Sende kjemikaliedykkarar inn i ferja etter eksplosjon

15 personar var om bord då det torsdag braut ut brann i batterirommet på MF «Ytterøyningen». Etter nye eksplosjonar fredag morgon, blir det vakthald utover kvelden og natta.

Kjemikaliedykkarar på MF Ytterøyningen

EKSPLOSJON: Politi og meir brannvesen måtte rykka ut til Sydnes ferjekai fredag morgon, då det vart meld om eksplosjonar. Fredag ettermiddag kom også kjemikaliedykkarar til staden.

Foto: Jonn Karl Sætre/Bergen brannvesen

Den første meldinga kom inn til politi og brann like etter klokka 18.40 torsdag. Det var snakk om eit branntilløp i batterirommet på ferja MF «Ytterøyningen».

– Brannalarmen gjekk eit par hundre meter før anløp på Sydnes ferjekai. Det var røykutvikling i eit batterirom, fortalde Inge Andre Utåker, regionssjef i Norled.

MF «Ytterøyningen» er ombygd til å gå på batteri. Ferja går i trafikk mellom Fjelberg, Sydnes på Halsnøy, Utbjoa og Skjersholmane på Stord.

Eksplosjon

I utgangspunktet hadde ein kontroll på brannen klokka 21.00 torsdag. Men i morgontimane fredag måtte naudetatane rykke ut på nytt etter at det blei meldt om eksplosjon og røyk frå ferja.

– Vi hadde tre brannmenn på vakt her i natt, som overvaka situasjonen. Det verka stille og roleg heile natta, men så, i 07-tida, kom ein kraftig eksplosjon nesten ut av ingenting på eine sida av ferja inn mot skogen. Sannsynlegvis kom eksplosjonen frå batterirommet, fortel Kvinnherad-brannsjef Atle Josdal til Kvinnheringen.

Då politiet kom til staden, skal det ikkje ha vore fleire smell eller gjort observasjon av flammar. Vaktkommandør ved 110-sentralen, Jan Ove Haga, seier dei har kontroll på situasjonen.

Politiet oppretta ei sikkerheitssone på 300 meter. Det er også henta inn ekspertar på kjemikaliar frå Bergen, samt ei drone, som skal vurdere situasjonen nærmare.

Det braut ut brann i batterirommet på MF «Ytterøyningen»

RØYKUTVIKLING: Brannvesenet ii innsats på Sydnes ferjekai, der det oppstod brann i batterirommet på MF «Ytterøyningen».

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Fann meir gass i batterirommet

Fredag ettermiddag fortel regionsjefen i Norled at det vart målt høge gassverdiar inne i batterirommet der det har vore brann.

– På grunn av gassen måtte dei komme seg raskt ut igjen. Vi veit ikkje no om det er fare for nye eksplosjonar eller brannar på ferja, seier Inge Andre Utåker til NRK klokka 15.20.

Det vart henta inn vifter som skal lufte ut gassen frå rommet, slik at kjemikaliedykkarar seinare kunne gå ned igjen for å gjere ei skikkeleg vurdering av eksplosjonsfaren.

Klokka 17.00 fortel 110-sentralen at dette arbeidet no er gjort. Om det kan oppstå ny brann er framleis uavklart.

- Ein skal aldri seie aldri når det gjeld batteri. Men vurderinga no er at brannvesenet pakkar saman utstyret og reiser frå kaia. Eigarane av ferja passar på den til i morgon. Då vil den bli frakta vekk for reparasjon, seier vaktkommandør Jan Ove Haga til NRK ved 110-sentralen.

Uskadde

Torsdag blei det først meldt at det var tre personar om bord i ferja, men det viste seg at det var tre frå mannskapet og inntil 12 passasjerar. Ferja la til land på vanleg måte.

Alle kom seg uskadd på land. To av dei tilsette på ferje pusta inn røyk og fekk sjekk av legevakt.

Mannskap frå både hovudbrannstasjonen og Halsnøy brannstasjon rykka ut. Årsaka til brannen er ikkje kjent. Norled kontakta produsenten av litiumbatteria for å få råd til sløkkingsarbeidet.