Hopp til innhold

Då Ruben opna døra, velta det svart røyk ut av batterirommet

HALSNØY (NRK): Det lokale brannvesenet hadde ikkje utstyret dei trong for å sløkkje den første brannen i eit ferjebatteri i Noreg. Bergen brannvesen vil no be om midlar for å lære meir om batteribrannar.

Brannsjef Atle Josdal røykdykkar Ruben Medhus Sydnes ferjekai 2

ATTENDE: Brannsjef Atle Josdal (til v.) og røykdykkar Ruben Medhus er attende på Sydnes ferjekai. No er det erstatningsferja MF «Sveio» som ligg til kai.

Foto: Christian Lura / NRK

Tilbake på åstaden på Halsnøy i Kvinnherad i Hordaland står dei lokale brannmennene, ei veke etter brannen. For første gong fortel dei om kva som møtte dei på MF «Ytterøyningen», 10. oktober.

– Vi kom først til eit heilt fint rom utan synleg røyk. Men då vi opna ei dør, var det heilt svart. Nesten som å lukke auga, seier røykdykkar Ruben Medhus.

Brannvesenet melde først at dei hadde kontroll på brannen klokka 21.00 torsdag. Men utan kjemikaliedykkarar, kunne dei ikkje sløkkje han heilt. Kjemikaliedykkarar kom med brannbåt frå Bergen klokka 23.

Men faren var ikkje over.

På morgonen smal det i ferja. Fleire billykter knuste. Brannbilen som stod ved ferjelemmen rista.

– Vi forventa ikkje at det skulle eksplodere. Der blei vi tatt på senga, seier Atle Josdal, brannsjef i Kvinnherad brannvesen.

Kjemikaliedykkere fra Bergen brannvesen tar seg inn i MF «Ytterøyningen» natt til 11. oktober ved Sydnes fergekai på Halsnøy i Kvinnherad.

BRANNDRAMA: Kjemikaliedykkarar frå Bergen brannvesen tar seg inn i MF «Ytterøyningen» natt til 11. oktober ved Sydnes ferjekai på Halsnøy i Kvinnherad. FOTO: Bergen brannvesen

Dødeleg gass

Brannen på MF «Ytterøyningen» er den første i ei hybridferje i Noreg.

Innan 2030 skal alle norske ferjer har batteri om bord.

Det lokale brannvesenet hadde verken erfaring eller utstyr til å handtere ein slik brann.

Ut sivde ein farleg gass – flussyre – fortel Leif Linde, brannsjef i Bergen. Brannvesenet han leiar er saman med brannvesenet i Oslo dei einaste som har nasjonal beredskap for kjemikaliehendingar til sjøs, på oppdrag for Kystverket.

Brannsjef i Bergen brannvesen Leif Linde (Fotografert 04.03.2019)

BRANNSJEF: Brannsjef i Bergen, Leif Linde, seier at det er utfordrande å sløkkje slike brannar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Dette er veldig spesielle type brannar, og det er utfordrande nok for eit stort korps som oss. Det er ikkje unaturleg at det lokale brannvesenet ikkje har god kjennskap, seier Linde.

– Når det er flussyre er det ekstremt viktig at ein brukar kjemikaliedrakter. Gassen går igjennom ein vanleg branndrakt, og det kan vere dødeleg dersom ein får det på seg. Det skal veldig lite til.

Vasker masker på Kvinnherad brannstasjon

VASKAR: Maskar og anna utstyr må vaskast grundig etter ein slik aksjon.

Foto: Therese Pisani / NRK

Vil be om midlar

Han rosar brannvesenet i Kvinnherad for innsatsen dei gjorde. Denne gongen gjekk ikkje liv tapt, men tolv brannfolk blei sende til sjukehus, i frykt for at dei var eksponert for gassen.

Med fleire el-ferjer blir det fleire brannar, trur Linde. Han følgjer med på etterforskinga av brannen.

Torsdag gjekk etterforskarar frå Kripos om bord i ferja, som no ligg til kai Ølensvåg.

– Slike brannar vil vi nok sjå fleire og fleire av, seier brannsjefen.

Sjølv om brannvesenet i Bergen har kompetanse på kjemikaliar, vil han no søke om pengar for å lære meir om sløkking av brannar i batteri.

– Dette er eit satsingsområde for oss. Vi har ikkje så mykje pengar, og håpar å søkje midlar. Vi kan få inn miljø som kan forske nærmare på korleis slike brannar utviklar seg og blir handtert. Det må vi innrømme at det ikkje er så mykje kompetanse på verken i Noreg eller i Nord-Europa for den del, seier Linde.

Røykdykkarar i innsats på MF Ytterøyningen

BRANN OG EKSPLOSJON: Det byrja å brenne i MF Ytterøyningen i Sunnhordland førre veke.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen