Hopp til innhold

Dace attende i Florø etter fengselsopphaldet i Latvia

Endeleg kunne dei sleppe jubelen laus. Dace Taurina er attende på norsk jord etter 10 månadar i latvisk fengsel.

– Dei siste dagane har vore heilt utrulege. At eg endeleg har fått kom heim til dei kjære venene mine, til katten min og til alle dei som har støtta meg heile vegen, seier ei overlukkeleg Dace Taurina på flyplassen i Florø i ettermiddag.

Lokalsamfunnet i Florø slo ring om kvinna då ho i januar vart utlevert til Latvia for å sone eit 15 år gamalt lovbrot.

I 2008 vart ho teken med 8.7 gram metamfetamin i Latvia, noko som ifølge advokaten til Dace mest truleg hadde resultert i ei bot i Noreg. I Latvia vart det 18 månader i fengsel.

Sidan ho hadde budd i Noreg dei siste 15 år var ho ikkje klar over arrestordren før ho gjekk på ambassaden for å skaffe seg nytt på pass.

Då rasa verda saman

I Noreg hadde Dace klart å verte stoffri og skape seg ei nytt liv. Men med utlevering til Latvia for soning av den gamle dommen frykta ho det verste.

For i 2019 fekk ho også påvist lymfekreft, som ho no var friskmeld for. Men 42-åringen har behov for livslang medisinsk behandling for det svekka immunforsvaret sitt. I tillegg går ho også på LAR-medisin mot opioidavhengigheit.

Dace frykta at ho ikkje skulle få behandlinga ho trong i fengselet i Latvia og ynskte å sone i Noreg, noko ho ikkje fekk.

Attende i Noreg seier ho at ho vurderer å ettergå behandlinga ho fekk medan ho sat i fengsel.

– Det har eigentleg ikkje gått så bra fordi eg måtte stoppe med den viktigaste medisinen min i 10 månadar. Eg håpar at helsa mi ikkje har blitt dårlegare av at eg ikkje har fått medisinar, og at eg no kan fortsette med behandlinga mi her i Florø.

Dace Taurina kjem til Florø.

Hjartevarmt gjensyn med vener og støttespelarar i Florø

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Søkte om å bli benåda

I august i år søkte Taurina sjølv til presidenten i Latvia om nåde. Søknaden gjekk i posten på fødselsdagen til dottera. Nesten på dagen tre månadar etter blei ho benåda.

– Eg hadde eigentleg ikkje trudd at eg skulle få eit slikt svar frå presidenten, sidan eg ikkje kjenner politikarar i Latvia og heller ikkje har vore der på 15 år.

Mange støttespelarar

I den nye heimbyen Florø har det ikkje mangla på støttespelarar etter at det vart kjent at ho måtte attende til Latvia for å sone den gamle domen.

Ei av dei, Lene Grønsberg, stod klar på flyplassen då flyet med Dace Taurina landa onsdag ettermiddag.

– Eg har fått ei ny forståing for omgrepet overtenning, for det fekk eg verkeleg kjenne på i går då eg fekk nyheita, seier Grønsberg.

Måndag var ho i samtale med ein del av helsepersonellet til Dace. Dei syntest det var rart at dei ikkje hadde høyrt noko sidan to tredeler av straffa var ferdig sona.

– Så går det eit par timar, og så ser eg på Facebook rett før eg skal legge meg at ho var komen ut. Då ringde eg med ein gong for å få ballen til å rulle og florøfolk har samla inn pengar til flybillett, seier Grønsberg.

Dace Taurina kjem til Florø.

Møtt av vener

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

No startar livet igjen

For Dace Taurina har det nesten ikkje få sokke inn kva som har skjedd denne veka. Måndag fekk ho beskjeden om at ho var benåda, og allereie onsdag er ho attende i Florø.

– No vil eg berre heim, slappe av og ta det roleg. Helse på katten min og i morgon er det ein ny dag.

No ser ho fram til å byrje å trene igjen og ikkje minst byrje i jobb igjen. Ho er svært glad for all støtta ho har fått frå den nye heimbyen sin.

– Det vert heilt fantastisk. Eg kan ikkje seie med ord kor glad eg er og kor godt det er å vite at heile Florø har støtta meg heile vegen. Det er eg svært takksam for.