I helga fekk Carl I. Hagen med seg landsmøtet til Framstegspartiet på eit forslag om å bruke 100 milliardar av overskotet til oljefondet på å stenge alle bomstasjonar i Noreg.
Partileiar Siv Jensen kunne også avsløre at regjeringa vil bruke 200 millionar på å rive bomstasjonar berre i år. Ifølgje Jensen skal rivinga starte med ein gong Stortinget har vedteke revidert nasjonalbudsjett 14. mai.
– Fleire bommar skal bort og folk skal betale mindre, lova finansministeren.
Fleire ekspertar åtvarar mot konsekvensane.
Rammar pensjonistar
Om ein tar store summar frå oljefondet for å fjerne bompengar, vil det gå ut over blant andre pensjonistar i åra som kjem, seier Ola Grytten som er professor ved Norges Handelshøyskole.
– Ein tar med andre ord pengar frå framtidige generasjonar og gir til dei som køyrer bil i dag.
Grytten viser også til at for å bruke 100 milliardar på å fjerne bomstasjonar, må ein bryte handlingsregelen for bruk av oljepengar som Stortinget har blitt samd om.
– Det skaper eit press i økonomien om ein bruker alt for mykje pengar. Det vil føre til at både prisane og renta vil stige. Så gevinsten ein får ved å sleppe å betale bompengar, vil forsvinne i høgare rente.
Bilistar kan spare 13 milliardar
Med Frp i regjering har talet på bomstasjonar auka frå 170 i 2013 til 245 i november 2018, ifølgje tal VG har henta inn.
I fjor kravde staten inn 11 milliardar kroner i bompengar. Blir alle bomstasjonane fjerna, ville det i år ha spart bilistane for rundt 13 milliardar kroner, ifølgje Transportøkonomisk Institutt (TØI).
Men fjerning av bomstasjonar vil truleg føre til meir bilkøyring, som igjen vil gje meir kø, seier Kjell Werner Johansen, assisterande direktør ved TØI.
– For byområda med bompengar kan ein frå tidlegare erfaring anslå at trafikken fort kan auke med 10-15 prosent.
Han trur kostnadene ved meir kø kan bli betydelege, særleg for næringslivet.
Vil bruke skattesetelen
Frp-forslaget kjem samstundes som motstanden mot bompengar aukar.
Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) ligg an til å få reell makt fleire stader etter kommunevalet. I Bergen syner dei siste målingane at folkeaksjonen er nest største parti med 20,6 prosent oppslutning.
Dei går ikkje inn for å fjerne alle bomstasjonane i Bergen, men vil ha kostnadsnivået for bilistane ned.
– Vi ynskjer bompengar som er på eit nivå der folk kan halde fram med å leve liva sine utan så store månadlege utgifter at det går ut over vanlege familiar sin økonomi, seier toppkandidat Trym Aafløy.
– Vil de bruke oljepengar på å fjerne bomstasjonar, slik Frp føreslår?
– Det må vi overlate til Stortinget å bestemme. Det vil krevje at ein endrar handlingsregelen, og min jobb er ikkje å forsvare landsmøtevedtaka til Frp, seier Aafløy.
Han meiner det er meir rettferdig å finansiere både vegutbygging og kollektivsatsingar over skattesetelen.
Les også: