Hopp til innhold

Her blir Dace sendt til Latvia, der ho fryktar å miste livet

Fredag vart Dace Taurina utlevert til Latvia for å sone fengselsstraffa i ei 15 år gamal sak. Utan helsehjelpa ho får i Noreg i dag, fryktar 42-åringen døden.

– Eg er i sjokk. Eg håpar det berre er ein draum og at eg vaknar i morgon og at alt berre var tull, seier Dace Taurina.

Tårene trillar når ho fortel om livet ho har bygd seg opp i Florø.

Eit godt, trygt og rusfritt liv med jobb, mange gode vener og ei aktiv fritid. Her er ho langt unna heimlandet der ho budde på gata og rusa seg.

No blir det gode livet lagt i grus.

Fryktar ho vil døy

Fredag vart Taurina sendt til Latvia for å sone i fengsel.

Her må ho sone 18 månader for narkotikalovbrot ho gjorde for 15 år sidan. Då vart ho teken med 8,7 gram metamfetamin.

– Det ville mest truleg resultert i ei bot i Noreg, seier Bente Hermansen, advokaten til kvinna.

Problema starta då ho oppsøkte ambassaden i Oslo for å skaffe seg pass, noko ho ikkje har hatt på 15 år, skriv Firdaposten.

Sidan ho hadde vore i Noreg, hadde ho ikkje blitt gjort kjent med arrestordren frå heimlandet.

Taurina seier at ho vil ta straffa si, men fryktar at å sone den i heimlandet vil ende med katastrofe.

– Då får eg ikkje den livsnødvendige behandlinga som eg går på dagleg. Får eg ikkje det, døyr eg, seier ho.

I 2019 fekk ho lymfekreft, som ho no er friskmeld for. Men 42-åringen har behov for livslang medisinsk behandling for det svekkja immunforsvaret sitt.

Madelen Øvrebotten Hopen(t.v) Dace Taurina, Anja Grøndal

På treningssenteret Spenst i Florø har Taurina funne seg ein jobb og ein stor lidenskap i trening. Ho skal snart ta kurs for å bli personleg trenar. Madelen Øvrebotten Hopen (til venstre) og Anja Grøndal jobbar på senteret og slår ring rundt 42-åringen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei neste fire åra må ho gå på medisinar som skal hindre at kreften kjem tilbake. I tillegg går ho på LAR-medisin mot opioidavhengigheit.

Ein gong i månaden må ho til sjukehuset for behandling.

– All medisin er særs dyr. Helsehjelp og medisinar vil ho ikkje få tilgang til i fengsel, fortel Hermansen.

Advokat: – Ei ekstraordinær sak

Etter ei tilsvarande runde i rettssystemet vedtok Justis- og beredskapsdepartementet i 2014 at Dace ikkje skulle utleverast av humanitære omsyn.

Hermansen har vanskar med å forstå at Taurina blir sendt ut av landet no.

– Ho står i fare for å døy om ho ikkje får dei nødvendige medisinane som ho treng, seier Hermansen.

Dei har klaga på utleveringa i domstolsapparatet og meiner at «humanitære omsyn» bør vege tungt.

Dei har også bede om at Taurina kan få sone straffa si i Noreg, eller sone i Latvia når ho blir friskare.

Men dei har fått avslag på alt, også hos Statsadvokaten og Riksadvokaten.

Bente Hermansen

Bente Hermansen meiner Riksadvokaten burde avslått arrestordren som kom frå Latvia i fjor haust.

Foto: Steinar Lote / NRK

Taurina får ikkje sone straffa i Noreg sidan ho ikkje har permanent opphaldsløyve.

Riksadvokaten skriv at dei difor ikkje vil vurdere om 42-åringen kan sone i Noreg.

– Dette er ei ganske spesiell og ekstraordinær sak. Dace har greidd å få ei solskinshistorie ut av livet sitt, og no skal det bli snudd til det verst tenkelege, seier advokat Hermansen.

– Det er ei skam

Florø har slått ring om Taurina etter at det blei kjent at ho skulle utleverast.

– Det her er rett og slett hjarteskjerande, seier Arlene Vågene, gruppeleiar i Kinn høgre.

Vennar og kjente samlar inn pengar som Taurina kan bruke på advokathjelp i heimlandet. Håpet er at ho får langt mildare dom.

– Det er ei skam at dette skjer. Eg finn nesten ikkje ord. Hjartet mitt er knust.

Tårene trillar når venninna Viviann Arntsen fortel om kor viktig Taurina er for dei. Ho har blitt som ei veslesøster. Smilande og hjelpsam mot alle.

 Dace Jasmin Taurina(t.h) saman med venninna Viviann Arntsen

Dace Taurina (til høgre) saman med venninna Viviann Arntsen, som har blitt ein god venn.

Foto: håvard heggen / nrk

– Ho er ei av oss. Ho har lagt det gamle livet bak seg, og no må vi gi henne det livet ho fortener, seier Arntsen.