforbundet sist veke, med sine 170.000 medlemmer, vedtok eit fleirtal å melda Noreg ut av Acer.

– Dette er eit oppgjer med den marknadsbaserte kraftpolitikken, og ei tydeleg marsjordre til leiinga, sa den røynde fagforeiningsmannen Atle Tranøy til FriFagbevegelse.

Men at Høgsterett skal snu saka til at innmeldinga i Acer var grunnlovsstridig, tvilar han på.

– Det vil vera oppsiktsvekkande, seier han.

Richard Storevik i Fellesforbundet avdeling 5 i Hordaland, med sine 6.000 medlemmer, tilhøyrde eit mindretal på 121 delegatar på landsmøtet som ikkje ville melda Noreg ut.

Dei tapte mot eit solid fleirtal på 351.

– Eg ville avventa dommen, mellom anna, seier Storevik.

Han meiner Acer-debatten går rett inn i folk sin kvardag og deira lommebok.

– Me vil vera herre i vårt eiga hus og ikkje gje frå oss makt. Når me gjer det, vert Ola Nordmann forbanna, seier Storevik.

Richard Storevik, Fellesforbundet

Richard Storevik er leiar for over 6.000 medlemmer i Fellesforbundet i Vestland. Han røysta ikkje for å melda Noreg ut av Acer no.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Vekkjer sterke kjensler

Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa ved Universitetet i Bergen meiner debatten om Acer-samarbeidet har vore usakleg.

Manglande kunnskap, og kopling mellom Acer, utanlandskablar og høge straumprisar, er mellom dei årsakene ho dreg fram.

Delar av Acer-debatten er knytt opp mot dagens prissetjing på straum, som mange ikkje heilt forstår. Det gjeld også ein del politikarar. Dermed får ein lansert enkle løysingar som politisk styrt makspris, seier ho.

Ho nemnar også at sjølvråderetten og kva kopling ein skal ha mot EU er noko som set i gang sterke kjensler hos nordmenn.

For det er ikkje berre politikarar som får gjennom gå i Acer-saka.

Klagestorm mot NRK

NRK fekk rekordmange klager til Kringkastingsrådet for manglande dekning av Acer-saka i Høgsterett.

– Når det kjem 6.500 klager er det noko som rører seg i befolkninga, som me må vera merksame på, sa rådsmedlem Jan Bøhler til Kampanje.

Hør folkets representanter drøfte NRKs programmer og diskutere klager.

Hør folkets representanter drøfte NRKs programmer og diskutere klager.

Politisk kommentator Tone Sofie Aglen i NRK meiner debatten om kraftpolitikk og straumprisar er polarisert og vekkjer sterke kjensler.

– Det er få saker der eg får så mange tilbakemeldingar som når eg skriv om energi. Og det manglar ikkje på at det eg skriv vert idiotforklart, seier ho.

Spesielt prioriteringa nasjonal/global er noko som har vorte viktigare og viktigare i både norsk og internasjonal politikk.

– Nasjonal kontroll er ein viktig ideologisk sak for mange, og kraftpolitikken er eit slik døme. Samstundes meiner motparten at internasjonalt samarbeid og EU har vore ein fordel for å få fortgang på klimapolitikk og grøn omstilling, seier ho.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.