Hopp til innhold

EU-politikar var russisk agent

73 år gamle Tatjana Ždanoka har vore medlem av Europaparlamentet sidan 2004. I same periode har ho vore agent for Russland.

Tatjana Ždanoka

EU-MEDLEM: Tatjana Ždanoka har lang fartstid i Europaparlamentet. Her frå hennar fyrste år i 2004.

Foto: THIERRY MONASSE / AFP

Det skriv den svenske avisa Expressen.

I samarbeid med den russiske avisa The Insider, latviske Re: Baltica og Delfi i Estland har dei avslørt at ho har vore agent for den russiske tryggingstenesta FSB i 20 år.

Tatjana Ždanoka

Tatjana Ždanoka hevdar ho ikkje visste at det var FSB ho ar i kontakt med.

Foto: Wikipedia

E-postar viser at ho har hatt kontaktar i FSB. Ho har vidaresendt interne diskusjonar og planar i EU til kontaktane.

Fleire gonger har ho også arrangert møte med desse.

Expressen har skjermbilde av fleire e-postane. Blant anna ein e-post frå 2006 der Ždanoka planlegg å møta ein i FSB på ein togstasjon i Brussel.

Seier at ho ikkje visste dei var frå FSB

Tatjana Ždanoka innrømmer at e-postane er ekte. Likevel hevdar ho at ho ikkje visste at det var FSB ho var i kontakt med.

– Eg kan stadfesta at dei einaste personane eg har sete ved same bord meg, og har hatt kunnskap om er eller var russiske FSB-offiserar, er Vladimir Putin og Sergej Narysjkin, skriv ho.

Tatjana Ždanoka ha hatt ein plass her, i Europaparlamentet i Strasbourg sidan 2004.

Tatjana Ždanoka ha hatt ein plass her, i Europaparlamentet i Strasbourg sidan 2004.

Foto: FREDERICK FLORIN / AFP

Kontakten ho hadde i FSB omtalar ho som ein ven. Ho skal ha blitt kjent med han då ho studerte på starten av 70-talet. Då var Latvia framleis ein del av Sovjetunionen.

Det er ikkje mogleg å ta hendingane før 2016 til retten. Dette fordi Latvia fram til 2016 mangla lover kring dette.

Likevel er det tydeleg at den latviske tryggingstenesta VDD har hatt 73-åringen i kikerten, skriv Expressen.

– Ždanokas status som medlem av Europaparlamentet var ein viktig faktor som bidrog til hennar aktivitetar til støtte for Russlands geopolitiske interesser, skriv den latviske tryggingstenesta.

Les også Den ulykkelige spionen

Illustrasjonen viser Gunvor Galtung Haavik og den russiske agenten Aleksandr Printsipalov.

Russland-venn

Ždanoka har vore medlem av Europaparlamentet sidan 2004. Her sit ho framleis.

Sidan 2007 har ho vore president for EUs russisktalande allianse. Det viser CV-en hennar som ligg på Europaparlamentet sine eigne sider.

Tatjana Ždanoka.

Ždanoka har vore medlem av Europaparlamentet sidan 2004. Her sit ho framleis.

Foto: European union

Ifølgje Expressen har ho allereie gjort seg kjent for si opne og klare støtte til Russland.

Ho har blant anna spreia propaganda knytt til påståtte brot på rettane til russarar i dei baltiske landa. Ho har også tatt til orde for Kreml-venleg politikk.

I tillegg har ho nekta å fordømma Russlands invasjon av Ukraina.

Den svenske politikaren Alice Bah Kuhnke har sete i same gruppe som henne. Då ho ikkje ville fordømma Russlands angrepskrig, kasta dei ho ut av gruppa.

Alice Bah Kuhnke

Alice Bah Kuhnke seier ho ikkje er overraska over avsløringane.

Foto: Emil Langvad/TT / NTB

Kuhn seier til Expressen at ho ikkje er overraska over avsløringane.

– Eg veit korleis Russland og Putin sine agentar fungerer. Dei har nettverk overalt, seier Kuhnke.

– Ho er ein trussel mot det EU skal kjempa for, legg ho til.

SISTE NYTT

Siste nytt