Hopp til innhold

Den varmaste vinteren på 120 år kan gi utfordringar for bringebæra

Årets vinter har vore heile 4,5 grader varmare enn normalt. No fryktar bærprodusent at sopp og kalde marsnetter skal øydeleggje for sommarfrukta.

Bringebær

UTFORDRINGAR: Spesielt bringebærplanten kan vere utsett etter den milde og våte vinteren.

Foto: Julie Renée Buene / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vintermånadane har vore både milde og våte over det ganske land.

Alle regionar, utanom Nord-Noreg, registrerte rekord for varmaste vintersesong:

  • Austlandet: 5,7 grader over normalen. Førre rekord, 5,2 grader over normalen, var i 1988/89.
  • Agder: 5,1 grader over normalen. Førre rekord, 5,0 grader over normalen, var i 1988/89.
  • Vestlandet: 3,9 grader over normalen. Førre rekord, 3,6 grader over normalen, var i 1988/89.
  • Trøndelag: 4,8 grader over normalen. Førre rekord, 4,5 grader over normalen, var i 1988/89.

Perioden frå desember til mars var også den nest våtaste sidan Meteorologisk institutt starta målingane i 1900.

Det har dei merka godt ved det nasjonale foredlingssenteret for norske frukt- og bærsortar på Leikanger ved Sognefjorden.

Allereie seint i januar byrja knoppskjelet å sprette på dei tidlegaste plommesortane, medan blomsterknoppane på pæresortar og bringebærknoppane vaks fort.

– Det kan bli problematisk for bringebæra. Når dei er komne så langt som no, så får dei lett frostskadar. Det betyr at mars-månad blir meir kritisk enn tidlegare, seier dagleg leiar ved Njøs frukt- og bærsenter, Stein Harald Hjeltnes.

Fryktar nattefrosten i mars

Han spent på kva våren fører med seg av vêr og vind. Mest spent er han altså på vegner av bringebærbøndene.

Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar Njøs frukt og bærsenter

SPENT: Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar ved Njøs frukt og bærsenter på Leikanger er spent på våren.

Foto: Njøs frukt og bærsenter

– Den milde vinteren kan vere både positiv og negativ. Det kjem an på våren, for frost kan gjere stor skade på enkeltplantar, spesielt langt vekke frå fjordane, seier Hjeltnes.

Han skildrar vinteren som ei «transportetappe» i planteverda, der knoppane ligg i djup kvile gjennom desember og første halvdel av januar.

Så mild som vinteren har vore til no, gjer at plantane har utvikla seg raskare enn vanleg. Det treng ikkje bety rekordtidlege avlingar. Ein hard frost kan gjere stor skade på bringebærplantene.

– Mars-månad er vanlegvis ein kritisk månad med varme solrike dagar og klare kalde netter. I verste fall kan knoppen daude, spesielt langt vekke frå fjordane, seier Hjeltnes.

Aluminiumsverket Sunndalsøra

VARMAST: 19 grader på Sunndalsøra 2. januar er ny januarrekord og den høgaste maksimumstemperaturen som er målt i vinter. Lågaste minimumstemperatur, – 38,6 grader, vart målt i Couvddatmohkki i Karasjok 28. januar.

Foto: Norsk Hydro

Fryktar sopp

Vintermånadane har også vore våte. I sin heilskap 70 prosent våtare enn normalperioden 1961-1990-normalen. Fleire stasjonar i Vestland, Innlandet og Troms og Finnmark målte frå 250 til over 300 prosent av normalen.

Høgaste døgnnedbør var 155,2 millimeter på Samnanger II (Vestland) 30. desember.

Mildt vêr gir også gode vekstvilkår for ein stor trussel for bærbøndene – soppsjukdomar. Utfordringar er at marka også kan vere for våt til å la tunge maskiner gjere noko med det.

– For å ha god kontroll resten av sesongen, så må ein vere tidleg ute med plantevern. Sprøyter ein for seint, så er ein på hælane med det same, seier Hjeltnes.

Ytterøyane fyr i Flora

VARMAST: Ytterøyane fyr i Kinn kommune sette rekord for høgaste snittemperatur i ein vintersesong med seks grader. Svinøy i Møre og Romsdal hadde den gamle rekorden med 5,7 grader i 2013/2014.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Kan bli som normalt

– Om det ikkje blir for mykje frost, og ein får gjort naudsynte planteverntiltak, så treng ikkje ein mild og våt vinter bety særskilt for bær og frukter, legg Hjeltnes til.

For naturen har ei eiga evne til å ordne opp slik at sesongen kan ende som normalt.

Eit godt døme er plommeknoppane som i år byrja å sprette to månadar tidlegare enn i fjor.

– Når knoppen er så lite ute, så skal det ikkje så mykje til for å forseinke utviklinga. Siste vekene har det nesten ikkje skjedd noko, seier Hjeltnes.