Hopp til innhold

Desperate turistar braut seg inn på toalett

Restauranten ytst i landet er drit lei av at dei ikkje får betalt for do-trengande gjestar. Førre veke tok cruiseturistar seg til rette.

Toalett

Turistar tok seg til rette ved Vestkapp Restaurant denne veka.

Foto: Kristina Leknesund Myrseth

Sist onsdag var ein av dei heftigaste cruisedagane på Nordvestlandet med meir enn 10.000 besøkande.

Dermed gjekk det rundt 16 fulle turistbussar til Stadlandet, utan å gjere avtale med den vesle restauranten ute på Vestkapp.

Det fekk dagleg leiar, Kristina Leknesund Myrseth, til å legge ut eit frustrert innlegg på Facebook.

«Om so er det 1.000 menneske. Som skal på do. Gratis. Med 10 minutt til rådigheit. Er ikkje sånn ekstremt interessert i å vaske opp etter det.»

Kristina Leknesund Myrseth, Vestkapp restaurant

KLAR BESKJED: Kristina Leknesund Myrseth meiner både kommunen og operatørar bør ta ein større del av toalettutgiftene på Vestkapp.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I 2019 sette kommunen opp tre provisoriske toalett på utsida av restauranten. Men ifølge Myrseth må restauranten stå for alle kostnadane. I sommar anslår ho utgiftene til rundt 80.000 kroner.

Det må vaskast fleire gongar om dagen for å halde det reint. I tillegg kjem tømming av tank, toalettpapir, såpe og avfallshandtering.

Ho har fleire gongar forsøkt å få Stad kommune til å ta ein større del av kostnadane, men utan å lukkast.

Turistrekord i Måløy

Onsdag kom meir enn 10.000 cruiseturistar, berre til Måløy.

Foto: Fredrik Johan Helland

Stengde toaletta

Onsdag valde restauranten å halde toaletta stengde til bussane hadde køyrd tilbake på ettermiddagen. Restauranten frykta trafikkaos og at det skulle oppstå farlege situasjonar for andre gjestar som ville køyre opp.

Då tok fleire seg til rette.

– Dei braut seg inn på utedoen, rett og slett. Knekte av døra og brukte toalettet, seier Myrseth.

Toalett

Ein av dørene vart brotne opp onsdag av do-trengande turistar.

Foto: Kristina Leknesund Myrseth

Ho vil ikkje klandre turistane, men seier problemet ligg hos kommunen og reiseoperatørar som ikkje vil betale.

– Sånn som det er no så har eg berre lyst til å bli kvitt toaletta.

Problemet er særleg stort med cruisebussane som kjem opp, som også har dårleg tid. Det er snakk om ein halvtime pause, der «alle» skal rekke å ta bilete og gå på do.

Då ser det ikkje alltid pent ut.

– Iblant er det skit opp langs veggane, seier ho.

Toalett

Vestkapp Restaurant seier det enkelte gongar er «skit oppover veggane» når presset frå cruiseturistane er som størst.

Foto: Kristina Leknesund Myrseth

Problemstillinga har vore ein «gjengangar» i sommar-Noreg, der fleire har teke til orde for turistskatt for å finansiere betre toalettfasilitetar og søppelrydding.

Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe og sagt at dei vil ha på plass ei ordning i løpet av året.

Kommunen vil bidra

Ordførar i Stad kommune, Gunnar Silden (V), forstår frustrasjonen til dei som driv restauranten på Vestkapp.

Han seier avtalen som vart inngått i 2019 er tydeleg: Kommunen skulle stå for innkjøp av toalett, og restauranten skulle stå for drift.

– Mengda av turistar har dei siste åra forandra seg totalt. Då må vi sjå på avtalen og kanskje revidere.

Han anbefaler eigarane å sende inn ein ny søknad til kommunen.

Gunnar Silden

Ordførar i Stad, Gunnar Silden (V), er open for å ta ein større del av utgiftene på Vestkapp.

Foto: Jon Frogner

– Trist at toaletta vart stengde

Dagleg leiar i Måløy Adventure, Frank Willy Djuvik, tek avstand frå at turistar braut opp toaletta, men meiner situasjonen kunne vore handtert betre.

– Det kjem hundrevis av menneske på ein slik dag. Det er garantert at nokon må på do.

Toalett 4

Fleire av turistane på Vestkapp måtte på do. Enkelte braut seg inn og tok seg til rette.

Foto: Kristina Leknesund Myrseth

Reint prinsipielt meiner han at både kommunen og operatørar har ansvar for å bidra til å drifte toaletta, og at kostnaden for å inngå ein avtale med restauranten på Vestkapp er betydeleg høgre enn andre stadar.

– Som eit lite, lokalt selskap har vi ikkje moglegheit til å tape så mykje pengar. Vi har forsøkt å få til ein liknande avtale som vi har andre stadar, men det har vi ikkje lukkast med.

Les også Plukket 40 liter menneskebæsj i Lofoten: – Man blir litt kvalm

Reiselivssjef i Destination Lofoten, Line Renate Samuelsen, var med på å samle inn rundt 30 til 40 liter bæsj.

Vestkapp Restaurant svarar at dei inngår avtalar for å dekke faktiske kostnader og at prisnivået ikkje er høgare enn andre stadar.

Myrseth seier restauranten har avtalar med andre operatørar som «bookar plass, betalar for seg, respekterer våre avgrensingar på kapasitet både i restaurant, parkering og vegen opp».

– Dei kan ikkje forvente å nytte våre fasilitetar gratis sjølv om dei meiner prisen er for høg. Då får dei parkere og gå på do ein annan stad.

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik meiner det er synd at toaletta vart haldne stengde på ein dag der behovet var størst.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak